Q+A, my answers, three.

a u t o m n e

→ kva slags utstyr og objektiv brukar du når du fotograferar bryllup? Tillater du deg sjølv å snika fram ei zoom under vielsen, eller spring du rundt som ein søt galning med fastobjektiv heile dagen?
eg brukar eitt kamera, canon eos 5d mark iii, ei 50mm f/1.2-linse og ei zoomlinse frå sigma som er 70-200 f/2.8. eg brukar ofte kun zoomlinse, det kjem heilt an på lokalet vigsla er i. om eg kan komma meg fram til alteret utan å forstyrra nokon, så gjer eg det, men da alltid under ein salme eller den slags, medan det ikkje skjer noko viktig. det er så viktig for meg å ikkje vera ein forstyrrande faktor. men eg har lært meg at eg kan bevega meg meir enn eg i utgangspunktet trur, for folk gløymer det fort om ein er kjapp og ikkje står i vegen. så det kjem heilt an på situasjonen, heilt enkelt. og om eg er innandørs tek eg alltid av meg skoa for å laga minst mogleg lyd medan eg snik meg rundt.

 

→ blir du nokon gong nervøs rett før du skal fotografera på oppdrag?
av og til kan eg bli det. når eg fotograferer bryllup går eg rundt som ein spent ball heile dagen, for det er så innmari innmari viktig at eg gjer jobben eg kom for å gjera.

 

→ seiar du nokon gong nei takk til oppdrag, for det kjennes feil for deg? Isåfall, kva slags oppdrag tek du absolutt ikkje?
om det er ein stor jobb, som eit bryllup eller ei bok eller den slags, og eg føler at visjonen er heilt noko anna enn min estetikk, så takkar eg nei. eg vil mykje heller at folk finn fotografen som passar perfekt for seg og jobben som skal gjerast!

 

→ kva er det verste du har opplevd i heile ditt liv?
føler at det er så universelt, det er sjukdom og død og sorg og angst. som ein italiensk film i slow motion.

 

→ kva er det beste du har opplevd i heile ditt liv?
eg likar egentlig ikkje å tenka på livet sånn, og eg syns det er så trist når eldre personar seier at “den tiden var den beste av livet mitt”, for det er så lenge sidan og det får meg til å føla at livet er på veg nedover etter “det beste”. men akkurat no må eg jo sei bryllupet mitt. eg er så imponert og forelska i oss som klarte den dagen så bra, som planla og utførte og holdt oss rolige sjølv om hjartet banka.

 

→ kva trur du skjer etter døden?
eg trur ikkje på noko anna enn livet, så eg trur ikkje at noko som helst skjer etter døden.

 

→ kva er egentlig yndlingsfargen din?
blå og lilla om ein ser i skapet mitt! gull om ein ser på heimen min.

 

→ jeg vet du har skrevet noe om det nå, men det kan jo hende du har nye erfaringer og tips, så: har du noen spesielle ting du gjør for å være effektiv når du har mye å gjøre, som nå? belønninger, apper, lister og liknende?
eg prøver ut eit nytt produktivitetssystem i desse dagar: eg måler jobb i 25-minuttsbolkar, for det er så lenge eg klarar å jobba med fullstendig fokus. eg skriv opp ei liste over sånt eg må få gjort den dagen, også lagar eg ruter etter. kvar rute er 25 minutt, også har eg ein app på macen som heiter alinof timer, som eg set på 25 minutt. når 25 minutt har gått, går alarmen av og eg kryssar av i ei rute. det tvingar meg til å vera flink og hard med meg sjølv. belønningen min er alltid fri, så at om eg er ferdig med all jobb eg har for den dagen (sjølv om klokka berre er fire) så er eg ferdig. eg brukar óg i periodar vekeskalenderane frå rifle paper co. men det funkar ikkje for meg med digitale to do-lister på jobb, det funkar i eit par veker også sklir det ut. eg treng å kryssa ut med ein penn.

 

→ Jeg lurte på hvordan du føler det ang kroppspress. Vet du ikke vil ha noe sånt anmasende kroppsfokus på bloggen og det liker jeg!! Men du virker å ha gått litt ned i vekt i det siste(?), og jeg lurer på om du lar deg påvirke av ideaaler eller om klarer å “seile din egen sjø”. Og om du i såfall har noen tips til å ikke bry seg så mye om kropp og slike teite, uviktige ting som en overproblematiserer i egen hjerne. Ellers synes jeg du er en fantastisk flink skribent og fotograf! Stå på.
takk! for meg er det viktigaste å eiga min eigen kropp, og for meg har det betydd at eg ikkje pratar om kroppen min. det gjer igrunn ikkje vennene mine heller, eg anar ikkje korleis eg har vore så heldig, men det er berre ikkje noko me snakkar om. me snakkar såklart om helse og litt om trening og om mat og å villa vera sterk og kunna springa frå noko farlig og alt sånt der, men vennene mine snakkar ikkje dritt om kroppen sin og det gjer aldri eg heller. eg trur folk undervurderer virkninga av den avslappa men negative samtalen, for meg er det så sjølvsagt at ingen vinn noko på å konstant samanligna seg med sine nærmaste, det er jo det såraste i verda. me har alle kompleks, men eg syns det er så fint å ikkje la seg sjølv sei det høgt, for alt det fører med seg er å minna andre på deira eigne kompleks. eg lar ingen andre snakka om kroppen min, for den er min. eg føler sjølvsagt press, for eg er framleis eit mediekonsumerande og moderne menneske, men eg ser på det som det normale og kjempar ikkje imot det så mykje. eg syns det er heilt okei å ha gode og dårlege dagar, eg aksepterer det og eg er ikkje hard mot meg sjølv i dei mindre positive stundene. derimot så takkar eg kroppen min mykje for alt den gjer, for at den tek meg framover og klemmer folk hardt og er så innmari imponerande kompleks.

 

→ Kva tronar på toppen av den materalistiske ønskelista for øyeblikket?
eg har innmari lyst på ei fin ny veske. helst skal ho stå av seg sjølv, vera stor og ha glidelås. ei perfekt flyveske, heilt enkelt. men eg finn ingen eg likar! neste veke er me i firenze, kanskje eg finn noko der!

 

→ Hvis du fikk en gutt og ei jente, hva skulle de hett?
akkurat no likar eg navnet eloise skikkelig godt på ei jente. også likar eg albert på ein gut. men det var om eg fekk dei i dag og om jostein ikkje hadde noko han skulle ha sagt. og han har jo alltid så mykje å sei, han mannen min.

*translation:
my a’s!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *