Our last days in Fordham House, and being photographed

Fordham house

Å ha fotografar som venner er jo fantastisk, men kan óg følast ganske truande. Eg er jo ein textbook kontrollperson, og syns det er så ubehagelig å bli fotografert når eg ikkje veit kva som skjer der i linsa eller når det kjem instruksar og ein blir ståande i ein stiv posisjon og venta på å høyra lukkaren gå av (på oppdrag tek eg heller tusen bilder for mange enn for få, for å venta på at bildet skal bli tatt er verkeleg det verste).

Mariell er ein sånn person som kan ta bilder der eg føler meg som meg sjølv, det er ingen som seier at eg skal smila eller sjå i kameraet, bildet blir berre tatt også går me vidare med dagen. No, den siste veka i London, tok ho bilder med det analoge kameraet sitt. Først, på bursdagen min, der me var på kafé og Jostein tok magebilder av meg (<- ikkje min favorittaktivitet, men SÅ viktige dokument for framtida), også på søndag, då flyttekaoset var på sitt verste og ho kom innom for å henta nokre stolar ho ville ha og dessutan all hermetikken vår.

Desse bildene vart berre til undervegs. Ingen stoppa opp for noko, den fine analoge lukkerlyden klang så herleg i dei tomme romma i leiligheten vår, og då eg fekk dei i går, berre minutt etter me hadde låst oss ut av leiligheten, grein eg som eit barn fordi dei er så veldig på ekte, så veldig essensen av dei siste dagane som berre rann forbi.

No er me framme i Oslo, forresten. Eg er framleis i pysjen, og klokka fem i natt, etter min sedvanlige tissepause, krølla eg meg tilbake i senga med Jostein og kviskra “me er framme” og da gliste han i søvne så han såg ut som Cheshirekatten.

Translation:
Having photographer friends is amazing, but can sometimes feel a little threatening. Especially for me, I’m a textbook control person, and find it very uncomfortable being managed in front of a camera, waiting for the shutter to go off (which is why I, on jobs, will rather take 1000 more photos than I need, because the silence in waiting for the shutter is the worst).

Mariell is one of those people who can photograph me and I feel like myself, noone tells me to smile or look at the camera, the picture is taken and we move on with our days. This last week in London, she’s brought her analogue camera. First, at my birthday session at a café and a meta photo of Jostein taking a belly shot of me (<- not my fave activity, but really important documents for the future), and then now on sunday, when the moving was at its worst and she stopped by to pick up some chairs and all of our canned goods. These pictures just happened. Noone was told to freeze, and the sound of the analogue shutter was pure beauty in our empty flat, and when she sent them to me yesterday, mere moments after we had shut the door to the flat for the last time, I cried like a baby because they are so very real, so very much the essence of our last days. We are in Oslo now, by the way. I am still in my PJ's, and at five AM last night, after my usual pee break, i curled up next to Jostein and whispered "we are here" and he grinned like the Cheshire cat.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Så fine de er! <3 Og alltid kjekt å lesa dine tankar som fotograf om det å bli fotografert.

    Ha den finaste tida i Oslo!!

  • jeg forstår ikke hvorfor du synes det er viktig å ta magebilder hvis egentlig ikke liker det? Hvorfor er det et viktig dokument for fremtiden? jeg har ikke noen magebilder fra min svangerskap, og har ikke savnet det et øyeblikk, selv om det er mange år siden nå. Det er interessant å huske hvordan jeg tenkte og følte og hvordan jeg hadde det under svangerskapet. Men magen? Det er jo bare kropp Derimot har jeg titusenvis av bilder av bebissene – DET er viktige dokument for fremtiden!

    • For meg er det heilt openbart at det er viktige bilder! Syns allereie det er superviktig å vita at me har det dokumentert, magen i ulike storleikar, men eg har samme tankar om meg sjølv generelt fordi eg som oftast er personen bak kamera. Vil ikkje bli gamal og innsjå at eg ikkje har nokon bilder av meg sjølv men av maten eg et og utsikta mi, har lyst til å kunna gå tilbake og sjå meg sjølv i alle stadie i livet. Det er jo heilt absurd kor mykje bilder me tek av ting som ikkje er viktige i det heile tatt også gløymer me heilt å ta bilder av sånt som er SÅ midlertidig men heilt avgjerande i livet, som eit svangerskap jo er.

      Som fotograf har eg óg enorm respekt for verdien av å bruka kameraet i viktige periodar, til dømes har Jostein og eg teke bilder med eit eingangskamera dei siste to vekene i London og det var innmari fint å ha.

      Akkurat no verken syns eller føles det som berre ein kropp, men som verdens finaste verktøy for å inkubera ungen min, men såklart har folk forskjellige kjensler om svangerskapa sine. Hugsar eg som liten var veldig fascinert av bildene av mamma som gravid, at EG var i DEN magen, liksom. Ein ganske heftig tanke for ei lita sjel. :)

  • det er et interessant perspektiv – at barnet får se bilder av magen han var inni. Det finnes bare et bilde av min mor da hun var gravid med meg, og jeg er enig med deg i at det er fascinerende.