a book i loved: purity by jonathan franzen.

purity.

Purity var den beste boka eg las i fjor, og på den siste sida grein eg, ikkje fordi slutten var spesielt rørande eller overraskande men fordi boka var ferdig.

Boka handlar om Pip Tyler, Purity som ho egentlig heiter, som har eit ganske komplisert liv. Ho jobbar for ein mann ho hatar, har eit komplisert forhold til mora og barndommen sin, er konstant overvelda av studiegjelda si og bur i eit okkupert hus med ein interessant og merkeleg gjeng personar. Så tek historia plutseleg ein heilt annan tvist, ein blir ført inn i tre andre historiar som knyter seg ihop etter kvart (eg har forstått at dette er ei form Franzen brukar mykje), og ein hoppar fram og tilbake i tid og mellom landegrenser.

Eg har aldri nokonsinne lest ein forfattar som Jonathan Franzen før. Han forstår kompliserte familiar som ingen andre, og er så observant. Tidligare har eg holdt meg unna litteraturen hans fordi den har skremt meg med kompliserte og intense plot og høge sidetal, men ei venninne skreik nesten til meg at DU MÅ LESA FRANZEN, og sidan ho er ein av få personar eg tek ordre ifrå så gjorde eg det.

Eg plukka opp denne boka i København i slutten av september, og det tok meg tre månader å lesa ho. Det er sånn det går med meg og tjukke bøker, eg blir overvelda og treng tid på å ta det heile inn, og sjølv om Franzen er økonomisk i språket er historia likevel så stor at den treng så mange sider som han gir den.

2016 blir definitivt eit Franzen-år.

Purity was the best book i read last year, and on the last page i cried, not because the end was particularly moving or surprising but because it was over.

The book is about Pip Tyler, or Purity which is her real name, who has a pretty complicated life. She works for a man who she hates, has a complicated relationship to her mother and her childhood, is constantly overwhelmed by her student debts and lives in an occupied house with a bunch of interesting and weird people. Then, the history takes a different turn and we are led into three other stories that tie together somehow and eventually (I have understood this is a method Franzen uses a lot), and it jumps back and forth in time and between countries.

I have never ever read a writer like Jonathan Franzen before. He understands complicated families like no one else, and is so observant. I have kind of kept away from his literature before because it has scared me with its complicated intense plots and lots of pages in all of his books, but my friend screamed at me YOU HAVE TO READ FRANZEN and since she is one of the few people i take orders from, I did.

I picked up this book in Copenhagen in the end of september, and it took me three months to read it. That’s how it goes with me and big books, I get overwhelmed and need time to take it all in, and even though Franzen is economical in his language the story is still so big it needs the pages he allows.

2016 is a Franzen year, for sure.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *