my 10 october favorites: a hair mask, a movie, a london pizza place and a perfect nail polish.

favorittar
hei, november! tenk at du er her så snart! 
i dag reiser me til italia, på vår herlege herlege bryllupsreise i toscana (kom gjerne med tips om de har til lucca, siena eller firenze!). anbefalar forøvrig å utsetta bryllupsreisen med eit par månader, for me har vore i kveitebrødsfasen heilt til no og det er ganske herleg. det føles framleis veldig nytt å sei “mannen min”, så det seier eg heile tiden. oktober var proppfull av herlege opplevingar og produkt, og her er mine topp ti! eg hadde óg ein vinfavoritt, men det var ein barolo til 350 kroner så eg vart flau og ville ikkje legga den opp. men da veit de! som vanleg blir eg superglad om de óg legg igjen produkt, tv-seriar, filmar og anna de har likt i det siste. snakkast i toscana!  

1. TV-SERIE: broad city.
jostein og eg såg gjennom heile broad city forrige veke, me er litt seint ute der, men den var FANTASTISK. den handlar om abbi og ilana som bur i new york og prøver å overleva det å vera ung kvinne i 2015. det er den typen komedie som vitsar om ting ein ikkje trudde at andre tenkte over, og det er det som får meg til å le aller hardast. elskar at dei sjølv har skapt og skriv serien!

2. HÅRKUR: seven day miracle, M&O.
ein ny hårkur eg har brukt som dei har på salongen min, glasshouse salon. det er eit australsk merke som eg har sett poppa opp litt her og der, og denne hårkuren er verkeleg fantastisk. fordi eg har så langt hår no må eg ta skikkelig godt vare på det, så annakvar gong eg vaskar håret (vaskar det to gonger i veka) brukar eg hårkur. eg har i denne, lar den virka i ti minutt (tar ofte ansiktsmaska på nummer 10 her under samtidig) også her håret så mjukt og deilig etterpå. den har silikon i seg, men vassbasert silikon (ikkje like ille).

3. TATOVERING: min!
eg syns det er så vanskeleg å forklara kvifor eg elskar denne nye tatoveringen. eg trur det er fordi eg veit at den er der, det gjer meg så glad å tenka på den, men eg ser den ikkje om eg ikkje prøver å sjå den. som ein hemlis. også er det såklart fordi den alltid, alltid får meg til å tenka på kor fint og rart og oss det var av meg og sara å endeleg få tatovert oss samtidig, at det var esra som gjorde det, at me tok det opp og putta det i podcasten og at christine låg på sofaen og åt chips med dip medan det skjedde. det kjem for alltid til å minna meg om denne tida i livet.

4. YOUTUBE-KANAL: the school of life.
eg har vore fan av the school of life sine bøker lenge, jostein og eg las how to worry less about money og fann mykje hjelp i den. eg oppdaga nettopp at dei óg har ein youtube-kanal! dei har videoar som heiter sånt som: how to get divorced, how to find meaningful work, why nice people are scary, on feeling melancholy og what is success? perfekt for alle som vil gjera seg sjølv til litt bedre folk eller kjapt få ein intellektuell boost.

5. FILM: the lobster.
jostein og eg såg denne på kino for eit par veker sidan, og snakka om den heile vegen heim og heilt til me sovna! colin pharell spelar ein mann som sjekkast inn på eit program for single. handlinga foregår i ein alternativ stat der ein er pålagt å leva i par, og folk som ikkje klarar å finna ein passande partner blir omgjort til eit dyr (som dei får velga sjølv). ein sånn film som eg går ifrå og føler meg litt forvirra men etter eit par timar vil eg sjå den igjen. lea seydoux er ein jævla drøm. så vakkert filma óg. sjå den!

6. NEGLELAKK: stiletto frå kure.
eit anna kjøp eg gjorde hos frisøren, kure er eit merke med 80% økologiske ingrediensar, og er mykje bedre for ein enn konvensjonell neglelakk. kjøper så sjeldan neglelakk, men er veldig nøgd! eg kjøpte den i fargen stiletto, som er perfekt djup haustraud, men har lyst på mange andre fargar óg. dei hadde gull og kopper og sølv og superfine fersken- og grønfargar. børsten er til og med perfekt, mykje smalare enn andre børstar, så ein enklare kan få eit jamnt resultat (utan å søla på neglebanda!).

7. PIZZA I LONDON: ny fold.
jostein drog meg og pappa med hit, og det er eg SÅ glad for. ÅH DENNE PIZZAEN ER SÅ GOD. og folka er snille og høflege, og det er BILLIG og det ligg rett ved foyles! me åt den som heiter the butcher’s daughter, og medan me åt og ikke klarte å skjula kor godt det var, kom ein servitør bort til oss og sa “it’s good right? i eat it every day”. det er nesten så eg blir lei meg for at me reiser til italia i dag, for eg vil eta her i kveld. not really though.

8. HÅNDSKRUBB: kokos og salt, lush.
no når det blir kaldare og tørrare treng eg å passa på hendene mine. for på berre nokre dagar kan dei bli tørre og sprekka, også har eg vekesvis med tørre og fæle hender framfor meg. eg kjøpte denne håndskrubben hos lush, den skrubbar lett og fuktiggjer og får badet til å lukta godt! stjernekjøp!

9. PÅLEGG: mandelsmør, pip & nut.
dette er kanskje eit rart tips, men! eg brukar unormalt mykje tid på å tenka på dette mandelsmøret. det er altså det beste nøttesmøret eg har smakt i heile mitt liv, og eg blir glad når eg ser det i ei hylle. det er ikkje akkurat billig (ca 5 pund for eit glas), men eg MÅ HA DET. på surdeigsbrød med aprikossyltetøy, på havregraut(!), på ei skei rett i munnen. om du kjem over det, kjøp det. SÅ GODT.

10. ANSIKTSMASKE: rose clay mask, origins.
eg har ganske røde undertonar i ansiktet, og likar å bruka produkt som dempar den. alt med rose i er bra for det, og i det siste har eg brukt denne ansiktsmaska frå origins ein gong i veka. den minskar porene og gjer meg mindre raud = amen.

*translation:
these are my favorites for the month of october! now i am OFF TO ITALY!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • god tur til italia! takk for bra tips, jeg skal definitivt sette rose-maska fra origins på ønskelista (har du prøvd den med lavendel, som er for anti-stress? den føles som verdens største luksus når man endelig kobler av etter en stressende dag). broad city skal jeg også sjekke ut! den serien jeg har sett mest på i det siste er elementary, det er også litt velkommen-etter, men jeg likte veldig godt den versjonen av sherlock holmes (+ at det endelig blir litt girl power der!)

  • God tur til Italia, lovebirds ❤️ Har dere sett dokumentaren om Amy? Jeg så den først her i helga, synes den var fantastisk god og sterk. Anbefales på det varmeste. Kos dere i Italia!

  • Så snilt av deg å liste opp masse fine ting til oss før du reiser! Det pizza-stedet og det nøttesmøret må jeg sjekke ut, hoho.
    Håper du og Jostein får en helt fabelaktig bryllupsreise! GOD TUUUUR!

  • elsker O&M sine produkter, frisøren min gir meg alltid det til mitt lilla hår. De har en super volum-spray til å bruke før man føner håret, og en balsam som gir fuktighet og som lukter deilig karamell<3

    jeg har også veldig mye røde undertoner i huden, må teste den origins-maska, takk for tips!

  • broad city!!! <3 og takk for tipset om origins-maska. eg er konstant raud i ansiktet, så denne må eg prøva!

    mine oktober-favorittar: lykke li, rookie yearbook 4, foyles og kaféen der, 155 grunner til å være feminist (som eg endeleg fekk lese!), eclectic eccentricity jewellery, og sunbeamsjess på youtube!

  • God tur til Italia :D Ååhh, så mange fine tips – skal vurdere å prøve den ansiktsmasken i nr. 10 (: Jeg kan anbefale Mint Julips lip scrub fra Lush. Jeg fikk den ved en tilfeldighet og den er helt fantastisk. Kommer til å bli veldig praktisk i vinter når leppene blir tørrere.