i det siste i livet.

chopping trees.

hei, mine fine venner. har de det fint? lagar de karameller og pakkar inn gåver? eg er på veg dit óg, inn i juleskya og julestria, og eg gler meg til å pakka inn fint, kjøpa all twisten i butikken og laga heimelaga raudkål for første gong. akkurat no sit eg i jostein sin genser i stova i gamlahuset i lærdal, et quality street (den britiske versjonen av twist, som me tok med oss av nostalgiske grunnar) og tenkte å oppdatera dykk litt på livet:

– før me kom hit, hadde me eit par dagar i oslo der me: 1. budde med familien til jostein og vart vekt av ein to år gamal nevø som banka på døra og no seier mobror! og mariell! når han skal ha tak i oss. 2. hadde ein julefest med nokre av våre aller næraste venner som vart ein heilt magisk kveld av julegåver, dans rundt treet og ei svær øskje konfekt. 3. fekk eit møte med redaktøren vår som var velbehøvd etter eit heilt år utan romanskriving. 4. kjøpte eit nydeleg hattestativ i messing for 350 kroner på tidsrommet.

– i min håndbagasjekoffert frå london låg det tre ting: morgonkåpa mi. datamaskina mi. to store øskjer med juletrepynt. den innsjekka bagasjen vår var ei heilt anna historie. takk og pris for sølvkort hjå sas.

– i går besøkte me mamma og pappa, der jostein kokkelerte ein sjuk lasagne (ein spesialitet i vår vesle familie) og eg gjekk gjennom all julepynten etter mormor og fekk plukka ut kuler og glitter som eg skal få ha. så fint å tenka på folk som ikkje er her meir i jula, men utan at det blir så innmari trist, tykkjer eg. jostein skal skriva små k-ar på alle kulene, k for kirsten.

– i dag har eg, jostein og veslesøster vore på besøk til kusina mi der me bygde fort med døtrene hennar, las emil-bok og åt kringler med brunost. etterpå kjøpte eg og jostein oss eit juletre, vårt første juletre, som akkurat no driv og venner seg til innetemperatur. det klør i fingrane etter å få kasta glitter over det saman med jostein.

– i morgon skal eg laga troika til den store gullmedaljen, koka lemon curd og fiksa koselege smågåver til folk som har gjort året mitt ekstra fint. på kvelden skal jostein og eg skriva rim på gåvene til folk, som dei gjer i sverige.

– eg er så kry for at eg har klart å holda hemmelig kva gåva til jostein er i år, men ca to gonger for dagen må eg minna han på kor fornøgd eg er med kva eg har kjøpt. for alltid eit vakse born.

– på tysdag spelar sara og eg inn podcast-episoden som kjem ut på julaftan, og det trur eg blir ei intenst koseleg stund.

no kjem eg ikkje på noko anna som de ikkje veit om! skal lova å plukka opp litt i publiseringen her og blogga meir til jul, veit jo at det er mange som ligg med klementiner på sofaen og les bloggar når det er nedetid i julestria. mariell ut.

 

*translation:
hello, friends! how are you? are you making caramels and wrapping presents? i am on my way there too, into the christmas clouds. i am currently in j’s big sweater in our little old house that is all warm and ready for christmas, i have a bowl of quality street in front of me (that i imported myself) and thought i’d update you on life lately:

– before we got here, we spent a couple days in oslo where we stayed with j’s family. our little nephew who is two, knocked on our door to wake us up in the morning. we also got to see our closest friends, who made dinner and the loveliest little party with gifts and the biggest box of chocolates. we also bought a hat rack!

– from london i brought alllllll of my christmas baubles, they were practically the only thing in my carry on (so scared of something breaking!).

– today, we bought a christmas tree. j’s and my first one. it is getting used to inside temperatures right now, i cannot wait to throw glitter at it!

– i am so proud of myself for keeping mum on j’s present this year, but about twice a day i have to remind him of how awesome it is. for ever a child.

that’s all folks! i hope you are all well, all happy, all excited for christmas.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *