Montly pregnancy update, march.

Veke22

[left]Hei fra magen og meg! Me veks begge to, sakte men sikkert, og akkurat no er eg i ein veldig koseleg fase med graviditeten. Er i veke 22 (21+1), og fekk flytta termin etter forrige ultralyd. Den er no på 18.juli, men eg føler liksom på meg at den egentlig er før det. Rart med det, korleis ein trur at kroppen er lurare enn ein ultralydlege. Kroppsarroganse!

Kor stor er babyen no?
Som ein papaya! For å vera meir eksakt, 28 cm lang og 350 gram tung. I går var det ny veke, og da las me at babyen var 28 cm. Jostein tok fram ein skulelinjal og prøvde å måla over magen min♥ Forresten brukar me The Birth Company (den private klinikken eg har gått til her i London) for å lesa om kvar veke, for dei har skikkelig lange og gode tekstar.

Korleis har du det?
Eg har det faktisk superbra akkurat no, sjølv om eg har dagar der eg berre føler meg SÅ GRAVID. Liksom andpusten, treig, litt klumsete fordi eg ikkje heilt forstår at magen står meir ut enn før. Men mest så har eg det berre så bra. Jostein og eg snakka om det ein kveld, korleis graviditeten har påvirka begge våre baselinjer for korleis me har det. Sjølv om eg har vore miserabel denne og forrige veke med forkjølelse (og ein mulig bihulebetennelse) så er eg berre så glad. Får plutselige bølger av angst og frykt for at eg ikkje er klar og ikkje klarar det, men det er håndterlig og føles normalt og på skjema. Og fordi eg kjenner så mykje sparking er eg blitt ein rolig gravidperson, som var SÅ godt sidan eg har lett for å bekymra meg. For første gong i livet har eg opplevd sjalusi, og treng definitivt meir bekreftelse frå Jostein på daglig basis. Heldigvis er eg det finaste han veit om! Berre for eit par dagar sidan sa eg dog til han at han er så heldig som har ei kone som meg, så det jevnar seg ut på det viset.

Mat du elskar?
– Sitrus, supergravidklisje!
– Ting som er sprøtt, typ chips og rista brødskiver. Ikkje gi meg ei brødskive som ikkje er rista.
– Alt frå barndommen! Vil ha potetstappe, burgerar, pølser i brød, is, pannekaker, kjøttkaker, smultringar, kanelbollar, ting som er trygt og mykje karbohydrat.

Foreløpig et eg dog heilt som normalt, men ofte må eg ha ein snack mellom frukost og lunsj og da et eg ein appelsin eller ein halv Trek-bar. Plutseleg kan eg få eit søtsug som føles som eit vakuum i kroppen og da er eg villig til å gå langt for å få ein fix. Las i appen min at no framover skal eg (i teorien) gå opp ca 250 g i vekt i veka, så ein kan kanskje forventa at svolten aukar! Det får me sjå, syns det er godt å la svolten regulera sånt av seg sjølv og ikkje berre eta for å eta. Kroppen er jo så lur.

Mat du hatar?
– Steikte egg eller omelett, syns det har ein så metallisk smak. Nokon andre som har det sånn?
– Havregraut, som eg enda ikkje har klart å omfavna etter første trimesteret. Meir enn smaken så er det lukta eg ikkje taklar sidan den ligg igjen i leiligheten etterpå, men egentlig har eg lyst på. Med bananer, blåbær og hasselnøtter!
– Rare ostar, eg kan uansett ikkje eta dei men eg verkeler hatar lukta. Typ slitsomt for meg å gå gjennom Borough market eller forbi ein ostebutikk.

3 pluss i mars?
– SÅ mykje sparking, typ det koseligaste i verda. Medan eg skriv dette kjenner eg korleis det er fest der inne. Er så takksam for å få kjenna så mykje så tidlig sjølv om det er min første. Eg føler meg så heldig som er frilans som kan teksta Jostein om at det er sparkefest også kjem han inn på soverommet og da tek me fem minutt der me berre kjenner etter, seier “kjente du det?” og gispar om det er eit superspark.
– Reisa til Paris, og å ha spara ihop litt pengar til å kunna kjøpa nokre nye fine klede der. Håpar óg å finna noko fint til barnerommet på ein loppis, typ ei fin treleike eller noko.
– Meir energi! Eg reknar opp ting eg er takksam for å ha unnsluppe så langt i graviditeten (dårlig nattesøvn, bekkenproblem, hovudpine/migrene, hemorroider) OG sånt eg er takksam for at går etter planen, som til dømes at eg har meir energi. Er ikkje på normalt nivå og orkar ikkje å jobba full dag, men likevel supergodt å føla seg meir tilnærma normal. Merkar likevel at terskelen min frå vanlig energinivå til SUPERTRØTT er så liten, og gjer det litt vanskelig å planlegga det sosiale. I går kveld, på ein gelatoplass med venner såg eg på klokka og GISPA (til min eigen overraskelse) då eg såg at klokka snart var ti.

3 minus i mars?
– At noko av rørsla der inne føles som å bli skrapa med ein spiker, og at eg ofte føler at NO KJEM BABYEN UT når det er sparking nedover istadenfor utover.
– Flyttestress, det er umulig å unngå og sånn får det vel berre vera. Er så frista til å liksom begynna med å putta ting i boksar allereie sjølv om det er ein månad til me skal begynna å tenka på det. Tek meg sjølv i å faktisk bekymra meg for at eg skal få vondt i ryggen av flyttingen, sjølv om heldigvis kjem foreldrene til Jostein til London for å hjelpa.
– Kor liten tid eg kan stå oppreist utan å få vondt i korsryggen. Kan fint gå ute, lenge, om eg har gode sko, men å ta oppvasken er liksom berre å gløyma. Eg startar, driv på i tjue minutt også får Jostein ta over. Når eg lagar mat prøver eg helst å sitta ned, det hjelper.

Kva ser du fram imot?
Om eg skal vera ærlig og veldig indulgent, så gler eg meg mest til å kunna kjøpa meir småting. Liksom, eg gler meg til å kjøpa wipes og bleier og smukk og kremar til brystvorter og såre rumper og siklesmikker og biteringar og fint til soverommet. Syns nesten det er litt flaut, egentlig. Stod på ein butikk her om dagen og hadde skikkelig lyst til å kjøpa ein pakke water wipes, liksom. Har verkeleg vore disiplinert så langt og ikkje kjøpt alt eg har villa, sjølv om eg har følt ei intens dragning mot alt babyrelatert. Jo fleire ting eg har som minnar meg på at det snart skal vera eit barn her, jo meir ekte blir det for meg. Og no er me plutseleg på eit stadie der det er heilt logisk, og til og med lurt, å tenka alvorlig på desse tinga. Og eg kunne ikkje vera meir eksaltert!

Kva drøymer du om?
Framleis sjuke ting, her ein kveld drømte eg om eit av brudepara mine der ein av dei var død på bordet, hadde drukna på havet, og den andre berre var så innmari nonchalant om det?

Spørsmål henta frå Emily.

[line][/left]

[right]Welcome to my belly show! We are both growing, slowly but surely, and right now I’m in a very cozy stage in the pregnancy. I’m in week 22 (21+1) and got my due date pushed to july 18th at the ultra sound in february. I do feel it’s a little before that though, in this weird my body is being arrogant-way where I think I know better than the sonographer. Body arrogance!

How big is the baby?
Like a papaya! To be exact though, 28 cm long and 350 grams heavy. Yesterday was a new week, and when we read the length of the baby, Jostein found a school ruler and tried to measure my body. By the way, we use The Birth Company‘s (the private clinic I have used here in London) week to week guide, they are long with lots of info.

How are you feeling?
I am actually really good right now, even though I have days where I just feel SO PREGNANT. I get shortness of breath, I’m slow, a little clumsy because I forget my belly is sticking out more than before. But mostly I am just very happy and content. Jostein and I talked about it one night, how the pregnancy has affected both of our base lines for our moods. Even if I’ve had a miserable week and last week too, with a cold and potential sinus infection, I’m just so happy nonetheless. I get waves of anxiety and fear that I’m not ready and I can’t do this but it’s manageable and feels completely normal and on schedule. And because I can feel the baby moving so much, I’ve turned into Calm Pregnant Person, which feels SO good because I do tend to worry whenever I can. Interestingly, for the first time in my life I’ve experienced real jealousy, and I definitely need more affirmation from Jostein on a daily basis. Luckily I’m his favorite thing! Just a few days ago, though, I told him he was so lucky to have me as his wife, so I guess it evens out.

Food you love?
– Citrus, such a preggo cliche!
– Things that are crunchy, like crisps and toast. Do not give me a piece of bread that is not toasted.
– Anything childlike! Mashed potatoes, burgers, hot dogs, ice cream, pancakes, meatballs, donuts, cinnamon buns, things that are safe and heavy in carbs.

For now though, my diet is pretty much like normal, but I often need a snack between breakfast and lunch and then I’ll eat an orange or half a Trek bar. I get this crazy sweet tooth that almost feels like a bodily vacuum and I am willing to walk far for my fix. I read in my app that from now on I’ll be (theoretically) gaining approximately 250 grams a week, so I guess I’ll be getting more hungry. We will see, for me it feels best to just let the body do its business and tell me what it needs and if it’s hungry. It’s pretty intelligent on its own.

Food you hate?
– Fried eggs or omelets, I find them tasting metallic somehow. Am I the only one?
– Oatmeal, that I’m still struggling with since the first trimester. I can’t deal with the smell it leaves in the flat, much more that then the flavour. I am craving it actually, with bananas, blueberries and hazelnuts.
– Weird cheeses. I can’t eat them anyways, but I really hate the smell. It’s a struggle walking through Borough market or past a cheese shop.

3 good things about march?
– SO much kicking, which is the lovelies thinge ever. Even writing this, there is a party in my belly. I’m very grateful to be feeling it so much with my first. I feel super lucky to be freelance so I can text Jostein there’s a lot going on in there and he’ll come in to take five minutes to just feel the baby move around. A lot of “did you feel that?” or gasping at mega kicks.
– The trip to Paris, and having some money saved up to be able to get some nice baby clothes there. I also hope to find something for the nursery, like a nice wooden toy or something.
– More energy! I count the things I’m grateful not to have encountered in pregnancy this far (bad sleep, pelvic problems, headaches/migraines, haemorroids) AND the things I’m happy are just according th schedule, like my energy level. I’m not at a normal level and can’t do a full day of work, but it still feels awesome to be more energized. The way from normal to super tired is very short though, which makes social life hard. Yesterday, having gelato with friends i actually GASPED (to my own surprise) when realizing it was almost ten pm.

3 bad things about march?
– That some of the movement in there feels like being scraped with a nail on the insides, and I often have a panic that the baby is coming out when there is kicking directed downwards instead of outwards.
– The stress of moving, it is inevitable and it is what it is. I am tempted to begin putting things in boxes now even though that process is a month away. I catch myself worrying about back aches when moving, thank heavens Jostein’s parents are coming to help us out with that.
– How little time I can stay standing without getting a lower back ache. I am fine to walk for long periods of time, if I have good shoes, but doing the dishes is a no go. I’ll start, do it for 20 minutes and then Jostein has to take over. When cooking, I try to mostly sit, which helps.

What are you looking forward to?
If I’m being honest I am mostly excited about the shopping at this point. Even little things like wipes, diapers, pacifiers, nipple and bum creams, drool bibs and bite rings and nursery things. I think it’s a little embarassing even, I was in a shop the other day and I really wanted to buy some water wipes. I have been pretty diciplined this far and not bought everything in sight, even despite the fact that all baby related things are magnets. The more little things we have around us, the more I come to understand there will actually be a child here soon, and we’re finally at a stage where it makes sense and is even clever, to think about these things. So excited!

What do you dream about?
Still crazy things, one of these nights I dreamt about two of my wedding clients, one of them was dead on a table, drowned at sea, and the other was just so nonchalant about it?[/right]

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Så gøy med en oppdatering! Og så fint med sånn kort cardigan til den fine magen! Husker veldig godt fra da jeg var gravid hvor deilig det var da energien kom litt tilbake i andre trimester. Kos deg med spark og forberedelser!

  • Hei! Det er så koselig å lese om graviditeten din. Jeg er så sjalu! Ønsker meg nemlig unge nr 2, men den tar litt lengre tid enn planlagt ;)

    Ville bare tipse deg om ei gruppe på Facebook. “Ammegruppen” heter den. Den er super om du trenger tips og hjelp med ammingen. Det er kjempeviktig å få god hjelp tidlig (uten å slenge over litt ammepress altså).

    Citrussug er sånn “typisk” jentebabysug, haha. Hadde det selv når jeg gikk gravid med datteren min. Ønsker deg uansett lykke til fremover. Å få barn er det beste i hele verden!

  • Sååå gøy å lese! Og så fin du er med magen. Jeg er selv 19+4, og kjenner igjen mye av det du skriver! Vil bare spise “mat fra barndommen” hele tiden, og i dag blir det fiskepinner. Vil drikke alt iiiskaldt, og helst med sitron i! Takler ikke stekeos, og liker generelt ikke så godt ting som er stekt i panne, heller ikke egg. Korsryggen verker veldig, men sparkene fra den på innsiden gjør alt verdt det! Ha en fortsatt energifylt(og mindre forkjølelsefylt) onsdag!

  • Artig å lese en oppdatering, og så bra at du begynner å få energien din tilbake! Og hurra for 18.juli, det er en veldig fin dag å ha bursdag på, hihi :)

  • Så fin oppdatering og så fin mage:) Jeg har et lite spørsmål til deg angående mat og graviditet som jeg håper du kan svare på. Jeg er gravid i uke 13 og skal til London i uke 17. Overalt på internett advares det om alle matvarer man må unngå i utlandet. Hvordan gjør du dette når du er ute og spiser i London? Hvilke forholdsregler tar du? Og er det noe spesielt du unngår (bortsett fra det vanlige som rått kjøtt og mjuke oster)?:)

  • Ååå, så heldig du er som har så fin babymage! Eg er 19+3 veker gravid, og magen min ser ikkje gravid ut i det heile tatt! Gjekk ned typ 5 kg dei første månadane og sidan har vekta stått på det same talet. Har ikkje hatt noko behov for å kjøpe nye klede. Veit at det ikkje gjer noko og at alle er gravid på sin måte, men eg har berre så veldig lyst til å sjå like gravid ut som alle andre.