SÒKN

Skjermbilde 2016-04-04 kl. 09.12.32Skjermbilde 2016-04-04 kl. 09.13.39Skjermbilde 2016-04-04 kl. 09.12.59

God måndag, alle fine folk! Håpar at de hadde fine og avslappa helger. Sjølv jobba eg ganske mykje i helga, og tek derfor fri i dag! Me skal kjøpa nokre fine stoffbitar til babyprosjekt også møta Haleigh og gå på afternoon tea! Win! Frilanslivet er det beste livet.

Eg vil dela noko superviktig med dykk i dag, noko eg har vore med på og jobba med sidan 2014, nemlig ein musikkvideo som Sara og eg filma til Jostein si nye plate, The Drawing Board, som kom ut forrige veke. Filmingen i seg sjølv var heilt magisk, berre fantastiske menneske på ei hytte på fjellet ei helg (her kan de sjå blogginnlegget frå helga) med egg og bacon til frukost og all sjokolade du kan tenka deg. Me hadde plastposar i skoa for å ikkje bli gjennomblaute så fort medan me filma, me var svoltne og trøtte men likevel så så så oppglødde. Synne sprang rundt med hårbørstar og ekstra tepper for å holda Fredrik varm mellom opptak, Jostein ringte i bjella når maten var klar og me skulle komma tilbake til hytta. Me filma i hagl og snø, og ute om natta, med prosjektor med ledning ut gjennom vindauget og dei andre sat i sofaen og fulgte med frå inne. I helga såg eg på noko av originalopptaket, der ein kan høyra meg og Sara i bakgrunnen, skrikande med regi eller berre hyl i rein glede. Det gjorde meg så glad heilt i grunnen av meg sjølv, kor leiken ein kan vera sjølv om ein er vaksen.

Eg er så stolt av dette prosjektet, og eg håpar så inderlig de vil ta dykk nokre minutt til å sjå, og ikkje minst håpar eg at de likar den. Klikk her for å sjå videoen!

Musikk av Jostein Avdem Fretland
Ansikt er Fredrik Høstaker
Konsept og klede av Synne Reichelt Føreland
Filming, redigering og regi av Mariell Øyre og Sara Olivia Berntsen
Assistanse av Jostein Avdem Fretland og Knut Erik Engemoen

Hello monday! I hope you’ve all had lovely relaxing weekends. Myself, I worked a lot this weekend and am taking a day off today! We’re going to get some fabric for baby projects and then meet up with Haleigh for afternoon tea! Win! Freelance life is the best life.

I want to share something super important with you guys today, something I have been a part of since 2014, a music video that Sara and I filmed for Jostein’s new album, The Drawing Board, that was released last week. The filming was quite magical, with only amazing people gathered in a mountain cabin for a weekend (here is a blog post from said weekend), with eggs and bacon breakfasts and all you can eat chocolate. We had plastic bags in our shoes to not get soaked so quickly whilst filming, we were hungry and tired but so excited. Synne ran around with a hairbrush and extra blankets to keep Fredrik warm between takes, Jostein rung the bell when food was ready and it was time for us to return to the cabin. We filmed in hail and snow and outside at night, with a projector that had a wire coming out of a window, the others sat in the sofa looking out at us. This weekend I rewatched some of the original footage, you can hear Sara and me so loud in the background, screaming direction or just squealing in joy. It made me so happy, right down to the core, to think how playful I still get to be as an adult.

I am just so proud of this project, and I really hope you’ll take some minutes out of your day to watch it, and of course that you’ll like it. Click here to watch the video!

Music by Jostein Avdem Fretland
Face is Fredrik Høstaker
Concept and garment designs by Synne Reichelt Føreland
Filming, direction and editing by Mariell Øyre og Sara Olivia Berntsen
Assistance by Jostein Avdem Fretland og Knut Erik Engemoen

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *