in my fridge.

eg elskar å snoka i andre folk sine kjøkkenskap og kjøleskap. det første eg gjer når eg kjem heim til mamma og pappa er å gå i kjøleskapet, sjå om dei har noko nytt. er det berre meg? er eg sjukelig nysjerrig eller heilt normal? uansett, eg elskar sånt! så no tenkte eg å invitera dykk inn i mitt kjøleskap!

fridge.
jostein og eg er syltetøy-personar! min favoritt er mandarinmarmelade, jostein sin er solbærsyltetøy, spesielt denne økologiske frå wilkin & sons. bringebær  er best i kombinasjon med peanøttsmør.

fridge.
så har me kategorien “condiments” som det heiter her i england, altså ting ein har ved-sidan-av. utanom veldig mange typar sennep (og sjølvsagt ketsjup men det tenkte eg vart for kjedelig å visa fram), så eeeelskar me denne majonesen. den har mykje eddik og mykje smak. også harissa, som me det siste året kanskje har brukt ti-femten glas av. det er ein chili paste som er supergod under egg og blanda med yoghurt/creme fraiche til ein salatdressing. supergodt!

20150901_290815_3599
vanlig britisk smør og fancy fransk smør. ikkje ein dråpe margarin så langt auget kan sjå!

fridge.
drikkevarer! me har ei flaske champagne som bur i ein boks (for dei beste tinga i livet kjem i eigne boksar), bra tonic frå fever tree, øl frå kernel brewery, denne rødbet- og pære-smoothien frå innocent som eg er så trist for at er limited edition, og gin. neste gong me går tom har eg bestemt at me skal gå for ein meir ekslusiv type, er klar for det neste steget inn i verda av gin!

fridge.
då me flytta til england hadde eg nettopp lært meg å elska jarlsberg, men noko meir lagra ost kunne eg aldri i livet tenka meg. no kjøper eg ost som heiter sånt som “extra mature” og “vintage”. elskar det! også ein liten snubbe parmesan (holdt på å skriva marsipan) såklart.

*translation:
a guide to my fridge! i love knowing what people keep in theirs, my nosy nature!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • I’ve been reading your blog for quite a while now and I totally adore your style, your writing and you all in all, and this was a post I was hoping for quite a while, it is sooo interesting to see what other peoples stock in their fridges :) <3 greetings from vienna

  • ELSKER å kikke i andres kjøpeskap!! og den majonesen er typ det beste som finnes. tror jeg må stikke en tur på sainsbury’s og kjøpe litt solbærssyltetøy + den smoothien nå. synes denne type innlegg er herlig originale og superspennende haha!

  • Hei Mariell!

    Hvor bodde dere da dere var i New York? Den første uka bodde dere hos en dere kjenner tror jeg, leier hun ut leiligheten sin til andre også? Hvor bodde dere resten av oppholdet? Takk :)

    • hei, kamilla! me var fiskevakt for ein venn, ho leiger ikkje ut leiligheten sin. resten av oppholdet budde me i den verste leiligheten, anbefalar det virkelig ikkje. om eg fekk gjera det om att hadde eg lagt meir pengar på overnattingen, me leigde uansett gjennom airbnb, der finst jo alt. :)

  • Gøy! Jeg er også en kjøleskapssnok! Er ikke noe syltetøymenneske i det hele tatt, og er heller ikke glad i smør, men ellers finner man mye av det samme hos oss som hos dere! Mange typer sennep, vellagret ost, spennende juice og/eller smoothie og alltid champagne. Det er så fint å vite at man har ting i kjøleskapet som gjør en glad, hihi. Vi oppbevarer riktignok vår flaske med Tanqueray-gin i barskapet, men det er jo lurt å sette den kjølig hvis man først og fremst skal bruke den i drinker! Det har jeg faktisk aldri tenkt på – takk!

  • For min del liker jeg å se på de litt uvanlige matvarene som finnes på kjøkkenet, sånn som jeg ikke har sett før :P Vanlig melk og smør har man sett en del ganger etterhvert. Koselig innlegg :D