photo a day, last week.

forrige veke var planen å ta eit bilde med telefonen for kvar dag, som ein variant av foto-i-timen-innlegga. veka viste seg å bli ei litt rar ei, sånn emosjonelt, utan forklaring igrunn, og det frista egentlig å berre gløyma heile greia. men så tenkte eg at det kan jo vera fint, det óg, sjølv om eg var litt all over the place. så her er veka mi i mobilbilder, håpar de likar det.

week.week.
måndag. måndag var carrie sin bursdag (og mamma sin bursdag, faktisk)! det var egentlig tenkt å køyra piknik i parken, men fordi det hølja ned bestemte me at det var fint å ta ein piknik inne istaden. så dei pynta leiligheten som ein hagefest også køyrte me på! det var klovnekake, herleg mat og leikar. og alle hadde kroner. den perfekte barnebursdagen.

week.
tysdag. tysdag starta mitt merkelige humør som varte nesten heile veka, så eg jobba halv dag og reiste inn til marylebone. der er ein av mine beste humørboostar, å shoppa i marylebone high street. så mange av dei beste butikkane og veldig avslappa stemning. eg hadde lova jostein pasta bolognese, så det laga eg då eg kom heim og mimra om at eg lærte å laga det på skulekjøkkenet!

week.
onsdag. onsdag jobba me superhardt og gjekk ut på lunsj! dette er på the london particular, vår aller beste lunsjplass. alt er så sjukt godt.

week.week.week.week.
torsdag. torsdag var den verste dagen, fekk ikkje gjort nokonting og berre lot meg sjølv distrahera, og det sjølv om jostein kom med bahn mi-lunsj! så, istaden gjekk eg ut av huset og reiste til shoreditch for å leita etter kåpe. eg tok bilder av meg sjølv i ein trench for å visa jostein at eg ikkje kan ha trench (pga får firkanta kropp) og unna meg ein matcha latte.

week.week.
fredag. eg held koken og jobbar jernet fordi eg veit at det finst så mykje gull i slutten av dagen: date night! med nachos, uendelege mengder guacamole også kino! me såg spy med melissa mccarthy, så morsom! også åt me gelato på gelupo, min favoritt var ricotta med espresso og honning, siklar berre av å tenka på det. lengtar SÅ mot bryllupsreisen vår no sjølv om det føles som ein eeeeevighet til.

week.
lørdag. me har blitt så gode på helg dei siste månadane og det var me denne helga óg. champagne og pizza og ei utflukt til peckham der me gjekk inn i alle butikkar og helgeshoppa på general store, min største butikkjærleik. altså. lørdagar!

Untitled
søndag. på søndag hadde me ingenting til frukost, så me gjekk på particular igjen og etter det vandra me til greenwich der det var supermarknadssøndag! me leita etter kåpe, såg på porselenshundar og sat i graset og myste mot sola. då me kom heim var det framleis tidlig på dagen og me gjorde sånne lure helgeting som å støvsuga, legga på reine sengeklede og køyra to vaskemaskiner. som å runda helga! og det var mi veke.

 

PS: innsamlingen min starta som eit mål om å få inn 5000 kroner, og har no fått inn over 17.000. det er fantastisk, og eg har tenkt å holda koken! eg har auka målet til 25.000, og håpar at alle som kan vil hjelpa, anten det er 50 eller 500 kroner du har til rådigheit. gi her.

 

*translation:
my week last week was a weird one, and i contemplated not even doing this entry because the whole week was spent in a weird moody place that i couldn’t explain. but, i thought that might be interesting too! i celebrated carrie’s birthday, made jostein a pasta bolognese like i learned at school, i went shopping both in marylebone and in shoreditch, we had pizza and champagne and spent our sunday in greenwich and doing laundry. and that was my week.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *