photo an hour saturday.

photo an hour saturday.
09:00
det var så lenge sidan eg gjorde eit foto-i-timen-innlegg! så laurdag fekk kameraet henga med oss på marknadar og heime. dagen starta litt før ni, eg laga frukostparfait til oss med ein fancy yoghurt med pasjonsfrukt, luksusgranola og blåbær.

photo an hour saturday.
10:00
eg tok ein veldig lang dusj med ansiktsmaske og hårmaske, las i denne imens. er egentlig litt redd for å lesa i ho, for når som helst blir det for emosjonelt. så ufattelig bra.

photo an hour saturday.photo an hour saturday.
11:00
eg gjer meg klar, og me reiser! kjøper FT weekend og sprudlevatn til togreisa. elskar helgeaviser!

photo an hour saturday.
12:00
møter opp desse to! caitlin og manu! me skulle på maltby street market.

photo an hour saturday.
13:00
første stopp er alltid st.john’s bread and wine for å kjøpa donuts. jostein og eg kjøper lemon curd og butterscotch, ÅH så godt.

photo an hour saturday.
14:00
stoppar for ein kaffe hos little bread pedlars på spa terminus-marknaden.

photo an hour saturday.
15:00
og stikk innom mel southerden før me stikk heimover.

photo an hour saturday.
16:00
heime stiller eg opp alt me har kjøpt så eg kan sjå på det. kjøpte burgerbrød frå st. john’s og burgerar frå ginger pig på borough market.

photo an hour saturday.
17:00+18:00
eg startar med croissantbaking! det er det eg liksom øver meg på no i haust. så mykje arbeid, men så verdt det. og innimellom slaga (deigen må ligga i kjøleskapet i minst éin time før ein doblar og kjevlar igjen, igjen og igjen og igjen) lagar eg karamellisert lauk til laurdagsmiddag.

photo an hour saturday.photo an hour saturday.
19:00
me sluker bakverket eg kjøpte hos mel southerden, den er med kvit sjokolade og yuzu og heilt vanvittig god. og sikkert ikkje så vanskelig å laga heller!

photo an hour saturday.
20:00
me et! cheeseburger med karamellisert lauk og søtpotetfries. den beste middagen.

photo an hour saturday.
21:00
eg held fram i drømmelaurdagen og får ligga på sofaen medan jostein masserer føttene mine medan eg drikk øl medan eg legg neglelakk. :))))))))

photo an hour saturday.
22:00
resten av kvelden ser me på sopranos. er i siste sesongen no og om eg berre såvidt kjem på at james gandolfini er død så vil eg grina tusen tårer.

håpar de hadde fine laurdagar óg!

*translation:
on saturday, we went to maltby street market with cait and manu, had the amazzzzzing donuts from st. john’s bread and wine and bought burger ingredients. at home, we throw ourselves into the pastry we got from mel southerden and i start working on my croissants. in the evening, we eat the burgers i made with sweet potato fries (SO GOOD) and the rest of the evening is a blur of sopranos, IPA from the kernel brewery and getting a foot massage from my husband. i’d be crazy to complain, no?

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • For en superlørdag! Det å kjøpe gode, pene ting på markeder og småbutikker gir så mye glede at det er helt rart, hoho!
    Min lørdag besto av visning i leiligheten (merkelig og hyggelig å tenke på at noen andre skal bo her det neste året!) og flott sensommervær, og jeg hang på Grünerløkka mikrobryggfestival med fine folk og massemasse øl hele ettermiddagen og kvelden. Ingen dum dag her heller, med andre ord!

  • Herlig innlegg, selv om det ga meg litt London-lengsel! Maltby street market er så koselig, kan også anbefale salted caramel brownien fra “Bad Brownie” der.