things with stories.

things in the home.
eg elskar å snoka i andre folk sine hus, browsa på the selby og høyra historiar om korleis folk har samla på seg ting på reiser og gjennom heile livet. av og til gløymer eg at eg óg er jo ein sånn person, som har dusinvis med rare små og store ting som har eigne historiar som på ein så fin måte seier noko om kvar ein er og kvar ein har vore.

(og som eg kosa meg med å skriva dette innlegget, å gå rundt i leiligheten og sjå på alle tinga våre som ein så ofte ser på kun som ting. for meg med min visuelle hukommelse er jo desse tinga faktisk nøklar inn i dagar eg nesten hadde gløymt og fekk meg til å våkna litt og setta meir pris på alt fyll me har i leiligheten)

things in the home.
den jævla skoen
istadenfor å reisa på russetur, reiste eg med mine beste venner til amsterdam februar 2009. me budde på eit hotell med skuddhol i veggen og på naborommet hadde dei festa ein plastpose over røykvarslaren i gangen så dei kunne røyka hasj med open dør. før eg reiste spurte eg jostein om han ønska seg noko nederlandsk, og han sa på tull at han ønska seg ein korkeopptrekkar som var ein tresko. den første kvelden, på veg mot den irske puben der me åt alle måltid (? så mykje rart ein gjer) gjekk me forbi ein typisk turistbutikk og eg såg den! eit par euro seinare var den min. den har flytta med oss frå sandane til oslo til london, og den heiter den jævla skoen fordi det som oftast var det ein sa om ein ikkje fann den og desperat hadde ein øl å opna. kvar er den jævla skoen?

things in the home.
mjølkehunden
han her kjøpte eg på ein butikk i brooklyn forrige gong me var i new york. eg fråtsa på ein nydeleg bakebutikk, kjøpte sleikepottar i alle fargar og madeleine-former i silikon. også denne. for ei fin lita gåve til svogeren min! tenkte eg. men når me kom heim så tenkte eg heller: for ei fin gåve til meg sjølv! så han fekk bli hos oss.

things in the home.
den viktorianske kragen
eg forelska meg i denne kragen så snart eg hadde sett den. ein sånn ting som ein ikkje visste at ein ønska seg før ein har det i hendene. den er så innmari tung, perlebrodert med gulltrådar gjennom heile. det var eit poetisk kjøp, i full vissheit om at eg kanskje aldri kom til å gå med den men trongen til å ha den i mi eige uansett. eg hadde nesten ingen pengar på konto og det spelte ingen rolle.

things in the home.
boksane
desse var eit av dei første vintagekjøpa eg kan hugsa at jostein og eg gjorde. faktisk så er ikkje det sant, for jostein kjøpte desse heilt åleine. det var sommaren før me flytta til sandane for å starta på vidaregåande, og han kjøpte dei på sommarmarknad i lærdal. han var den 16-åringen som la sommarjobbpengane på sånt, det gjer meg så glad å tenka på det. no held dei ting i kjøkenet vårt i london: krydder til chai, polenta og pasta.

things in the home.
kortholdaren
faktisk óg eit amsterdam-funn, og ein av dei finaste tinga eg eig er denne kortholdaren med to kortstokkar. eg kjøpte den i ein vintagebutikk i amsterdam der me hang ein heil del fordi ein av venninnene mine hadde ein seriøs crush på han i kassa. så me prøvde klede me ellers aldri ville ha prøvd og eg tok med denne heim. den er alltid med på sommarferie og på fredagskveldar og står ofte som eige punkt på pakkelister.

 

 

*translation:
things in my home with a story. like the shoe dubbed “that fucking shoe” because it always seems to not be in its place when a beer bottle needs to be opened, the tin cans j bought at a vintage shop when he was 16 and the victorian collar that i had to buy even though i was completely broke just because i fell in love with it. 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Ahah, hunden! Jeg ville også tenkt det samme “Åh, denne blir fin stående hjemme hos…meg.”
    Og den jævla skoen, som krasjer litt med min rare antakelse om at du og Jostein aldri banner, men for et rarfint minne <3

  • Åhh for et fint innlegg! Elsker å stå opp bittelitt tidligere enn jeg må for å drikke chai latte og lese bloggen din før dagen er i gang :)

  • Vintage.Synes det er så fint å tenke på hvor disse tingene har vært før. Hvem som har eid dem, hvordan fikk de tak i dem og hvilket forhold de hadde til tingene sine. Som Lars Saabye Christensen skriver i den nye boken sin; De har startet sin vandring.

  • å. for et fint innlegg, mariell. det gjorde meg helt varm i magen. kanskje jeg også skal gå rundt og se litt på ting og tenke over hvor de kommer fra, det var en god idé. om det fortsatt er fint å komme med innlegg, ja til flere slike innlegg! sånne små historier er noe av det fineste jeg vet en mørk høstkveld med forkjølelse i hodet.

    • og det skulle selvfølgelig være “om det fortsatt er fint å komme med innspill”, men det fikk jeg ikke til, jeg tror hjernecellene syns det er slitsomt å jobbe når man er syk, så de prioriterer andre ting enn å kunne uttrykke seg korrekt (denne kommentaren til kommentaren har tatt lang tid å skrive for ordene blir til andre på vei fra hodet gjennom fingrene og ned i tastaturet).