the copenhagen journal, the things i bought.

copenhagen buys.
god morgon! håpar at veka di går bra så langt. eg har mørk sjokolade i kjøleskapet og tjukke sokkar på føttene, så eg er klar for kva som helst! for eit par veker sidan var eg jo i københavn, og der kan ein kjøpa fine ting (faktisk!), så det gjorde eg såklart. eg kjøpte:

copenhagen buys.
copenhagen buys.
vintage-rammer
i ein bitteliten butikk i kompagnistræde hadde dei mange, og ikkje så veldig dyre heller. mannen i butikken var så morsom fordi han nonchalant lot meg vita at han visste at eg var norsk. “jaja, får vel pakke dei godt inn da, så dei klarar den lange turen heim *blunk blunk*” eg samlar på slike rammer, og desse er perfekte i samlingen min. enn så lenge har eg putta inn nokre av bildene eg tok med eingangskameraet mitt pluss eit utklypp av royal copenhagen sin katalog.

copenhagen buys.
franske skåler
eg har sikla over franske café au lait-skåler i typ sju år på ulike loppemarked i paris. men dei er alltid anten litt ødelagte/krakelerte eller WAY for dyre. eg fann desse nydelege franskproduserte som eg forelska meg heilt i og no angrar på at eg ikkje kjøpte fleire av. elskar dei så høgt at eg ikkje eingong har brukt dei enda.

copenhagen buys.copenhagen buys.
franske hårklemmer
apropos fransk og fint kjøpte eg desse to hårklemmene. dei passar perfekt til mi nye lågmælte kåpe, og eg føler meg klar for å introdusera litt rosa i livet mitt igjen. dei er i så god kvalitet óg, håpar eg klarar å ta vare på dei så barnebarna mine kan arva dei.

copenhagen buys.
glas
eg har hatt lyst på slike glas så lenge, så då eg endelig såg dei til ein fin pris så kjøpte eg to. og igjen, angrar allereie på at eg ikkje kjøpte fleire. kanskje eg får reisa tilbake til køben og supplera min eigen knusbar-samling?

Untitled
daylight av annu kilpelainen
me gjekk forbi the paper collective i kompagnistræde eit par gongar og eg klarte ikkje å slutta å tenka på dette printet. til slutt måtte eg berre gå og kjøpa det. syns det er så fint, det er kanskje litt utypisk men eg absolutt elskar det, de kan sjå den her, der er fargane klarare. eg syns det er så fint over sofaen, og når me får bestilt eit fint print av eit bilde frå bryllupet skal det opp ei enkel lita ramme ved sidan av óg. det ser kanskje litt mindre ut her enn det er, det er 50x70cm.

*translation:
good morning! i hope your week is lovely this far. on my recent trip to copenhagen, i bought some seriously awesome things for our house. i bought some vintage frames, french made bowls (i love them so much i haven’t even used them yet – realllly want to get more of them), glasses i have been looking for, french hair clips and a beautiful print by annu kilpelainen that i bought at paper collective. copenhagen is seriously such an amazing shopping town, i really want to go back soon and i highly recommend it!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *