Q+A, my answers, two.

untitled
photo.

→ Jeg lurer (ofte på) hvordan, og i hvilket program, redigerer du bildene dine? Synes de er så særegne og fine.
takk! eg redigerer kun i adobe camera raw, og redigerer egentlig ganske lite og likt på alle bildene mine. kanskje eg skulle prøvd å laga ein tutorial? føler ikkje at eg er så veldig flink generelt, men er flink til akkurat det eg treng!

 

→ Så lurer jeg på hvordan hvilepulsen er når man er freelancer? Er du flink til å ta deg fri?
eg er ganske flink til å ta meg fri no, men det har tatt meg mange år med frilansing. dog, for meg betyr det å ha fri å alltid ha med macen og blogga og svara på mail, så eg er aldri heilt av. men eg tek meg ofte fri midt i veka óg, tek lang lunsj med jostein eller halve fredagar til utforsking! :)

 

→ Jeg lurer på alt som har med det å starte egen podcast å gjøre; spesielt hvordan dere faktisk spiller den inn (det er jo så bra lyd!) og så er det jo spennende å høre litt om dere planlegger temaer på forhånd for eksempel. Jeg har lyst til å hive meg utpå selv, men blir litt psyka ut av den tekniske biten.
takk! det syns eg det er så gøy å fortella om! me spelar inn over skype, med headset og kvar vår mikrofon (brukar samson go mic, ein bitteliten sak). me klypper podcasten annakvar veke, og da sender den andre over sitt opptak, for eg har kun mi eiga stemme på mitt. me tek opp lyd i audacity, sara klypper i garage band og eg brukar ableton live. av og til har me hatt støy, da fiksar jostein det for oss. eg er den som lastar opp til podomatic (det er der itunes og acast og den slags hentar den ifrå) og på soundcloud. me betalar for begge dei tjenestane, men det er ikkje så mykje. me planlegg ikkje tema på forhånd, men me kjem begge med ting me vil snakka om. om me føler at den andre treng å vita om kva me vil snakka om og liksom vera litt forberedt så kan me sei ein lettversjon til den andre, men me likar å overraska kvarandre.

 

→ Jeg lurte på hvordan det har vært å være gift til nå? Er noe annerledes?
det er berre enda tryggare og enda finare. på ein rar måte føles det meir ekte, sjølv om eg veit jo at det ikkje er det. det var stort og fint og viktig for meg å bli gift, og det føles liksom rett.

 

→ Også lurte jeg også på hva du tenker om det å få barn, er det noe du ønsker at skal skje i nær framtid?
det er definitivt ein samtale me har oppe no og som er med i kalkulasjonane om korleis me planlegg framtida vår, men ikkje i morgon, liksom. det er heilt klart noko me ser veldig fram mot!

 

Noen gode tips til hvordan få alenetid når man bor under samme tak som kjæresten?
ein ber om det! ein lærer folk kva behov ein har, og den einaste måten å gjera det på er å sei det. ofte seier eg til jostein “kan eg få vera åleine i dag?” og han syns det er heilt okei fordi han skjønnar kvifor eg har det behovet og at det ikkje har noko med han å gjera. så eg syns det er viktig å forklara akkurat kva ein treng og kvifor, berre prøv! start med å sei at det handlar berre om deg og at du ikkje vil at han/ho skal bli lei seg, men du treng litt åleinetid.

 

→ Siden du er midt i dette med julemagasin, lurer jeg på hvordan dine egne juletradisjoner er?
eg har feira jul på omtrent samme måte heile livet, heime og med kjernefamilien. eit par gonger har me vore hos ein onkel eller ei tante, eller med besøk av besteforeldre, men som oftast er det berre oss. eg brukar å komma heim nokre dagar før jul, så tidlig som eg må for å vera med og hogga treet (det er typ det viktigaste for meg, eit år såg det ut som eg ikkje fekk komme meg heim i tide og da grein eg ein heil dag). på julaftan reiser alle på brunsj hos bestemor, det er crazy trangt og imponerande kor mange folk ein får inn i det huset, men me elskar det og det må liksom vera sånn. i år blir det dog litt annleis ↓

 

→ Pleier du å Jostein å feire jul sammen? Hvor skal dere feire jul i år? Kunne du tenkt deg å “holde jul” selv, f.eks i London, eller blir det ikke jul før dere kommer hjem?
jostein og eg har aldri feira julaftan saman, trur det er ganske vanlig i norge å venta til ein har ungar? sånn er det iallfall i våre familiar. eg har alltid feira i årdal, med foreldrene mine, men i år har eg nesten klart å overtala foreldrene mine om å komma til lærdal og feira i gamlahuset med meg. eg er litt hypp på å gjera noko nytt i år!

 

→ Tror du forholdet ditt til jula kommer til å endre seg om dere får egne barn?
eg trur jula blir ein million gongar bedre når ein får barn. jostein syns jo det er koseleg kor mykje eg elskar jula, men eg tenkjer at det må vera ganske gøy å ha foreldre som er så julegale. kan sitta på bussen og fundera på kva julesokkar eg skal gi ungane mine, liksom. it’s a disease.

 

→ Hva liker du best ved deg selv?
at eg er så innmari sterk men samtidig snill.

 

→ Støtter du noen organisasjoner?
eg har ingen som eg støttar fast, men eg gir litt no og litt da. gir mest til røde kors, egentlig, og til wwf.

 

→ Topp 10 TV-serier?
the office
sopranos
breaking bad
parks and recreation
30 rock
downton abbey
inside amy schumer
orange is the new black
lewis
luther
girls (juksa og skreiv 11)

*translation:
some more answers to your questions.

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Det er så viktig å kunne være litt alene iblant, synes jeg. I vår nye London-leilighet har kjæresten og jeg mindre plass enn vi er vant til, men det går fint, ettersom vi i likhet med dere kan ta litt alenetid innimellom.
    Det er mye snacks på topp 10 serie-lista di, altså!
    Hurra for frilanslivet, forresten!

  • +1 for å forklara korleis du får den duse, matte utsjånaden på bileta dine. :) Eg brukar sjølv Darktable og må alltid omsetja alle andre sine triks til eit anna «språk» på ein måte, men det er alltid hjelpsamt å høyra korleis andre arbeider. Spesielt når dei har gjort det lengje som du!

  • att du bara redigerar i camera raw men ändå ser dina bilder alltid magiska ut! jag tycker mina ser platta ut efter camera raw och drar alltid en runda till i photoshop. kanske less is more? snabbare med bara raw ju. kram. <3