our wedding, the morning.

_MG_8506_MG_8251bw
i dag feirer jostein og eg ein månad som gifte! me tek fri for dagen og skal gjera berre fine ting. i mellomtiden tenkte eg at de skulle få sjå litt bilder frå bryllupet!det er så rart det her, eg har ikkje kunna sett på desse bildene ein einaste gong utan å få sommarfuglkvalme i magen. dei er det viktigaste eg eig og det finaste eg har. uansett! dagen starta med ein deilig frukost. kan drøyma om frukostane på åmot, altså, så sjukt godt. så måtte jostein og eg pynta kaka! for me hadde vore oppe til klokka to natta før og montert bryllupskaka vår. alle rundt oss syntes me var heilt fullstendig gale som gjorde det sjølve, men det er eit av dei finaste minna eg har frå planleggingstida og frå bryllupshelga. me fekk tid åleine ihop, sjølv om det kanskje var på kjølerommet under lett tidspress. frøy hadde krølla håret mitt dagen før for at eg likar best andredagskrøller og fordi me visste at sjølve bryllupsdagen kom til å bli heilt loco, men ho la ei fin sky av hårspray etter meg.

_MG_8213_MG_8236bw_MG_8280_MG_8290_MG_8329bw_MG_8444_MG_8525bw
alle gjorde seg klare, frøy fiksa håret til synne og eg la gull på augeloka. christine og eg laga buketten medan eg sminka meg. frøy og knut og christine hadde med svære posar med blomster frå mina milanda i oslo. på bildet i spegelen kan ein sjå at frøy varmar opp stemma, for ho sang under seremonien. og innimellom her så sprang folk rundt for å fiksa ting, ballongane skulle blåsast opp og gjestebokstasjonen skulle fiksast. elska det.

_MG_8285bw_MG_8318bw_MG_8386
også var det tid til litt kos óg! i tillegg til bukett og kaka var det nok blomar til at jostein kunne få seg ein corsage. klassisk brudgom-forlover moment her altså!

_MG_8475
åh, buketten min.

_MG_8533_MG_8564bw_MG_8596_MG_8612bw
så tok eg på meg kjolen! endelig! synne måtte sy meg inn i den og det var ganske morsomt. heile morgonen gjekk så innmari innmari fort og plutseleg var klokka tolv! seremoni-tid! men det tek me neste gong.

alle foto: heidi furre

 

 

*translation:
the photos from the morning of our wedding.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *