friday link love.

ny-link love copy

God fredag, alle saman! Eg håpar de har hatt fine veker med produktivitet og bøker! Veka mi har hatt gode og dårlige dagar og det eg sit att med, utanom tulipanar, er ei sjeldan kjensle av balanse. Nokre dagar jobba eg nok for ei heil veke, og det har eg tenkt å tvinga meg sjølv til å vera fornøgd med. Neste veke blir ei spennande veke som eg kjenner sommarfuglar for! Er så glad for at ein får ha sånne som vaksen óg.

I går kveld fekk me julegåva vår av Mariell, som var så fin at eg må tipsa om den! Ho hadde kjøpt billettar til Sofar Sounds, der vanlige folk leiger ut leilighetane sine til konsertar, og ein veit ikkje kva konsertar det er før ein kjem dit. Veldig intimt, veldig fint. Og stort pluss i boka for at ho til og med hadde med seg dessert, våre favorittcupcakes frå Violet Cakes, sjokolade med salt karamell. Finst både i Oslo og i Bergen, faktisk!

Uansett, eg har sjølvsagt samla ihop det beste av internett til dykk denne veka óg, her kjem det!

  1. Johanna Bradford tipsa, på sin nye blogg, om min nye favorittblogg, Loui Loui.
  2. Emily delte sine topp instagram-kontoar. Om du gjekk glipp av det, kan du lesa mine nye her.
  3. Min favoritt, Sheila Heti, skreiv ein så fin tekst om å la seg sjølv vera sjuk, her.
  4. Eg elskar Milano Cookies frå Pepperidge Farms, men det er veldig få plassar der ein får tak i dei i London (og i alle fall i Norge!), så eg tenkte kvifor ikkje baka dei sjølv?
  5. Housethatlarsbuilt kan ein lesa ein guide til korleis ein skal finna interiørstilen sin, syns det var så inspirerande.
  6. Bri har dei siste vekene snudd bloggen sin på hovudet og skrudd tilbake tiden. Bloggen hennar er no som blogging var ca 2008, og det er SÅ INSPIRERANDE.

Happy friday, all you nice people! I hope you had lovely weeks with books and productivity! Mine has had good days and bad days, and what I’m left with, other than beautiful tulips, is a rare feeling of balance. Some days I worked enough for the whole week, and I’m forcing myself to feel really good about that. Next week is a very exciting one, one that I’m actually feeling butterflies for. I’m so happy that happens in adulthood too.

Last night, Mariell gave us our christmas gift, and it was so nice I wanted to tell you about it. She had gotten us tickets for Sofar Sounds, where normal people give their flats up for one night for a concert, and you don’t know what it will be before you get there. Very intimate and lovely. And a big plus that she had also brought dessert, my favorite cupcakes from Violet Cakes, chocolate and salted caramel. It’s in a lot of other cities too!

Anyways, I have gathered the best of the interned for you this week too, hope you’re ready!

  1. Johanna Bradford shared, on her own new blog, what is my new favorite blog, Loui Loui.
  2. Emily shared her best instagram accounts. If you missed it, you can read about mine here.
  3. My favorite, Sheila Heti, wrote such a lovely column about allowing yourself to feel ill, here.
  4. I love Milano Cookies from Pepperidge Farms, but it’s difficult to get here in London (and in all of Norway!), so i thought why ot bake them myself?
  5. At Housethatlarsbuilt you can read a guide on how to find your interior style, i found it really inspiring.
  6. Bri has, the last couple of weeks, turned her blog upside down and turned back time. Her blog now reminds me of blogging cirka ca 2008, and it is SO INSPIRING.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *