10 books to read this fall.

bøker
hei, fine folk! eg prøver å få litt jobb unnagjort no så eg kan gå ut av huset og eta afternoon tea med foreldrene mine før dei reiser tilbake til norge i ettermiddag. jobb er travelt på den beste måten no, sånn at ein berre er frilans-takksam og ikkje overvelda. elskar det! eg har samla ihop nokre av mine favorittbøker til dykk, kunne såklart ha tipsa om hundre forskjellige men her er iallfall litt:

eg elskar å lesa om hausten! om sommaren prøver eg mitt beste, men det finst heilt enkelt ikkje nok konsentrasjon i meg når eg blir for varm, så ofte blir eg halvlesande på ei bok eg seinare må lesa igjen fordi eg hugsar ingenting. men no, derimot, åh så deilig det er å ligga i senga rett etter eg har våkna og lesa nokre sider før eg står opp. kanskje de vil lesa litt i haust óg? i så fall har eg samla 10 gode haustbøker under her! kva les du for tida? vil veldig gjerne ha boktips!

 

fugletribunalet – agnes ravatn
smooth krim utan å vera krim, om det i det heile finst. den handlar om allis som stikk av frå heile livet sitt etter ei sexskandale på jobben og flyttar til gokk og jobbar som hushjelp for ein gamal mann som er ein bekk av mørke. denne boka er høg puls frå start til slutt, ikkje fordi det skjer så mykje men fordi ho skriv sånn at ein sit på kanten heile tiden og nesten føler seg litt gal. verkeleg elskar den.

bikubesong – frode grytten
ein absolutt klassikar, denne novellesamlinga av frode grytten er kanskje min favoritt (eller på delt førsteplass med popsongar!). heile novellesamlinga foregår i murboligen i odda, og kapittelvis tek den for seg historiane til folk som bur i bygget.

the first bad man – miranda july
denne las eg nyleg og elska den, det er den første romanen til miranda july (om du ikkje har lest no one belongs here more than you, les den óg!) og handlar om cheryl som er ganske anspent i livet sitt og ulykkeleg forelska, ho lever livet sitt nøyaktig a4 og heile livet hennar blir snudd på hovudet når den noko udanna dattera til sjefen hennar flyttar inn med ho. den er absurd på den beste måten, men óg rørande og ufattelig djup, og alle eg har snakka med som har lest den er óg heilt forelska i den.

elskeren – marguerite duras
ein klassikar! handlar om ei kvinne som ser tilbake på livet sitt på sine eldre dagar, om familien hennar og korleis det gjekk med dei, men mest av alt er boka sentrert rundt forholdet ho som 15 år hadde til ein eldre kinesisk rik mann. eg var heilt besatt av korleis ho skreiv i metaforar og bilder om vatn, las dei om og om igjen og lot meg veldig inspirera.

du er her igjen og alt er forandra – gaute sortland
ei kort og nydeleg bok om eit kjærleiksforhold, fin i senga ein søndagsmorgon.

trilogien – jon fosse
jostein overtalte meg til å lesa denne, og eg var ikkje lett å be. den er samansett av tre bøker; andvake, olavs draumar og kveldsvævd, og handlar om kjærleiken mellom asle og alida. den er så ufattelig naken om livet og om korleis livet kan bli, og gjennom dei tre bøkene fortel han om liva deira på ein så vakker og samtidig hjarteskjærande måte. eg er verkeleg ein fosse-person etter å ha lest dette. endeleg skjønnar eg greia. les den.

post office – bukowski
for meg er bukowski haustnostalgi og minnar meg om haustane me hadde i oslo. post office er den perfekte staden å byrja om ein har lyst til å komma inn i bukowski, men ikkje la deg forvirra! berre gi deg sjølv inn i det og ikkje sjå deg tilbake.

det blir aldri lyst her – tina åmodt
fjorårets haustbokkjærleik, har skrive om den her.

just kids – patti smith
om du ikkje har lest denne enda er det på tide! den første boka til patti smith omhandlar ungdommen hennar, det unge vaksenlivet og forholdet til fotograf robert mapplethorpe. den fekk meg til å grina så hardt og føla sånn varme til tross for å aldri egentlig ha vore ein fan.

forestillingen om et ukomplisert liv med en mann – helle helle
eg forgudar helle helle, og syns at ein skal starta hausten med å kjøpa alle bøkene hennar. start med denne, den gir eit så godt bilde av kvifor folk les helle helle. spesielt ELSKAR eg måten ho skriv om mat på. korleis ein kjøper den, lagrar den, tilberedar den, planlegg den. har hengt meg opp i det på ein heilt sjuk måte, er det berre meg? uansett. helle helle! les.

 

 

 

 

*translation:
i love to read this time of year! in the summer, my body cannot deal with the heat and i end up having to reread everything. but now, oh my god, the mornings when i have time to stay in bed and read before getting up and facing the day are just amazing. maybe you want to read too? i’ve gathered some books, some are not available in english but some are! what are you reading these days? please let me know, i want tips!

the first bad man by miranda july
i read this recently and i really loved it, it’s her first novel (if you haven’t read her collection of short stories, be sure to pick that up too!) and it’s about cheryl who is pretty highly strung and unhappily in love with her boss. her life is super a4 and very planned out and is completely stirred up when her boss’ filthy daughter comes to live with her. it’s absolutely absurd at times, but in the best way, and is just so moving and deep as well. everyone i have talked to who has read it loved it.

the lover by marguerite duras
a classic! it’s about an old woman looking back on her life, about her family and how it went, but mostly it’s about the relationship she had with an older chinese wealthy man when she was only 15. i was obsessed with the way she writes about water, so inspired by that.

post office by bukowski
bukowski is to me the perfect writer for fall, and it makes me nostalgic for the fall seasons we had in oslo. post office is the perfect place to start off with bukowski, but don’t get frightened! just go full force into the madness.

just kids by patti smith
if you haven’t read this yet, it’s really about time. her first book contains the early parts of her life and her relationship with photographer robert mapplethorpe. it made me cry so hard and feel such warmth even though i wasn’t ever really a fan.

the idea of an uncomplicated life with a man by helle helle
i absolutely adore helle helle, and i think everyone should start their fall off by buying all of her books. start with this one, it gives a great first look into her authorship and why people love her. i LOVE the way she writes about food. how to buy it, store it, cook it, plan it. i’m obsessed, it’s probably just me.

the trilogy by jon fosse (consists of the novellas: sleepless, olav’s dreams and weariness)
j really had to convince me to read this, and i am now a fosse convert. this collection of novellas circles around the lives of asle and alida, and it’s so stripped down about and how life can be, he tells the stories of their lives in the most beautiful and also heartbreaking way. i really think you should read this.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Jeg leser helt klart for få bøker, og nå vurderer jeg lydbok for å få dem i meg! Jeg vil anbefale “Alltid Nyheter” av Monica Isakstuen, “Elsket og savnet” av Endre Ruset og såklart “Ren Poesi”-antologien som jeg er med i. Hehe.
    Jeg har veldig lyst til å lese mer Helle Helle, og Helga Flatland. Kanskje jeg må gjøre en stor Deichman-bestilling. Godt å høre at du har nok jobb! Ingenting er bedre enn å se kalenderen akkurat passe full, så man får jobba vanlige dager uten for mye deadline-stress :D

  • Elska både Fugletribunalet og Just Kids. Nå fikk jeg lyst til å prøve meg på Bukowski og Helle Helle. Takk for tips! God mandag :)

  • yes! dette er skikkelig gode tips, er blitt ganske lesepepp nå som jeg (endelig) begynner å komme igjennom vanity fair (boka ikke bladet).

  • Så mange fine boktips! Har bestilt flere av bøkene på biblioteket så jeg kan starte lesinga så snart som mulig. Tusen takk, Mariell :)

  • Jeg er også veldig glad i Fosse, har akkurat lest “Levande stein” nå og får som vanlig klump i halsen. Er snart halvveis i Axel Jensens “Joacim”, og før helga leste jeg ut bind V i “På sporet av den tapte tid”, mitt Proust-prosjekt som går over ca femten år. (Jeg leser ett bind fra den hver høst) Graham Nash sin “Wild Tales” har ligget på vent lenge, kanskje på tide nå, og ellers blunker jeg til Turgenjev, Flaubert og Tolstoj der de står i hylla – det må bli et gjensyn med dem snart.

  • Hvis du ikke har sett det ennå må du få med deg oppsetningen av Fugletribunalet på Det norske teateret. Kanskje den aller beste teateropplevelsen jeg har hatt på åresvis. Ellers: jeg har lest mye nytt, norsk og dritbra i det siste; I ringane av Kristina Leganger Iversen, Over elva av Laila Stien og Liljekonvallpiken av Anne Oterholm (ikke la deg lure av tittelen). Og så har jeg endelig lest Tomas Espedal og blitt helt betatt. Det er få andre som kan skrive så direkte og sårt om kjærlighet uten at det føles klamt og klisjefylt. Imot naturen altså. For en bok.