ein titt inn i adventsmagasinet!

mag.
hei, kjære fine folk! håpar de har fine måndagar og at de hadde rolige helger med folk de er glad i. eg har vore på postkontoret ein halv evighet i dag, sendt ein heil postsekk med adventspakkar og magasin! dei ler berre av meg på postkontoret. eg gler meg sånn til dei kjem fram til dykk, kanskje er det nokon som har fått det allereie i dag? så eg tenkte at me kunne sjå litt meir på magasinet! på grunn av det høge forhåndssalget endte eg opp med å kjøpa 1000 istadenfor 500, så eg har defintivt nok til alle som vil ha (og let’s be honest, sikkert nok til å kunna selga nokre neste år óg). framsida er det terese b larsen som har laga, den gjer meg så glad!

her kjem ein masse sider frå magasinet, mesteparten av dei er “sensurert” så de skal måtta kjøpa bladet for å få lesa. salgstriks! :) om du vil kjøpa det, kan du klikka her. ps: magasinet er trykt på avispapir, men det er av veldig høg kvalitet og grunnen til at det ser kornete ut her er fordi det har vore så mørkt i dag så bildene vart brusete og fæle. 

og til alle de som allereie har kjøpt det, og som ventar på det i posten: tusen tusen tusen tusen tusen takk, for at de tør å stola på at eg lagar noko som er fint, som de vil lesa og gi vekk og støtta. å laga reklamefrie magasin kjem alltid til å vera ein risiko, og eg er berre så djupt takksam for at de vil støtta meg og prosjekta mine. er så innmari stolt av oss. no vart dette ganske soppy, men det får det vel lov å vera av og til!

mag.
på den første sida er dette bildet av meg då eg fekk mitt første par ski. kreppa hår!

mag.
på ei side har eg laga ei speleliste til jul.

mag.
fine anja dahle øverbye teikna den finaste desemberteikninga, som inspirerte meg til å skriva ein tekst til.

mag.
camilla norderhaug laga ein diy på slike papirjulekuler! gler meg til å prøva dette sjølv.

mag.
eg har skrive nokre sider om bestemor sine julefeiringar, med eit intervju av ho, som eg nesten ikkje klarte å skriva for det var så sterkt for meg. er så fornøgd med korleis det vart, og på dei to siste sidene deler eg oppskrifter som eg har fått låna av kokebøkene hennar.

mag.
også har eg skrive ein desember-versjon av feel better.

mag.
og mine eigne oppskrifter! dette er french toast med safran. skriv det på ting eg skal gjera før eg dør-lista di.

mag.
herlege linn strømsborg har skrive ei oppskrift til jul på tv. dei finaste juleepisodane frå ulike seriar. det vart så innmari fint!

mag.
eg har samla nokre sider av ting ein kan kjøpa til folk.

mag.
jostein har fått to sider til aktivitetar, der han har skrive quiz, laga kryssord og skrive spelereglane til vårt favorittkortspel, kasino.

mag.
heidi furre har skrive om å vera kjærestar og liksom ikkje “ha lov” å vera ihop til jul.

mag.
også har eg skrive ei sjekkliste med alle dei viktige tinga ein må hugsa å gjera i desember!

*translation:
sharing some pictures of the magazine i made this year, it’s all in norwegian but i promise you it’s awesome!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *