friday link love.

link love

hei, fredag! denne veka. denne veka har eg følt meg litt rar, litt utilstrekkelig, litt all over the place. har ein sånn meh-følelse i magen som eg ikkje heilt kan forklara, som om eg er utanfor min eigen kropp, forvirrande og frustrerande. så eg har bestemt at denne helga skal bli den roligaste i manns minne. eg skal sjå amalies jul, drikka te, baka scones om eg føler for det, og sjå på juletre på pinterest. kanskje ikkje den mest peppe friday link love-teksten eg har skrive nokon gong, men hei! livet er jo sånn. men, eg har faktisk samla seks superbra linkar til dykk denne veka, som eg håpar de likar og vil nyta denne helga!

og ps: har ikkje så mange adventsmagasin att her i norge (me tok med oss éi kasse), berre kanskje 10 stk., så om de vil ha eit i løpet av neste veke, bør de bestilla no. 

  1. eg er alltid kjapp med å klikka meg inn når eg ser at mimi har oppdatert bloggen, og dette blogginnlegget gjorde meg ekstra glad. ho har ein måte å skriva om livet og mat på som gjer meg berre så rolig og glad.
  2. refinery29 hjelper oss med å bli gode på å dekka bord som disney-prinsesser.
  3. eg fulgte cherry blossom girl-bloggen religiøst i mine tidlige bloggeår, den var verkeleg med på å forma min blogg og, faktisk, meg. men som det ofte skjer, datt eg av lasset ein stad og gløymte ho litt. denne veka fant eg ho igjen, no har ho ein liten bebis! så utrulig fint å få lov til å følga folk i livet på denne måten.
  4. nena and co har så innmari fine band til kameraet, har litt lyst på eit men må sjekka at det faktisk tåler vekta av kameraet mitt (eit vanlig problem for meg!).
  5. jen carrington skriv veldig realistisk og bra om korleis ho slutta å bekymra seg over pengar som frilanser.
  6. 26 ting ein bør gjera for seg sjølv kvart år, via cup of jo.

 

 

 

*translation:
hi, friday! this week i have felt a little strange, a little not-enough, a little all over the place. such a meh feeling in my stomach i’m finding hard to explain, like i’m outside my own body, a little confusing. i’ve decided this weekend will be the calmest of weekends. i’m going to watch the tv advent calendar, drink tea, bake some scones if i feel like it and look at christmas trees on pinterest. maybe not the most upbeat friday link love i have written, but hey! that is life. but, i have gathered six awesome links for you that i hope you will enjoy this weekend.

 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *