a wednesday list.

sara.

1. avhengig av?
veldig lite, men eg er ganske avhengig av rutinene mine. når eg kjem utanfor dei kan eg bli ganske stressa.

2. kva får du oftast kompliment for?
av utsjånad: håret mitt og kinnbeina mine. av evner: fotograferinga og skrivinga.

3. kva er planane for 2016?
dei er store og dei er mange, og eg gler meg så innmari til å få dela litt av dei med dykk. men enn så lenge passar eg på dei og held dei for meg sjølv.

4. kva er det merkeligaste du har ete?
eg et egentlig aldri noko merkeleg, held meg meir på a4-sida når det kjem til ingrediensar. i italia åt me noko me ikkje visste kva var og etterpå fann eg ut at det var kumage, lett etterpå-traumatisert av det.

5. korleis ser morgonrutina di ut?
eg våknar stort sett til frukost, jostein står opp litt før meg og lagar den. i dei fem minutta før frukosten er klar, vaskar eg ansiktet, tar på fuktighetskrem, pussar tennene og kler på meg. me et frukost rundt halv ni, sjølv om me i dei siste vekene har vore superforvirra av mørket og hatt lyst til å skyva heile dagen litt. etter frukost, ca ni, har me ein heil time til å chilla/lesa/rydda før me byrjar jobben!

6. seriar som du følger akkurat no?
scandal, casual, the mindy project og fargo.

7. 5 ting du vil gjera i framtida?
bu ein månad eller to i ein annan by, jostein og eg siktar oss inn på januar-mars 2017. watch this space!
læra å laga julemat.
skriva ferdig ei barnebok.
læra meir om vin.
laga fleire magasin.

8. har du nokonsinne brote lova?
på vidaregåande stjal eg ikkje ei, men to, handlekorger frå mega på sandane. i slutten av tredjeåret leverte eg dei tilbake. og då eg var kanskje ti stjal eg ein sånn falsk ring til å putta i nasen så det skulle sjå ut som om ein hadde hol der, på nille i sogndal. ingenting som er så spennande, altså.

9. kva står det i den siste SMS-en du har fått?
“mmmm gulrotkake”, frå jostein som var på bakeriet i dag tidlig og kjøpte kake til eit lite selskap me tok med bestemor. då me kom inn døra stod ho og baka fylte kjeks, ein meget koseleg formiddag.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *