my morning routine.

sogn.

eg vaknar
no om vinteren vekker jostein meg ca halv ni. på sommaren kan det vera så tidlig som klokka sju, me lar lyset styra oss litt og justerer oss med sesongane. jostein står opp rundt åtte og brygger kaffe, også vekker han meg mjukt med den herlegaste lukta i heile leiligheten. føler meg veldig heldig da.

eg føler meg som regel
trøytt, men vennlig innstilt til dagen. etter tenår med insomnia fekk eg i tjueåra eit herleg sovehjarte som lar meg sova så tungt, så tungt.

det første eg gjer når eg vaknar er å
skrubba ansiktet med ginseng-skrubb frå origins og ha på fuktighetskrem frå aesop. det vekker meg ordentlig å kasta litt vatn i ansiktet, og eg likar å skrubba på morgonen fordi sminke ser så mykje betre ut på nyskrubba hud.

weekend.

det neste eg gjer er
å kle på meg (henger fram kleda kvelden før! lifesaver.) og drikka kaffe med jostein medan han mekkar frukost.

det eg likar best med morgonrutina
at me har så god tid. fordi me ikkje startar på jobb før klokka ti klarar me å våkna skikkelig og vera lystne på jobbstart. at me får snakka med kvarandre om planane våre for dagen og avtala lunsj.

sminkerutina mi
om eg kun jobbar heimefra er det høgst enkelt: matt pudder, rouge, mascara og augebrynspenn. også må eg ha parfyme. da føler eg meg put together. om eg skal ut på livet kan det henda eg har foundation og concealer under det matte pudderet også eyeliner og leppestift!

.

til frukost et eg
det jostein lagar. han har frukostansvaret, og ofte lagar han blautkokte egg med surdeigsbrød til. me har smoothies frå innocent i kjøleskapet og alltid mykje vatn óg tidlig på dagen. me ser ofte på tv til frukosten, akkurat no ser me oss gjennom broad city.

det vanskeligaste med morgonrutina mi er
å skilla mellom den herlege treige morgonen og jobb. det er ei typisk frilans-utfordring, såklart. eg seier til jostein “no går eg på jobb” også går eg inn på soverommet/kontoret, og den første halvtimen er eg alltid veldig distrahert. då prøver eg å vera konstruktivt ukonstruktiv og lesa bloggar og legga igjen nokre kommentarar her og der, eller ta instagram-bilder.

det siste eg gjer før eg startar jobben er
å kyssa jostein. sjølv om me jobbar heimefrå begge to prøver me å ikkje forstyrra kvarandre så mykje i løpet av dagen, så me sender heller tekstmeldingar gjennom veggen heller enn å komma inn til kvarandre. av og til saknar eg han faktisk.

liste lånt frå emily.

 

*translation:
i wake up
now in the wintertime, j wakes me up at around eight thirty. in the summer it can be as early as seven, we let the light and seasons guide us a little. j gets up at eight to make coffee, and wakes me very softly. this part of my morning makes me feel very lucky.

i usually feel
tired, but friendly. after my insomniac teens, my twenties are much more laidback and i sleep so heavily.

the first thing i do is to
scrub my face and apply moisturizer. it wakes me up to throw some water in my face, and i like to scrub in the morning because makeup applies so much better then.

the next thing i do is
to get dressed (i hang up the clothes i’m going to wear the night before) and drink coffee with jostein while he makes breakfast.

my favorite part
is how relaxed our mornings are. because we don’t start work until ten we get to really wake up and be ready for work. i love that we get to discuss the upcoming day and talk about lunch.

my beauty routine
if i’m only working from home it’s very simple: matte powder, blush, mascara and eyebrow pencil. and i need perfume, it makes me feel put together. if i’m leaving the house i will often wear foundation and concealer under the powder and eyeliner and lipstick too.

for breakfast i eat
whatever jostein makes. he is the breakfast general and he’ll often make soft boiled eggs with sourdough bread. we keep smoothies from innocent in the fridge and i also always drink a lot of water early in the day. we often watch tv with breakfast, right now we’re watching broad city.

the hardest part is
to separate the lovely lazy morning from work. a typical freelance challenge, of course. i’ll say to jostein “i’m off to work now” and then go into the bedroom /office, and the first half hour i’ll always be very distracted. i try to be constructive though, and read blogs, leave comments and take pictures for my instagram.

the last thing i do before starting work is
to kiss jostein. even though we both work from home, we try as best we can to not distract one another. we’ll text eachother instead of walking into eachothers workspaces, so sometimes i actually miss him.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *