Happy good friday

Untitled

Denne veka vart full av store ting. Som å bestilla kjøkkenet til huset vårt, ha store utryddingar av sånt me ikkje skal ha, veldig mykje jobb med blogg og webdesign, og til slutt ein heil masse kvile etter eit anfall av svimling på onsdag som tok meg til bakken med prikking i augene. Kroppen er så fin og lur som seier ifrå. Og det er mannen min óg. Så no tek eg det veldig med ro, jobbar frå senga og blir servert te og rista surdeigsbrød på bestilling. Går sakte til butikken for å kjøpa tropisk frukt og ananasjus. Sånne klisjécravings at det ikkje er sant.

Det er så lett å gløyma at babyen og kroppen ikkje bryr seg om å vera ein flink gravid, den bryr seg berre om å orka alle innfalla mine. Eller ikkje, som i dette tilfellet. Svigermor sa til meg på skype i går at no skal du berre ruge. Så eg kviler, ruger. Og det gjer godt.

I kveld køyrer me den uvanlige påskemiddagen lammebolognese! Eg får jo ikkje eta medium steikt kjøtt, og vil ikkje kasta vekk godt lammekjøtt på å tørrsteika det og eta det i sinne. Så istaden lassar me på med tomater og parmesan, og alle er nøgde med det. Også ein krim, påskesjokolade og sprudlande hylleblomst! Heldigvis var eg allereie superklar for påske, med påskeris, påskeegg med ulike typar sjokolade eg har samla på meg i vekesvis i kombinasjon med to fancy kjøp frå Paris. Perfekt. Håpar de har ferie uansett kvar de er, eller at de i alle fall får stunder der de kan lata som!

– Eg er svolten heile dagen denne veka, og desse søtpotetene med hot honningsaus får meg til å sikla.

– Dei fine fine fine babes’a på Babes in Boyland, som får kvardag gjennom iphonen til å sjå ut som den vakraste drømmen.

– The Way We Play-serien er så fin, og med nydelege bilder. Blir inspirert både til jobb, til heimen og til livet! Her er eit nytt intervju.

– Emily skriv om kor viktig det er å ta tid for seg sjølv, óg når ein har små ungar.

– Eg er besatt av sjokolademoussen på Buvette, den er jo ganske passande i påska! Oppskrift her.

– Disney har laga glittermaling som lyser i mørket!!

– Den absolutte drømmelørdagen hos Underbaraclara.

Ulike måtar å eta havregraut på. SÅ godt.

– Beste Esra deler sine hud- og sminkefavorittar.

This week has been full of big things. Like ordering the kitchen for our house, big clearouts of things we don’t want, a lot of working on the blog and on webdesign things, and in the end a lot of rest after I had a spot of vertigo on wednesday that literally brought me to the floor, dots in my eyes. The body is such a gentle genius to let me know. And so is my husband. So now, I’m taking things very slow, working from bed, having tea and sourdough toast served when I need it. Slowly walking to the shop to get tropical fruits and pineapple juice. Cliché cravings if ever there were any.

It’s easy to forget that the body and the baby don’t care about being good at being pregnant, it only cares about having the energy to sustain my many projects. Or not, like now. My mother in law told me yesterday that now is the time to brood. So I’m resting, brooding. And it feels good.

Tonight we’re doing the unusual easter dinner that is a lamb bolognese. I can’t have medium cooked meat, and I don’t want to waste good lamb on cooking it dry and then eating it angrily. So instead we are loading it up with tomatos and parmesan, and everyone is happy with that. With a crime show, easter chocolates and bubbly elderflower! Luckily I was already set for easter, with my traditional easter branch with feathers, easter egg with chocolates I have spent weeks collection combined with two fancy Paris purchases. Perfect. I hope you have some time off, wherever you are, or that you at least are able to pretend!

– I am hungry all day this week, and these sweet potatoes with a hot honey sauce make me drool.

– The lovely babes of Babes in Boyland make everyday life shot with an iphone look like the most beautiful dream.

– I am really enjoying the series of The Way We Play, it inspires me both for work, my home and my life. Here is a new interview.

– Emily shares some thoughts on the importance of taking time to oneself, even with small children.

– I am obsessed with the chocolate mousse at Buvette, which is pretty easter appropriate. Recipe here.

– Disney has made a glitter paint that glows in the dark!

– The absolute dream of a saturday, at Underbaraclara.

Different wonderful ways of eating oatmeal.

– My lovely friend Esra shares her skin and makeup faves.

 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *