On moving, and our new house in Norway

1

Om berre nokre veker flyttar me inn i gamlahuset. Endelig endelig endelig! Eg lengtar med heile meg. Tenk at snart kjem syrinene, tenk at snart er det 17. mai, snart er det salat i kjøkkenhagen, tenk at snart er livet heilt annleis.

Om de har fulgt med denne bloggen ei stund, så veit de om gamlahuset allereie. Om ikkje, så kjem det ein kort versjon her: gamlahuset var det første huset som vart bygd på garden til Jostein sin familie, i 1905, og bestemora hans vaks opp der. No står det tre hus på garden; gamlahuset, bestefaren til Jostein sitt hus (fra 1950) også huset til foreldrene hans frå åttitalet. I lang, lang tid har gamlahuset stått tomt, folk har budd der sporadisk i kortare periodar dei siste tiåra, men det har meir vore eit praktisk hus til å bruka som lagring og i nødløysingar.

I 2008 forelska eg meg i det huset, Jostein og eg var åleine på garden ei veke og kvar dag låste eg meg inn der for å berre vera der, sjå på dei gamle tinga og vera heilt stille i eit hus eg kunne stola på. Sidan da har me gradvis flytta inn, og det har vorte sjølvsagt at me bur der heile sommaren, til jul, i påska. Når me er heime, er det der me bur. Det er der eg føler meg tryggast i heile verda, og mest som meg sjølv. Og no skal me bu der på ordentlig.

In just a few short weeks we’ll be moving into the old house. Finally finally finally! I can’t wait. Soon, the lilacs will bllom and there will be lettuce in the garden. Soon, life will be just so very different.

If you’ve been following me and this blog for a while now, you’ll already know about the old house. If not, here’s some of the story: the old house was the first house built on Jostein’s family farm, in 1905, and his grandmother grew up there. Now, there are three houses on the farm: the old house, Jostein’s grandfather’s house that was built in the 50’s and Jostein’s parents’ house from the 80’s. For a very long time, the old house has been empty, people have lived there sporadically for shorter periods of time for the past few decades, but it’s been more of a practical storage unit.

In 2008 I fell in love with this house. Jostein and I were spending a week along on the farm, and every day I’d go there just to hang out, look at old things and be quiet in a house I could trust. Since then we’ve gradually moved in, and it’s become this certain thing that it is our summer home, our christmas home, our easter home. When we’re in Norway, that is where we live. It’s where I feel the safest, and the most like myself. And now we get to live there, for real.

Gamlahuset_1

Det har skjedd veldig store ting der sidan me var der sist. Badet har blitt større med plass til badekar, me har plukka ut eit med fine føtter, samt ny do og fliser til golvet. Apropos golv har snikkarane plukka opp golvet på heile kjøkenet, for under laget med spon og vinyl var det perfekte gamle tregolvet me visste at var der heile vegen. Spisskammerset finst ikkje meir, for der skal det bli kjøkkenbenk, og vindauga har på magisk vis blitt større. Kjøkkenet blir levert på onsdag, alt i rustfritt stål som i mitt sinn er perfekt til ein naken supergamal trevegg og duse grønne veggar. Framleis er det mykje som står att, men me håpar å få flytta inn i mai ein gong.

Akkurat no jobbar svigerforeldrene mine på spreng for å få huset klart til oss, hjartet mitt føles heilt opphovna ved tanken. Ein kan verkeleg ikkje velga svigerfamilien sin, men om eg kunne så hadde eg valgt min. Neste helg kjem dei hit for å hjelpa oss med å pakka tinga våre ned i øskjer, og ei veke etterpå kjem flyttebilen som skal frakta alt over havet og heilt til Sogn. 

A lot of things have happened since we were there last. The bathroom has been expanded and now is big enough to hold a tub, we’ve picked one with pretty legs, a new toilet and tiles for the floor. Speaking of floors, the handymen have torn the kitchen floor apart, in search for the perfect wood floors we knew was there, under all the vinyl. The pantry is no more, and where it was, the kitchen counters will be, and the windows have magically gotten bigger. The kitchen is arriving on wednesday, stainless steel everything which in my mind is perfect with one old naked wood wall and very mellow light green walls. There is still so much to be done, but we hope to move in some time in may.

Right now, my in-laws are working so hard to get the house ready for us, and my heart feels all swollen at the thought. You really can’t choose your in-laws, but if you could I would choose mine. Next weekend they’ll be here to help us pack everything into boxes, and a week after that the moving van will arrive to take everything across the ocean and all the way home.

lærdal.

Over elva der, det er garden. Til høgre for låven ser du akkurat huset vårt.
Just across the river, that is the farm. To the right of the barn you can see a little bit of our house.

pink.

Dette rommet, vetlastova, er etestova og óg rommet der ovnen finst. Så kvar morgon om vinteren kjem me ned frå soverommet og det første me gjer er å setta oss på golvet og fyrer. Det har alltid vore grønt, men kanskje driv det akkurat no og blir malt til ein lys lys rosa. Her skal eg sitta og ha kontor heile dagane, ved det store bordet og lys frå tre kantar. Eg har óg kjøpt ei gigantisk fillerye som skal ligga på golvet her!
This room, the small parlour, is the dining room and also where the woodburner is. Every morning in the winder, we ascend from the bedroom and sit down on the floor in front of it to start warming up the house. It has always been green, but maybe right now they are painting it into a pale pink. This will be my office, by the big table and natural light from three directions. I also bought a big colorful rug for this room.

synne.synne.last days of summer in the country.

Her er stova, og som de ser er det nakne treveggar. Dei skal laserast, ei behandling som gjer at dei blir kaldare i fargen og lysare, men at ein framleis kan sjå kvisten gjennom så me får beholda teksturen av treet men at det føles mindre hyttete. Dette rommet elskar eg, noko av det beste eg veit er å sitta i sofaen med vindauga opne om sommaren og gardiner som flagrar, eg berre gler meg veldig til å sjå korleis det ser ut litt lysare og med meir fotovennlige veggar.
This is the living room, with its naked wood walls. We are going to treat them in a way to make them cooler and brighter in color, but that will still keep the texture of the wood in the background. I just want it to feel less like a cabin. I love this room so much, especially with the windows open in summer with curtains flowing, can’t wait for it to be more photography friendly.

sommar

Det skal bli ein heilt vanvittig fin sommar. Eg planlegg uteområdet nesten like mykje som inne, me kjem til å gjera om på korleis det ser ut utanfor huset så me får meir hage, meir grønt å sjå og sitta på, og eg leitar etter lyslenker som er superlange som ein kan henga opp mot huset og i trea omkring. Timesvis med tenking har gått med til å finna ut kvar me kan ha hengekøye. Hengekøye, kilovis med jordbær og ein ny liten bebis. Det blir den første sommaren i vår nye heim.
This summer will just be such a fairytale. I’m planning the outside almost as much as inside, and we’ll redo the garden of the house to have more green to look at and to sit on, I’m looking for fairy lights to hang on the house and the surrounding trees. Hours of thoughts have gone into thinking of placement for a hammock. A hammock, as many strawberries as I can eat and a brand new baby. That will be the first summer in our new home.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • For en nydelig skildring av prosjektet og fremtiden og tankene rundt det. Det høres skikkelig fint ut. Og det får meg til å glede meg innmari til å vende hjem til Norge til sommeren og spise lass på lass av de beste jordbærene.

    PS. så passende at “homeward bound” med Simon & Garfunkel dukket opp på Spotify mens jeg kommenterte dette <3

  • For et spennende prosjekt! Det er så gøy å kunne følge med på denne reisen.

    Liker veldig godt sammensetningen av bildene øverst i innlegget, nå gleder jeg meg enda mer til varmere dager og sommer!

  • Ahh I feel teary! I’m really so so happy for you. I’m ridiculously excited to visit already. And that picture of Jostein and his nephew (?!) really got me in the feels. xx

  • Oi så fint du skildrar alt dette! Eg fekk somarfuglar i magen på vegne av dykk. Dette blir uendeleg fint og eg gler meg veldig til å sjå bileta frå det nye huset! Eg kjem også frå ein gard med eit gamalt hus med mykje historie. Det er ingen hus i verda eg søv betre i enn det. Ha ein flott dag!

  • Jeg ble faktisk litt rørt nå. Og kunne nesten kjenne lukten av sommergress når jeg så på noen av bildene. Lykke til. Vis gjerne bilder sv hus og resultat av oppussing etterhvert!

  • Å, så koselig! Det kommer sikkert til å bli et herlig sted å bo og et veldig fint sted å vokse opp, med masse plass og lys og gulvplanker som knirker <3

  • Åh, så mykje fint! Vert glad av å lese om det! Spanande å følge med på: me har to gamle hus på landet der mannen min er frå, men fordi det er eit godt stykke unna familie og dei nærmaste venene våre, har me bestemt oss for å bygge hus på tomta i ferieparadiset vårt på sørlandet. Huset vert heilt nytt og me får bestemme det meste sjølv. Håper det vert ei fin blanding av gamalt og nytt!
    Til lukke med alt, gler meg til å følge med vidare :)

  • Herlighet så fint det kjem til å bli! Gler meg til oppdateringar derfrå! Også syns eg det er så fint når unge folk flyttar inn i gamle hus og på den måten tek vare på det, sjølv om ein sjølvsagt pussar opp og forandrar på enkelte ting :)

  • Dette innlegget er til å grine av. I glede altså. Livet ditt er virkelig alt jeg har drømt om helt siden jeg var rundt 10 år. Jeg var bare et barn da jeg hundre prosent sikker tenkte for meg selv at livet mitt skulle bli sånn her: finne kjærligheten, flytte til London, studere skriving og oppleve London-livet, flytte hjem med den store kjærligheten igjen, og så kjøpe et gammelt, lite hus ute på landet et sted, for å få barn og leve til jeg blir gammel. Et sånt hus med mørke tregulv, gigantisk hage, og utsikt mot fjord og fjell. Derfor kjenner jeg hjertet mitt rykker litt ekstra når jeg leser om livet ditt, og jeg kjenner jeg er så glad i bloggen din og alt du formidler her inne. Jeg får kanskje ikke oppleve drømmen min helt sånn som jeg har tenkt, for selv om jeg fant den store kjærligheten, så gjorde ikke han det, og nå er det ikke lenger kjærlighet, men kun kjærlighetssorg. Derfor er det så vakkert å lese at du lever ut det jeg alltid har drømt om. Også tenker jeg at alt skjer for en grunn, så selv om ting ikke går “etter planen” min så er det nok meningen hele veien. Jeg har kanskje ikke med med kjærligheten, men jeg flytter likevel til London om kun noen få måneder, og der skal jeg studere kreativ skriving. Jeg tror ting kan bli ganske fint, også gleder jeg meg vanvittig til å følge med deg og Jostein til Sogn <3 <3

  • Herlighet, nå ble jeg faktisk helt rørt. FOR et hus, og for et fint liv du skal få deg!!!! Ååååå hjertet mitt lengter med deg <3

  • Hvor ligger huset? Er ikke en del av jobbinga di i Oslo, så vil du måtte bruke tid på å reise, og hvordan tenker du å håndtere det og gjøre det til en god ting isåfall?:)

    • Huset ligg i Lærdal! :) I og med at eg bur i London no, blir det eit godt stykke kortare til Oslo fra og med april. Har ingen fast jobbing i Oslo, kun på oppdragsbasis.