The pregnancy list

Paris, two.

Når blir du mamma?
I midten av juli skal det skje! Tenker på det heile tiden kor fint det er at vår førstefødte får ha bursdag i jordbærsesongen.

Var graviditeten planlagt?
Både ja og nei. Jostein og eg har alltid villa få ungar tidlig, men tanken har alltid vore å starta å prøva etter bryllupet, og etter kvart som bryllupsdatoen vart dytta (fleire år) framover, vart óg barnetankane flytta. Er takksam for det no, at me ikkje vart gravide då me var 22. Den positive graviditetstesten var definitivt ei overrasking, sidan me ikkje aktivt forsøkte enda, men den var veldig veldig velkommen.

Når fortalte de om graviditeten?
Eg fortalte til eit par venner typ ein time etter at testen var gjort. Eg sa det til veslesøster veldig impulsivt på seks veker, og til Fredrik på seks veker óg. Fredrik budde med oss i gamlahuset i den aller verste fasen der eg ikkje kunne eta og berre sov heile dagen, så det var eit lett valg! Me fortalte det til våre næraste venner, Jostein sine søsken og foreldrene våre rundt veke 10. Også på bloggen i veke 15! Høgdepunkt i å sei det til folk var heilt klart: Fredrik som trudde at eg tulla. Mamma som gispa som på film og la begge hendene over munnen. Søstra til Jostein som óg er gravid. Christine og Frøy, fordi eg sa det i panikk då Christine rakk meg eit proseccoglas som om det var gift og eg skreik “eg kan ikkje drikka det for eg er gravid!!!” og bak dei stod Fredrik og var så fornøgd med seg sjølv for at han ikkje hadde sagt det til nokon.

Kor mange barn vil du ha?
Me har alltid fantasert om fire. Men sidan eg no er eit voksent menneske, seier eg at ein aldri veit, kanskje er me tilfredse med to eller tre. Men det finst fire små rom i hjartet. Vil ha ein tropp!

Tett ihop eller langt ifrå kvarandre?
Gjerne tett ihop, om det går for oss, sjølv om det er ein vanskeleg balanse. Vil gi kvart barn nok tid og rom, samtidig så vil me minimera tiden med små barn i hus for vår eigen del og ha tette søsken. Ein må heilt enkelt venta og sjå!

Har du vore mykje bekymra i graviditeten?
Både og. Min vanlige angst har vorte dempa betraktelig, som eg har vore veldig takksam for, men eg har vore så så så redd. Lammande redd. For at det ikkje skal gå bra. No er eg meir avslappa, spesielt sidan eg blir boksa innvendig alle våkne timar, men den uroa sit framleis fast. Det interessante er at Jostein som vanligvis er den rolige av oss, har vorte ein meir nervøs person ute blant folk. Han vil helst ha meg(oss) heilt tett inntil seg. Føles så primalt og fint.

Korleis har graviditeten vore så langt?
Den har vore blanda, vil eg sei. Det første trimesteret var rimeleg tøft, med mykje soving, nesten ingen jobb og eg hata alt av mat. Åt ritz og pringles kvar einaste dag, og ingefærøl for å få i meg noko næring i det heile tatt. No er den veldig fin, eg er nesten som normal men med ein akrobat i magen. Dei siste to vekene har eg hatt stressrelaterte problem, men det er meir det vanlige livet som kjem i vegen for det som kunne ha vore veldig fine veker. Tenker at graviditeten kan få tvinga meg til å læra meg å slappa av på ordentlig.

Likar du å vera gravid?
Eg elskar å vera gravid. Det skal bli så rart å ikkje vera gravid meir og berre ha ein heilt tom kropp. Sjølvsagt mykje finare med bebis på utsida av kroppen, men eg føler meg berre så sjukt girlpower no. Det er heilt magisk å ligga kvar kveld med Jostein og kjenna på spark og å få lov til å fantasera så fritt om korleis det skal bli.

Skal de finna ut kva kjønnet er?
Nei! Det bestemte me ganske tidlig, at me vil bli overraska under fødselen. Det er kjempespennande, og veldig gøy å sjølv spekulera og høyra korleis andre folk “føler” kva det er.

Kva tankar har du om fødselen?
Eg er superspent for fødselen, og gler meg veldig til å få oppleva noko heilt nytt uansett korleis det blir. Skal gjera mykje jobb med psyken før fødselen, så eg føler at eg har ein viss kontroll, men óg legga alt i hendene på jordmødrene som veit så innmari godt kva dei gjer. Er ikkje så redd for smerten, faktisk, er mest redd for å mista kontrollen og måtta ha kateter, å ikkje kunna bevega meg osv. I bunn og grunn er det berre éin dag, som ein berre må forbi, som ein skal prøva å gjera det beste ut av, men berre éin dag.

Kva tankar har du om den første babytiden?
Eg har eit veldig romantisert forhold til den første tiden med baby, men det trur eg er viktig for å ha eit mål og ikkje bli overvelda av tanken. Eg tar gjerne gleden på forskudd, over at alt skal gå bra. Med fødselen, med kroppen min, med ammingen. Så får me heller ta utfordringane etter kvart som dei kjem, om dei kjem. Når eg ser det for meg sit me på eit teppe i hagen, det er sol men me sit i skuggen, med bebis halvsovande i ei korg ved sidan av oss og me er berre ein familie. Kanskje me planlegg middag, kanskje kjem det eit besøk, kanskje plukkar me solbær. Lengtar mot kvardagskjensla i det.

Har de bestemt kva navn det skal bli?
Ja! Me har to navn klare, me brukar dei óg ganske ofte når me snakkar om bebisen. Me brukar begge to, sidan me ikkje veit kjønnet. Ganske så fint. Etternavna blir i alle fall Avdem Øyre, svigermor sitt navn også pappa sitt navn.

Liste frå Elsa.

When will you become a mother?
In the middle of july is the plan! I keep thinking how lovely it is for our first born to have their birthday in strawberry season.

Was the pregnancy planned?
Both yes and no. We’ve always wanted children early, but the idea has been to start trying after the wedding, and as the wedding got pushed (years) in to the future, so were the thoughts of starting a family. I’m grateful for that now, that we didn’t have children at 22. The positive pregnancy test was a surprise to say the least, since we weren’t actively trying yet, but it was very very welcome.

When did you tell people about the pregnancy?
I told a couple of friends an hour after the test. I told my sister impulsively at six weeks, and also told Fredrik around the same time. He was staying with us at the time, for those awful weeks where I couldn’t really eat and just wanted to sleep all day. We told our closest friends, Jostein’s siblings and our parents around week 10. And then on the blog at around week 15! Highlights of telling people: Fredrik who didn’t believe me and thought I was kidding. My mum who gasped and put both hands over her mouth like in the movies. Jostein’s sister who is also pregnant. Christine and Frøy, because I told them in a panic after Christine handed me a glass of prosecco and I reacted with terror as if it were poison “I can’t drink that because I’m pregnant!!!” and behind them was Fredrik, so happy with himself that he hadn’t told anyone.

How many kids do you want?
We have always wanted four. But because I’m a grown up now I’ll say that you never know, maybe we’ll be happy after two or three. But there are four small spaces in my heart. I want a troupe!

Close together or spread out?
I’d love for our children to be close together, if we can, even though it’s a tough balance to strike for all children to feel like they had enough time and space but also minimizing the amount of time with small children in the house for our sake, and also have tight knit siblings.

Have you been worried this pregnancy?
Yes and no. My normal anxiety has gotten so much better, very grateful for that, but I have been so scared. Paralyzingly afraid. For this not to work out, for it to turn into a big mess. I’m a bit more relaxed now, especially since there is a little boxer in my belly and I can feel it kicking all day long, but the worry is still a big factor. The interesting thing is that Jostein, normally the calm one, has been a lot more nervous out and about. He wants me (us) close to him, which feels lovely in a primal way.

How has the pregnancy been this far?
Mixed, I would say. The first trimester was pretty rough, with a lot of sleeping, barely any work and I hated all things food. I ate crackers and crisps every day, and ginger ale just to try get any nutrition in me at all. It’s very good now, I feel almost like normal but with an acrobat in my belly. The last two weeks I’ve suffered with stress related issues, but that’s more about normal life coming in the way of what could have been very lovely weeks. My biggest wish right now it for this pregnancy to teach me how to relax for real.

Do you like being pregnant?
I love being pregnant. It’s going to be so strange not being pregnant anymore, just an empty body. Of course I’d much rather have the baby outside than inside, but I just feel so much girlpower these days. It’s so magical every night, feeling little kicks with Jostein, fantasizing freely about how it will be.

Will you find out the gender?
No! We decided pretty early on, that we wanted it to be a surprise. It is so exciting, and very fun to speculate and have others speculate and “feel” what it is.

Thoughts on labour and delivery?
I am very excited for labour, excited to have this whole new experience in front of me, no matter how it turns out. I’m going to be working on my brain before labour and delivery, so I feel like I have some control, but I also want to be able to trust the midwives who know so well how it’s done. I’m not so scared of the pain itself actually, mostly about losing control and having to have a catheter, not being able to move and feel trapped. But it’s really just one day, one day to get by, to try and make the best out of, but still just one day.

Thoughts on the early days with baby?
I have such a romantic view of that time, but I think it’s important to have a goal and not let the thought overwhelm me. I am always happy before it’s safe to, and feel like everything will be ok. With birth, breast feeding, my body. Then we’ll take challenges as they come, if they come. When I picture it, we’re on a blanket in the garden. There is sun, but we’re in the shade, with baby half asleep in a basket next to us and we’re just a family. Maybe we’re planning dinner, maybe we have visitors coming, maybe we’re picking blackcurrants. The everyday feelings.

Have you decided on a name?
Yes! We have two names ready, and we use them to talk about the baby. Both of them, since we don’t know the gender. The last names will be Avdem Øyre, my mother in law’s name and then my dad’s name.

List from Elsa.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Det er så hyggelig å lese om graviditeten din! Her har bebis blitt ett år (og er vel strengt tatt ikke så bebis lengre), og jeg synes fremdeles der er litt rart å ikke være gravid – kjenner “fantomspark” stadig vekk, haha. Lykke til med resten av graviditeten, fødsel og babylivet!

  • Det er så fint å lese hvordan du tenker og føler rundt det hele! Venter selv en junibebis, og gleder meg så så så mye! Kjenner meg igjen i kvalmen, redselen og gleden over å bli boksa innvendig, Har 10 uker igjen nå, og gruer meg allerde til å bare være en vanlig kropp igjen, noe som er rart for jeg har stort sett satt pris på å bare være meg i min kropp også. Nyter ukene som hotellvert for en veldig liten gjest.
    Blir glad innvendig av hver eneste bebis-post du legger ut, følger spent med deg!

  • Så spennende å følge med på det du skriver om graviditeten her :-) Hva menes med å ha kateter under fødselen? Har ikke hørt om det før.

    • Om ein må ha epidural kan det henda ein må ha kateter, fordi ein mistar heilt sensitiviteten i underlivet og ikkje veit om blæra må tømmast. Pluss at mange andre situasjonar óg av og til gjer at ein må ha det.

  • Alle hjerter gleder seg!
    Baby i magen er en forunderlig ting- og enda mer fabelastisk og undrende når lille kommer til verden! Jeg har 2 av verdens fineste jenter, minste 7 måneder- og ved hjelp av en bok av danske Anja Bay ‘smertefri fødsel’ – var ankomsten deres 2 av de sterkeste & flotteste opplevelser jeg har hatt! Alt godt for den kommende tiden!❤️

  • Jeg blir tvers igjennom sjarmert av tankene dine rundt bebis og graviditet. Jeg gifter meg til sommeren, og vi snakker ofte om framtiden med bebiser og familieliv.

    Du er så utrolig herlig, og jeg håper alt fortsetter å gå så bra med graviditeten, flytting og hele sulamitten!