Janne – The Bachelorette

Janne!
På laurdag møtte me opp i Villa Bugten, ein perfekt villa på Bygdøy som me hadde leigd i anledning Janne sitt utdrikningslag. Janne og Jørgen giftar seg i sommar (ein månad før termin, wooh!) og det gler eg meg så sjukt mykje til.  Det er jo ingenting som er finare enn når bra folk giftar seg med kvarandre! Her over er forresten bruda i sitt naturlige habitat: Derby-drakt, Bowie-sminke og poesiskriving in progress.

Skjermbilde 2016-05-02 kl. 12.08.43
Huset var berre heilt sjukt sjukt fint, Fredrik la ut dette bildet på instagram. Tenk å leiga det ei veke om sommaren og ha båt og grilla alle måltid og henga ei stor huske i det treet.

Janne!Janne!Janne!
Me hadde laga masse mat og kaker dagen før, og gjorde alt klart til ho skulle komma. Jostein tråkka på rekene og dei andre hang opp vimplar.

Janne!Janne!Janne!
Janne hadde egentlig ein ståande avtale med Fredrik, Sara og meg for søndag, me skulle ta bilder til derby-katalogen hennar. Istadenfor gjorde me det laurdag kveld, Sara tok seriøse bilder med blitz der Janne såg akkurat så skummel ut som ein skal i derby, også tok eg desse meir kontrastfylte og romantiske.

Janne!
Alle ville sitta i den store glasverandaen og sjå tankefulle ut.

Janne!Janne!
Og Frøy er som vanlig ikkje den som gir ifra seg plassen framfor kameraet.

Janne!
Andre (meg) var den gravide havfrua som fekk ta seg ein lur undervegs. Mykje anna skjedde såklart, me åt fantastisk god mat, sang Mellom Bakkar og Berg, leikte gøymsel (Jostein og eg fekk vera dei edrue som passa på at reglane vart fulgte), Janne vart quizza og eg holdt ut heilt til klokka ti! Neste gong nokon giftar seg tenkjer eg at eg ikkje skal ha ein bebis i kroppen! Men såklart litt fint óg, alle pausar med mageklapping og å tenka på at babyen der inne får vera med på så mykje.

*Translation:
On saturday, it was time for Janne’s bachelorette party! We had hired a villa by the Oslo Fjord for the day, from 1854, and it was just so stunning! We spent the day eating, laughing, singing and playing hide and seek (J and I were the sober ones making sure the rules were followed). Everyone wanted to be photographed in the glass veranda, and I was the pregnant mermaid who got to take a nap underway. This baby has a busy social schedule! 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *