To gode ting!

BriarFloral29-3_968d0036-b83c-426a-ab28-bb214abd728d_grande

I går kjøpte eg denne babylua. Det er ein av dei finaste tinga eg har sett i mitt liv. Frå Briar Handmade.

Også har eg i dag ein tekst på trykk hos Kvinneguiden (framleis så rart å gå inn på framsida og sjå seg sjølv øverst. Liksom hjelp!) som handlar om å vera gravid på internett, som er innmari skummelt og innmari fint. Håpar de vil lesa den, det kan de gjera her, og under her linkar eg til dei andre tekstane eg har skrive der i tilfelle de ville bruka ettermiddagen på lesing!
Om å avslutta vennskap
Om å bli 25 og ha angst for det
Mine tankar om naboen
Fantasering om å bli gamal og å finna motivasjon i det
Når reiser ikkje er perfekte på papiret blir dei som best
Om kor vondt det kan vera med opne kommentarfelt
Om heilt tidlig, tidlig då me fant ut at eg var gravid

Yesterday i bought this bonnet. It is one of the prettiest things I have ever seen. From Briar Handmade.

Oh, and the list you see to the left is one of all my columns, but they are in norwegian.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Takk for fin (og viktig) tekst om vennskap. Det er en vond og vanskelig prosess å gi slipp på venner som etterlater deg med en dårlig selvfølelse, spesielt om de er nære. Men det er, som du sier, så viktig å komme seg ut av de forholdene.

    (Også, nydelig babylue! <3 )

    • Takk! Det er verkeleg det, ein vil aldri vera den som forlatar fordi ein veit jo sjølv korleis det er å bli forlatt. Men noko av det viktigaste eg har lært er å setta meg sjølv først og våga å gjera det beste for meg.

  • Jeg leste om saltlakrisen, hva var det? Levde forøvrig delvis på saltlakris når jeg var gravid, har en over gjennomsnittet godt utvikla 2-åring, så om det skulle være av interesse? Det kommer til å gå bra! Du må bare våge stole på at uansett hva du gjør er det rett, så lenge det føles rett! Og føles det ikke rett, så bare ikke gjør det igjen! Gratulerer med teori, jeg må gå ned den gata i sommer (jeg hater, hater, HATER biler!), wohooo…

    • Gah, nokon som skulle advara meg om at babyen blir stressa om ein et så mykje lakris at det går gjennom til morkaka, berre rein idioti og folk som ønskar seg bekymring og å bekymra andre. Eg veit ikkje kvar det kjem ifrå, men eg føler meg faktisk ganske trygg i meg sjølv med graviditeten, har vore superheldig sånn og likar å lesa og læra om det. :)