friday link love.

fll

hei, fredag! det er nesten ikkje lov å sei det, sidan me først kom heim på onsdag, men eg er så klar for helg. jostein reiser til norge på søndag, for å jobba med dette prosjektet, så planen er å kosa ihjel kvarandre før han reiser. i dag sender eg dei første 120 bestillingane på magasinet, har pakka kofferten klar og skal rulla dei heilt til postkontoret, og det skal eg gjera både måndag og tysdag óg.

tenkte óg å sei ifrå at eg reiser til norge på onsdag i neste veke, og håpte å få senda mesteparten av magasina før den tid. kjem til å ta med meg eit begrensa antal magasin til norge så eg kan senda litt der óg, men det blir ikkje mange. så om du vil vera sikker på at du får eit magasin i tide til advent, så er det lurt å bestilla no. her kan du gjera det. reiser tilbake til england i starten av desember.

som vanlig har eg fine linkar til dykk, og som vanlig ønskar eg dykk magiske helger framover. fyll dei med blomar, kaffe og nyvaska sengeklede!

  1. ryan mcginley har nye bilder ute, og eg er faktisk så forelska i desse frå upstate new york.
  2. ein pai med rotgrønnsaker høyrest ut som alt eg har lyst på akkurat no.
  3. ein oppskrift på å få gode morgonar.
  4. og ei oppskrift på å få bedre dagar.
  5. sara sendte meg denne traileren som ser ut til å bli årets film. gler meg så til å sjå den.
  6. miss moss blogga om rosa laken og no er det alt eg kan tenka på. vil hoppa inn i denne senga.

 

*translation:
happy friday, everyone! i know i’m allowed supposed to say, since i just got back from italy, but i’m really happy  the weekend is here. jostein is leaving to go to norway on wednesday, to work on a show he is doing, so we are going to cram this weekend full of all the nice things. i have collected some links for you, of course, and i hope your weekends are every bit as magical as you need them to be. 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *