answers about bébé.

[left]Tusen takk for alle kommentarar og for all glede, og takk for alle fine spørsmål de hadde! Det er jo det gøyaste eg veit å snakka om graviditeten! Først tenkte eg å sleppa ut den andre katta me har hatt i sekken, og det som mest prega spørsmåla de hadde: me flyttar til Norge! Det var bestemt sidan før graviditeten, fordi me visste at me ville starta familie, men det passa perfekt med tida! Flyttelasset går i vår, akkurat i tide til å så blomar i bed og roa heilt ned. Me flyttar til Lærdal og gamlahuset, og skal bu i hus! Syns det er så vanvittig fint. Ser så klart for meg livet der, med frisk luft og stille, å våkna for å mata i ein gyngestol. Drømmer om møblar og tapet. Faktisk allereie forrige veke byrja dei med oppussingen der, heile kjøkenet vart røska ut med både veggar og golv, og små og store prosjekt er i gang.

Eg har ikkje lyst til å bu i London med ungar, eg vil vera rundt familie og ikkje bruka hundre tusen kroner i året på barnehage. London er sikkert ein fin by å ha ungar i om ein er millionær og kan bu i hus i Chelsea og ha nanny, men for vanlige folk så virkar det berre vondt og vanskelig og dyrt. Vår tanke er at etter det første omtumlande året har me framleis fleire år på oss med fridom (før skuleåra), der me kan reisa og jobba der me reiser. Bu i Paris nokre månader, bu i Italia, rømma frå kulden. Eit friare liv, heilt enkelt. Kvar me endar opp har me ikkje peiling på, men det føles så bra å ha opna opp for absolutt alle moglegheiter.

Eg har jordmor i Norge og skal føda i Norge, og har berre såvidt vore innom det britiske helsesystemet (har ikkje fastlege her), så det kan eg egentlig ikkje sei så mykje om. NHS skal jo vera superbra, men mi begrensa erfaring er veldig dårlig. Me har derimot vore på ein privat klinikk, The Birth Company, for å ta to ultralydar og blodprøver, og det var fantastisk.

Som frilanser i 2016 føler eg meg så ufattelig heldig som er norsk og at eg skal bu i Norge, ein får akkurat det samme som alle andre i både tid og pengar. Me driv framleis og finn ut av det, men tanken er at me køyrer på med gradert uttak og at eg framleis kan jobba litt (laga oppskrifter og skriva spalter), ca ein dag i veka, i fødselspermisjonen.

Om de har fleire spørsmål kan eg svara på dei i kommentarfeltet. :) [/left][right]Thank you so much for all your comments and all the joy you left me with. It’s my favorite thing, talking about the pregnancy and the baby. I didn’t get any questions in english, other than the thing I’m going to talk about now: We are moving to Norway! It was decided long before the pregnancy, because we knew we wanted to start a family, but the timing was just perfect for us. This spring it is happening, just in time to put seeds in the soil for summer and calm down completely. We are moving to Lærdal, to the old house where we always live. A house! I love the thought of that, I dream about furniture and wallpaper. I can so clearly see life there with fresh air and quiet, waking up to feed in a rocking chair. Already last week they started the remodeling of the house, and big and small projects are underway.

I don’t want to live in London with a baby, I want to be around family and not spend ten thousand pounds every year on nursery. London is probably a nice city to live in if you’re filthy rich and can have a nanny and a semi-attached house in Chelsea, but for normal people it seems too difficult and expensive. Our idea is that after the first crazy year, we still have so much time, before the school years start, to travel and work where we travel. Live in Paris for a few months, go to Italy, escape the cold. A freer life, really. Where we end up we have no idea, but it feels so good to have opened up to every possibility.

I have a midwife in Norway, am giving birth in Norway, and have barely grazed the british health system (I don’t have a GP), so I can’t really say too much about that. The NHS is supposed to be so good, but my limited experience is pretty bad. We have, however, visited a private clinic, The Birth Company, for two ultrasounds and blood tests, and they were amazing.

As a freelancer in 2016 I feel so lucky to be norwegian and to be living in Norway, you get the same as everyone else in both time and money (around a year maternity leave with the same salary you had before you were pregnant). We are going to divide it up so I can work one day a week on recipes and columns.

If any of you do have any questions, feel free to ask and I will answer in the comments. :) [/right]

bebe.

[col3_2]Hvorfor trodde du at du var gravid, hva fikk deg til å ta graviditetstesten?
Eg var veldig trøtt, hadde rare kramper i magen (følte at det liksom drog til sidene av bekkenet), var rar i humøret (plutseleg var eg berre heilt uforklarlig trist, for eksempel) og vart etterkvart sein. Hadde tatt fleire graviditetstestar på bryllupsreisa allereie, som var anten negative eller tvetydige (sjølv om eg skjønnar no at det ikkje finst noko som heiter ein falskt positiv graviditetstest), og var egentlig begynt å tru at det var noko veldig gale med meg.

Og navn! Internasjonale eller typisk norsk?
Me går for veldig skandinaviske navn, og har leita mest blant norrøne. Er så mykje fint der! Me har ei kort liste, og føler oss ganske så sikre på kva det skal bli. :)

Jeg lurer på om du kan beskrive litt hva tanker du gjør deg om livet før og etter baby, hvordan ser din fremtid ut?
Eg prøver å vera realistisk her og tenka at ein aldri kan vita. Det eg veit heilt sikkert er at det er eit stort skifte i livet, me blir foreldre samtidig som me flyttar frå London, modellen på livet blir annleis. Eg elskar elskar elskar å lesa om Mimi på Manger-bloggen, som er gravid med det åttande barnet og bur i slott i det rurale Frankrike, held kurs og skriv kokebøker og har pop up-restaurant, det er berre det beste bildet på at ein kan bestemma sjølv kva livet skal vera, berre ein er litt lur. Eg har tenkt å bli eit meir effektivt menneske, fordi ein må vera det med ungar, og halda fram med å pleia forholdet til Jostein, som er det viktigaste i livet.

Og siden du er fotograf, har du mange gode ideer og tanker til å kunne fange oppveksten til h*n?
Eg føler at styrken min som fotograf er at folk er avslappa framfor kameraet mitt, og det har eg tenkt å la ungane våre vera óg. Det blir ikkje noko oppstilte bilder eller fiffige idéar, berre å fanga sånt som allereie er og som er ekte.

Det er utvilsomt veldig mange positive følelser som er ute og flyr, men jeg lurer på hvilke tanker dere har om økonomi og hvordan det kommer til å bli med en ny en i huset. Hva som vil endres, om dere må reprioritere veldig, om dere er bekymret, om dere føler at dere er på et stabilt sted hvor det passer godt eller at det kanskje aldri passer godt men man må kaste seg inn i det likevel?
Me har det ganske stabilt, eller i alle fall forutsigbart, økonomisk. Me er litt av dei folka som tenkjer at det aldri passar perfekt men ein får det til å funka. No flyttar me jo heim til eit billigare liv, som vil ha enormt mykje å sei for vår dag-til-dag-økonomi, så eg er ikkje så bekymra egentlig.

Jeg lurer på om du får cravings på noe spesiell mat?
Salt lakris! Men det får eg ikkje tak i her i London med mindre eg verkeleg gjer ein innsats, så eg ignorerer det litt. Ein dag kjente eg veldig sterkt at eg MÅTTE ha baklava (som eg typ aldri et), men det gjekk over fort. Føler egentlig ikkje så veldig mykje til cravings no, prøver å vera ærlig med meg sjølv og ikkje la meg sjølv “måtta” eta noko. Eg er konstant svolten, men det er ikkje det samme som å ha lyst på noko konkret, så svolten prøver eg å stilla med sånt som er bra for meg og bebisen. Men så snart eg kjenner eit verkeleg sug frå livmora (haha) så køyrer eg på. :)

När är bebisen beräknad att komma?
I midten av juli! Får meir presis termindato etter 18-vekerskontrollen eg skal på snart.

Och hur mår du som gravid?
Eg har det både bra og dårlig! Det skjer jo så himla mykje med kroppen og psyken og hormonane, så det er vanskelig å forutsjå korleis eg reagerer på ting og det er slitsomt for ein person med kontrollbehov, men utan tvil ei god førebuing på babylivet. Eg er så vanvittig lykkelig, Jostein og eg berre går og smiler til kvarandre heile dagen lang og alt føles spennande. Men, eg har dagar der eg er fullstendig hemma av ryggsmerter, eg søv dårlig fordi blæra mi er mindre og eg blir pangtrøytt før arbeidstiden er over. Er tidvis vanvittig svimmel (sjølv om eg har nok jern i kroppen) og rare stikkande smerter både her og der. Alt i alt så er det som eg trudde å vera gravid, livet er bedre men óg verre, men eg trøstar meg med at det er midlertidig, og det er på langt nær så ille at eg ikkje ville gjort det igjen. No er jo eg i andre trimesteret, som er det beste for dei fleste, men det første var heilt grusomt. Me måtte holda det hemmelig, eg måtte sova fleire gongar på dagen og eg var berre så vanvittig kvalm og orka ikkje tanken på det meste av mat. Takk og lov at det gjekk over. No er eg snart klar for havregraut igjen!

Korleis trur du graviditeten kjem til å påverke bloggen og innhaldet?
Eg er veldig glad, når sånt skjer, at eg ikkje har nokon veldig nisjeblogg, men at den handlar om heile livet mitt og alt eg interesserer meg for. Kjem definitivt til å skriva om graviditeten, korleis det føles, søte ting me kjøper og korleis det er å bli mamma.

Kva personlighetstrekk håpar du babyen arvar av deg og Jostein? Nevn gjerne éin på kvar!
M: Eg håpar den arvar min trass og individualitet, sjølv om eg veit det er kjempeslitsomt for foreldre (unnskyld, mamma og pappa, men det gjekk vel bra, det her?). Mitt største ønske er at den blir like snill og open for kunnskap som Jostein. Det hadde vore ein knallkombo.
J: Om ungen vår klarar å kombinere Mariell sitt glimrande instinkt for «kva må til, her og no» med mi meir abstrakte, langsiktige tilnærming, trur eg han kjem til å greie seg godt.

Kva sa familien dykkar når de fortalde nyheita? Blei dei superoverraska eller hadde dei sett den komme ei stund?
Mamma hoppa opp og ned på golvet og vart sånn filmsjokkert med begge hendene over munnen, pappa var sjokkert men stille, holdt auga på eit fast punkt i golvet, haha. Det var det gøyaste i verda. Trur dei var ganske overraska, sidan me dei siste åra har høyrt mas om barnebarn i annakvar samtale og me har vore høgst avslappa rundt tanken. Alle andre har vore kjempeglade óg såklart, men det var noko heilt spesielt å få fortella foreldrene mine det, som blir besteforeldre for første gong.

Kjem du til å kreve mindre av deg sjølv som gravid enn til vanleg, trur du? mtp. jobb og liknande?
JA. Det gjer eg allereie. Får venner til å heller komma hit enn å reisa til travle sentrum, sluttar på jobb klokka tre om eg treng det, sånne ting. Men eg pushar meg sjølv til å gå ut og gå mykje, for det er bra for meg og for bebis.

Hva var det første du tenkte etter at det virkelig gikk opp for deg?
Om eg skal vera heilt ærlig og ikkje pakka inn i sukker tenkte eg faenfaenfaen. Ikkje fordi eg ikkje var glad eller fordi det var eit uhell på nokon måte, men fordi eg hadde håpt det skulle ta lenger tid og eg umiddelbart visste at jobbsesongen min gjekk rett sør. Med termin i midten av juli går heile sommaren vekk, og alle mine fine bruder og brudgommar skulle måtta finna seg nye fotografar. Var så redd for kva dei skulle sei, men alle har vore så snille og fine. Heidi har coacha meg gjennom frilansskuldfølelsen (fordi eg har bombadert ho med spørsmål) og sa det enklaste og finaste nokon kunne sei: “det er lov å bli gravid”.

Prøvde dere lenge før dere ble gravide? / Mitt spørsmål er om dette var planlagt fra deres side? Og hvor lenge dere i såfall har prøvd?
Det var ikkje planlagt i den forstand at me visste når eg hadde eggløsning og den slags, hadde ikkje styr på sånt, men det var definitivt eit ønske om å bli gravide etter bryllupet (25. juli). Det skjedde heilt enkelt veldig organisk, og ganske mykje fortare enn eg hadde trudd.

Har dere magefølelse på kjønn?
Eg hadde det, følte meg så sikker på at det var ei jente, men så såg me på ultralydvideoen (snakkar om dette i siste podcastepisode, #25) det eg var heilt sikker på at var ein penis (sjølv om det heilt sikkert ikkje var det), og etter det har eg berre følt meg heilt nøytral. Men det føles egentlig veldig fint, det er heilt det samme for meg kva det er.

Hvilken matvare er det kjipest om barnet ender opp med å ikke like?
OI, her er det mykje å ta av. Min første tanke var pasta, men i min erfaring med ungar er ikkje det noko problem. Blir kjipt om den ikkje likar grønnsaker, typ søtpotet og  paprika og sånt me puttar i alt me lagar.

Hvor mange barn har dere lyst på? (Kanskje rart å svare på når ikke nummer en er ute i verden enda, men gøy å høre hvilke tanker dere har om familie.)
Jostein og eg har jo vore ilag i 11 år, og har prata om “ungane våre” sidan starten, og me har tenkt at me vil ha fire. Men me er óg realistiske menneske og har jo ingen ungar enda, så me må sjå det an og sjå kva type ungar me får! Kanskje får me to superaktive som reknast som fire? Ingen aning!

Jeg freelancer også i London og lurer på hvordan du synes det engelske systemet er ift oppfølging igjennom graviditeten? Har dere tenkt til at barnet skal gå på engelsk skole og snakke norsk hjemme?
Forklarte over her ang. kor mykje eg har hatt med det engelske systemet å gjera, men tenkte å forklara litt om jobb: selskapet mitt er norsk og typ alle kundane mine er norske, så eg har ingenting med det engelske systemet å gjera igrunn. For oss er det superviktig at ungane våre tidlig blir innført i engelsk, sidan me vil kunna reisa mykje og fordi me har så mange fantastiske engelskspråklige venner. Eg begynte å læra engelsk då eg var fem, og det var ein veldig stor fordel for meg, så me kjem til å forsiktig dytta i den retningen.

Hva tenker du om fødselen?
Eg har alltid vore livredd for fødsel, fordi eg vil ha kontroll, men no gler eg meg egentlig til å læra meir om det, om teknikkar og sånt ein kan gjera for å holda ut og holda seg fokusert, elskar å læra om sånt og syns det er så spennande.

Jeg lurer på om du har dager/perioder der du absolutt ikke orker å gjøre noe som helst, særlig jobbrelatert, og hvordan du kommer deg videre fra sånne stunder?
Ohhh yes. Eg trur ikkje det er ei overdriving å sei at eg til saman har ca tre jobbdagar i veka no. Eg prøver for ein gangs skyld å vera grei med meg sjølv, som ikkje alltid er så enkelt, og på denne tiden av året er det vanligvis utrulig lite jobb uansett (har ingen fotooppdrag eller webdesignoppdrag akkurat no), så eg styrer det veldig sjølv og det er eg glad for.

Gratulerer så mye til dere begge! Så stort! Jeg er overrasket over at ikke flere har kommentert at de hadde en liten mistanke. Jeg begynte å spekulere litt da du skrev noe om “det som skulle komme” i et desemberinnlegg. For min egen del har opplevde jeg å finne ut at jeg var gravid i jula, for deretter å miste i januar, i uke 6. Jeg ble veldig lei meg, for dette var noe vi har vært klar for siden i sommer. Jeg bekymret meg veldig lite og tok nesten for gitt at det skulle gå bra. Derfor ble det et ekstra hardt slag da det ikke ble noe av den babyen vi gledet oss til. Fordi jeg akkurat har opplevd dette, suger jeg til meg alle andre sine erfaringer og tanker rundt spontanabort. Jeg har en venninne som også mistet på samme tid, men for hennevar det mer som et skuldertrekk/ingen sorgreaksjon, siden hun vet at det er normalt og at det er vanlig at det skjer. Til spørsmålsrunden lurer jeg derfor på? Kjenner dere noen som har opplevd spontanabort? Var du redd for å miste? Og hvordan var det å oppdage at du var gravid, “nesten før du hadde ventet på det”, som du skriver? Får man litt sjokkfølelse i tillegg til å bli glad? Eller var det bare pur glede? Og om du syns noen av spørsmålene var litt uhyggelige å komme med i slik en gledes stund, så er du velkommen til å se forbi den. Men jeg ble overrasket over hvor mye trøst jeg syntes det var i å tenke på Mark Zuckerberg og kona som var åpne om sine egne tap. Jeg tror åpnehet om temaet kan være til hjelp og støtte for mange. Jeg håper på masse koselige baby og graviditetstanker på bloggen framover!
Tusen takk! For min del har det vore litt både/og, eg har vore heilt hemmande redd men tvinga meg sjølv til å hugsa på kor vanlig det er før dei 12/13 vekene har gått. Tidlig i graviditeten var eg heilt sikker på at fosteret ikkje levde, du kan lesa litt om det her, og måtte gå på (privat) ultralyd i veke 9 for å ikkje implodera av sorg. Og sjølv om det går bra no og eg føler meg mykje tryggare så får eg ofte ei kald kjensle av at det ikkje kjem til å gå, og eg prøver å ikkje gløyma at sjølv om det går bra denne gongen kan det gå gale den neste. Å finna ut at eg var gravid var definitivt eit sjokk, sidan eg hadde bestemt at det ikkje skulle skje så fort, men eg har innsett at når ein begynner å ønska å bli gravid så er ein klar, og da får alt anna ryddast unna og arkiverast.

Gratulerer! Jeg lurer på hvor langt du er på vei?

Eg er 15 veker på veg/i veke 16. Tidspessimist som eg er seier eg 15, men eg trur dei fleste andre ville sagt 16 (og det er det som står i alle appar og sånt).

Spørsmål til Jostein: er du litt misunnelig på Mariell fordi hun får lov til å være gravid?
J: Eg misunner ho ikkje det slitet ho har gått gjennom dei siste månadene, og enno har framom seg, det gjer eg ikkje. Men stundom skulle ein sjølvsagt ynske at ein fekk bera nokre av byrdene, at ein kunne fordele litt jamnare den innsatsen som må til for at eit barn skal koma til verdi. Men – heldigvis finst det andre område eg kan få bidra på, så eg gjer så godt eg kan der.[/col3_2]

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Først av alt: gratulerer så mykje til begge! Gler meg til å lese framover :) Så har eg eit spørsmål: kva tenkjer du/de rundt det å publisere bilder av ungen på bloggen/ sosiale media? Veit at ein del vel å ikkje dele så mykje bileter, spesielt første tida, både pga privatliv/ respekt for at barnet kan syns det er ugreit når det blir eldre/ frykt for at bilder skal bli misbrukt eller andre ting. Så eg lurer litt på kva tankar de har om det, sidan du publiserer så mykje bileter på bloggen, og det kanskje er litt “forventa” av leserane dine at det skal bli lagt ut bileter?

    • Tusen takk! Det er definitivt noko me har oppe til samtale ganske mykje, men som me ikkje egentlig har noko svar på enda. Eg har jo alltid vore veldig forsiktig med andre folk sine ungar på bloggen, men eg føler ikkje nødvendigvis det samme for våre eigne ungar. Det er berre ein av mange ting Jostein og eg kjem til å snakka mykje, mykje om, før den tida kjem. :)

  • I think you have definitely made a good decision to leave London and be in Norway with friends and family when you have your baby. We had our first baby in the city but left when he was a year old. It is nice to have space and nature around your growing family (our next baby – twins in fact – were born in a small coastal town with forest, river and beach to play on). And you are right about nursery fees – it is so hard to find good childcare in the UK, and the price is appalling. Wishing you all the best at this exciting time in your life!

    • Thank you, Jenny! I thought I would feel a lot more anxious about it, and I’m sure I will get a little panicky when the date approaches, but for now I am so happy to be going home and to be leaving. London isn’t going anywhere. :)

      • You can always move about when life has settled down. We moved from Scotland to England with one baby, then from England to Denmark with three children. Travelling and living overseas with your kids really broadens their minds. Now my son wants to live in Germany after university and my daughters think they will live in Gothenburg (I hope so – it’s my spiritual home). Life can always be an adventure. X

  • Nå er jeg litt sent ute, men gratulerer såå mye! For en hyggelig nyhet :). Jeg lurer på om dere har vært inne på tanken om å ha med en fødselsfotograf på fødselen? Jeg var helt fjern når jeg var gravid og var ikke inne på tanken en gang. Jeg vet ikke om jeg hadde turt å hatt med en fotograf, men nå i ettertid hadde det vært så fint å hatt noen andre bilder enn de uskarpe gule bildene jeg sitter igjen med(fra de styggeste vinklene du kan tenke deg, hehe). Heldigvis har jeg lagret de fineste øyeblikkene i minnet :-)

  • Gratulerer så mykje til dykk begge! Eg gler meg til å fylgje med vidare og sjå korleis livet utfolder seg med eit lite mirakel som dreg i nye retningar <3

  • Jeg vil bare anbefale Susanna Helis bok “Föda utan rädsla” (finnes sikkert i norsk oversettelse), den er såå bra! Fikk den anbefalt av jordmor da jeg var gravid, og hun skriver veldig fint om mental forberedelse til födselen samt om dykmetoden. Brukte selv dykmetoden da jeg födte barn, og den hjalp meg så mye. Tips tips tips!

    • Tusen takk, Ida! Syns det er så innmari skummelt kor forskjellig alle fødslar er, og har fastslått at eg nok må læra alt om fødslar før eg kjem dit. Las nettopp ei lang utgreiing om dykmetoden og at den ikkje funka for vedkommande, haha. Men takk for tipset, keep them coming. :)

  • Ååå, jeg er bare så veldig glad på dere begges vegne! Og gratulerer så mye! har fulgt bloggen i årevis, og vet hvor mye dere har sett frem til dette, og jeg blir veldig glad for at det er deres tur. Og planene deres er også veldig fine:)

  • Jeg lurer på om du kan si noe om grunnen til at du har tatt to tidlige ultralyder og hva du tenker generelt om fosterdiagnostikkdebatten som pågår både i Norge og ellers i verden nå.

  • Åååå så fint å lese!! Kjempeglad på deres vegne, og har veldig troen på gamlehuset <3 synes alt som har med innredning og gjøre er utrolig spennende, og særlig når folk er så estetiske og kreative som deg/dere. håper derfor på oppdateringer om oppussing, og kanskje litt bilder fra barnerommet og/eller andre ting dere kjøper til bebisen? er også veldig nysgjerrig på navn haha :) Alt godt til dere!

  • Gratulerer så mye. Jeg bare lurer på om dere benyttet dere av å bo i England/London og det faktum at NIPT test er lovlig der? Er også lov i Skandinavia forresten, bare ikke i Norge. Tenkte veldig på dette selv rundt uke 10-13, men hadde ikke kapasitet til å både ut med mange tusen kroner for testen + ta fri fra jobb for å reise til Sverige eller Danmark. Føltes ok å ikke ta testen også da tidlig ultralyder indikerer at alt er fint med vår lille (som blir født til våren:) men hadde nok tatt den om den var tilgjengelig hvor vi bodde. Lykke til, kos deg nå som kvalmen er over, det er så deilig!! :)

    • Hei, Ulla! Tusen takk! Eg visste faktisk ikkje at det ikkje var lov med den typen testing i Norge, me har heilt enkelt berre tatt alle testar for å vera sikre på at alt er som det skal. :)

  • Så fine og ærlige svar på spørsmålene! Jeg skal ha mitt andre barn i London nå til våren, og jeg må si at min erfaring med NHS er virkelig helt topp! Men fristelsen til å flytte hjem til Norge igjen har aldri vært så stor som etter at vi fikk barn, og jeg grugleder meg til hvordan det blir med to barn i barnehagesystemet her… Det er ille dyrt altså. Så jeg skjønner virkelig at dere setter kursen hjem igjen! Kos dere masse med alt det spennende som skjer, og som skal skje!

    • Så fint at erfaringane dine med NHS er gode! For min del er den einaste erfaringen eit fire timers langt ventehelvete på eit venterom med sjuke og/eller rusa personar. DA lengta eg heim, da.

      Eg blir så sint av heile den greia der, det er ikkje rart at likestillingen ikkje kjem lenger i dette landet, når det nærast blir forventa at kvinnene skal bli heime i alle fall nokre dagar i veka fordi det er så dyrt med barnehage. Det gjer meg heilt gal!

      • Don’t get me started haha. Jeg hater dette landet nesten like mye som jeg elsker det. At de ikke forstår hvilket stort tap det er, økonomisk og mer, for hele landet at kvinner ikke jobber, eller jobber redusert (som jeg er nødt til pga barnehage). Jeg har grått og bannet over denne debatten så mange ganger, og kjent på den følelsen av at man er begrenset på grunn av kjønn… Det er helt sykt. Norge er jammen et flott land!

  • Så fine svar, Mariell! Skjønner godt at dere velger å flytte hjem til Norge, særlig når dere har et fantastisk hus som står og venter på dere! Min drøm <3 Gleder meg til å følge med videre, iiiih!

  • Soooooooo happy for you to have the adventure of motherhood!!! Congratulations! I can completely understand the desire to not be in London while raising a family and to move on regardless to a new chapter. Glad we have been able to share the same city for a while. It has been lovely to see it through your eyes. xx

  • Så morsomt at dere tenker på norrøne navn! Helt siden nyheten kom har jeg sett for meg dere med en liten jentebebis som heter Frøya haha :)

  • Gratulerer begge to, og takk for sist då du tok bilete av min vesle O. i Lærdal. Ønskjer deg hell og lukke både i graviditeten og i tida etterpå!

  • Har termin i slutten av august og er nå i siste del av første trimester, føler deg så innmari på salt lakris, nammis!!! Er en veldig god en på sunkost, husker ikke navnet helt, men den er fantastisk! Gratulerer så innmari mye med verdens største gave. Vi har absolutt et veldig spennende år foran oss. <3