10 august favorites!

favorittar august
tenk at det er september! eg syns det er så herleg, det er ein av mine beste månader. august har vore god og lang, og det håpar eg september óg blir. eg har samla nokre av mine favorittar frå august til dykk, her er dei:

  1. BOK: me har vore sånn i reisemodus med københavn-turen me har booka og bryllupsreiseplanleggingen, og denne boka, places to go, people to see, har gitt meg så mykje reiselyst og reiseGLEDE.
  2. PLANLEGGING: daily planner frå rifle paper co, har brukt denne eit par veker no og den gjer livet mitt enklare! eg skriv opp alt eg gjer frå dag til dag også middag på botnen! eg har ein del forskjellige slike planleggarar no som manglar faktiske datoar, så eg kan sirkulera dei istadenfor å holda meg til ein strikt kalender.
  3. SJOKOLADE: elskar dette merket sjokolade, nomnom, dei er frå wales og denne som heiter flame roasted hazelnut er den beste beste beste.
  4. FILM: elska i am love med tilda swinton, det var ein italiensk draum full av drama og kjensler. elska denne filmen, men den er heilt utslitande. fint om ein likar den slags.
  5. SKRUBB: origins ginzing, skrubbar meg med den om morgonen og den får meg til å vakna umiddelbart!
  6. MAGASIN: cereal, verdens vakraste magasin. las gjennom alle magasina hos frisørsalongen.
  7. LIN: ansiktshandkle frå merci, som av ein eller annan grunn gir meg meir respekt for meg sjølv? eg veit ikkje, elskar dei i allfall.
  8. PODCAST: criminal. høyrte gjennom alle episodane medan eg gjorde rekneskapet mitt denne månaden, og det var superinteressant lytting. anbefalar sterkt!
  9. LEPPESTIFT: på flyplassen på veg heim til london kjøpte jostein ein leppestift til meg! det har aldri skjedd før, må vera det nygifte livet! det er 452 emilienne frå chanel, syns den er så fin.
  10. BOK: meningen med hela skiten, som er som ein guide i å bli voksen. superfin gåve til alle unge og kreative!

 

*translation:
these are my august favorites! 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *