The weekend + some london tips.

saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.saturday.

[left]Eg hadde ei så fin helg som varte heilt til i dag, men som var full av kontrastar. Laurdag, som alle bildene er ifrå, åt me deilig frukost med mykje frukt og avokadotoast. Jostein laga den mest luftige kaffe latte du nokonsinne hadde sett (me kallar det kaffesoufflé), også kledde me på oss og bevega oss mot sentrum og The Wallace Collection. Det er eit gratismuseum rett bak Oxford Street, som er altså heilt fantastisk. Me satte oss på ein benk og peika og snakka om favorittbildene våre, så utrulig koseleg og avslappa. Me tok ein liten kakepause i kaféen deira (og på veg ut snakka me om kor fint det er å eta kake istadenfor lunsj når det er helg). Fordi me ville skvisa så mykje som mogleg ut av helga (og fordi me var litt dumme), gjekk me til Selfridges for å sjå på salget, og her kjente eg at føttene og ryggen min mest ville ta ein Uber heim, men det var jo så altfor koseleg å sjå på alle fine barneklede og le av Armani sine dressar for nyfødte. Me gjekk i mathallen og handla inn til Jostein sin spesialitet: ravioli med søtpotet og pancetta, og avslutta kvelden med Miss Marple og ei bøtte Haagen Dazs.

Søndag var ein deigedag utan like, eg gjorde mest ingenting og las om fødsel og babyar (eg har ei hjerne skapt for research), halvsov og såg på TV. Fekk bittelitt FOMO då eg innsåg at alt eg kunne brukt søndagen på allereie var over, men så hugsa eg kor godt det er å berre gjera ingenting. På kvelden gjorde me yoga (Jostein gjer gravidyoga med meg av og til, og det er det finaste og morsommaste. Han opnar opp bekkenet óg!), også avslutta me med ein fastelavnsbolle og enda ein Miss Marple. Me ser ein episode kvar kveld no, ganske så herleg igrunn.

I går var den siste dagen av helga, og me gjekk på The Hateful Eight, Tarantino sin nye film, for på Leicester Square har dei tretimersversjonen med pause (perfekt for den med vondt i korsryggen som treng å opp og gå litt), lunsj på NY Fold (pizza fra himmelen) og bokshopping på Foyles. På kvelden gjorde eg yoga medan Jostein laga middag, og akkurat etter me hadde ete middag, når det var blitt seint på kveld, hugsa eg at me hadde jo seks månader bryllupsdag! Jaja, ein kan vel feira ein annan dag.[/left]

[right]My weekend was so lovely, and lasted until today. On saturday, when all the pictures are from, we had a lovely breakfast with fruit and avocado toast. J makes me the most fluffy coffee ever (We call it coffee soufflé), we got dressed andleft for central and The Wallace Collection, which is a free museum right behind Oxford Street, and it’s amazing. We sat down on a bench and talked about our favorite paintings, so lovely and relaxed. We took a cake break in their café (and on our way out of there we talked about the luxury in eating cake for lunch on the weekend). Because we were trying to squeeze all the weekend out of it, and because we were a little dumb, we walked to Selfridges to check out their sale. My legs and my back wanted to take an Uber home, but my heart wanted to go look at baby clothes, and also laugh at Armani’s suits for newborns. We went to the food court to get essentials for Jostein’s specialty: ravioli with sweet potato and pancetta, and ended our evening with Miss Marple and a bucket of Haagen Dazs.

Sunday was such a slow day, I did pretty much nothing and read about birth and babies (my brain is made to research), slept a little and watched TV. Got a flush of FOMO when I realized everything I could have done on a sunday was over, but hey – sundays are for doing nothing, too. In the evening, we did yoga (Jostein does the pregnancy yoga with me sometimes, it’s so lovely and so much fun. He’s opening his pelvis, too!) and ended with a semla and another Miss Marple. We’re watching one every night now, pretty sweet.

Yesterday was the last day of our weekend, we went to The Hateful Eight, Tarantino’s new film, because they are doing the roadshow version, three hours with a break (perfect for people with lower back pain who need to walk around), lunch at NY Fold (heavvvenly) and book shopping at Foyles. In the evening I did yoga while Jostein made dinner, and right after we had had our dinner, when the night was pretty much over, I remembered it was our six month wedding anniversary. Oh well, we can celebrate some other time.

[/right]

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *