mariell & sara #18 – hold hardt, jobb hardt

18

ein ny podcast-episode! hurra! sara og eg tatoverte oss mellom forrige episode og denne. den beste esra røise tatoverte oss, og me snakkar om det (med lydklipp av sjølve hendinga!), om å fortjena sjølvkjensle og rørande dokumentarar. me snakkar óg om rutinene våre, på spørsmål frå ein lesar, og eg deler eit minne frå tidlig i mitt og jostein sitt forhold. for første gong har me óg musikk med, på slutten, ein spennande ny norsk artist.

me håpar verkeleg de vil høyra på, at de likar det de høyrer og at om de lurer på noko, mailar oss på mariellogsara@gmail.com. om du gjer noko kult mens du høyrer på, hashtag oss med #mariellogsara på instagram. om du vil henga på nyhetsbrevet vårt, der me deler fine linkar og snakkar ganske ærlig om korleis me har det (og det er gratis!), kan du gå hit og skriva inn epost-adressa di. og takk for at de alltid er så fine

ps: og dette er litt skummelt: i går kom første episode av kom heimatt, gut ut, ein podcast som eg produserer og der eg intervjuer jostein og fredrik om deira nye forestilling. her kan de høyra på den. og om du bur i sogn og fjordane: KOM PÅ FORESTILLING.

*translation:
a new episode of our podcast is out!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *