vintermorgon.

i julebladet mitt skreiv eg ein tekst som heitte vintermorgon, heilt og holdent inspirert av anja dahle øverbye sin nydelege illustrasjon. i dag lengtar eg i heile kroppen mot desse morgonane. berre éi veke til no!

advent_anja

Eg likar å få med meg så mange vintermorgonar eg kan. Samla på dei. Skli ut av dei varme lakena, dra på meg ei morgonkåpe og føla meg fram mot dørklinka i det stummande novembermørket. Legga vedkubbar i triangel og fyra så det knastrar og knekk i treet, ljoden av eit varmt hus.

Det neste er å koka sterk kaffi, med kardemomme i gruten, kjenna korleis lukta sprer seg i heile hu- set, pressar seg gjennom golvplankane og opp til han som framleis søv der oppe. Det er ein takksam jobb å vera den første opp, å klargjera huset for dagen. Vera den første som får nyta synet av dei svoltne fuglane på fuglebrettet utanfor, kjenna knirkinga i golv og surklinga i kaffitraktaren.

Med ljoset kjem óg skodda, sakte og utan ljod pakkar ho inn dei frostbitne trea. Ho er så tett inntill at ein kan sjå ho stryka langsmed vindaugskarmar, og saman med teppet av snø dannar ho ein kvit vegg der ute, ein vegg som gjer det umogleg å ta seg ut, eit rasjoneringskort for innandørstid. Smaka på den mørke ka en, klappa hunden, stella med blomane som heng med hovuda.

Ein skulle vel kanskje ha gjort nytte for seg, men varmen frå vedomnen er så altfor herleg, at eg blir sittande, iallfall ei lita stund til.

 

illustrasjon: anja dahle øverbye.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Veldig fin tekst, som liksom suger leseren/meg inn i stemningen:) Det gjør forresten hele bloggen din, tar oss med til et annet univers.

    Vet du om det er mulig å kjøpe Øverbyes illustrasjon, og/eller hvor den er hentet fra? jeg prøvde å finne den via linken til hjemmesiden hennes, men fant den ikke. Før jeg mailer henne og spør, tenkte jeg å spørre deg hva den evt. heter!

  • “Med ljoset kjem óg skodda, sakte og utan ljod pakkar ho inn dei frostbitne trea. Ho er så tett inntill at ein kan sjå ho stryka langsmed vindaugskarmar”

    Denne setninga og katteillustrasjonen tok ljuven på meg. På den gode måten.