monday list.

fri.
kva gjorde du for nøyaktig fem månader sidan?
for fem månader sidan hadde me besøk av svigers i london. me trossa kulden og åt mykje godt, reiste på dagstur til oxford og såg fantastiske maleri. ein av dagane dei var på besøk var eg åleine heime medan dei gjekk på museum og då sat eg i vårsola og tok det heile inn.

når var du sjalu på nokon seinast?
er ofte sjalu på jostein for alt som han veit og kan, eg skjønnar ikkje kvifor han kan alt han kan og korleis han har hatt tid til å læra alt det. samtidig så er eg jo igrunn berre takksam for å leva med eit vandrande oppslagsverk. er óg sjalu på alle som hugsar mykje frå barndommen. og forrige veke var eg sjalu på sara for nokre vanvittig fine bilder ho hadde tatt.

gjer du noko som er unødvendig?
kjøper for mange bøker. elles så er eg ganske feilfri.

kan du visa eit bilde av noko superbra? oxford.
såklart! her er ein sunday roast. mmmmmmmnom.

kva er det verste med denne veka?
at eg føler meg litt umotivert, men det er kanskje berre regnet. også har me ei mus i huset og eg er konstant på vakt for kvar ho er, av og til stikk ho nasen ut på kjøkenet og i helga åt ho seg gjennom ein pose med kaffi. ikkje så trivelig altså.

kva skal du gjera resten av veka?
i morgon feirar jostein og eg at me har vore gift i ein månad med ein eller annan full dag av fantastiske greier, onsdag skal me ha middag og vin med mariell og i helga skal me óg henga med bra folk. også MÅ me eta ein sunday roast, trur eg nok. ein skam kor lite roast me har ete i england så langt!

når hadde du seinast hjartebank?
ikkje ein veldig morsom historie, i forrige veke vakna eg to netter på rad av uforklarlig angst. hjartet slo så hardt eg eg kjente det i heile kroppen. berre blah blah blah.

kva skal du gjera i haust?
prøva å skriva ferdig ei bok, kanskje opna ein liten plakatbutikk på nett, booka tur med varmluftsballong, reisa på bryllupsreise, lesa vakre bøker, reisa til københavn. berre sånne kjedelige ting.

har du nokon planar for slutten av sommaren?
skal henga i london her det er haust i ein månad til, ha piknik og utforska byen med fine venner.

Untitled

kva er det merkeligaste du har gjort for kjærleiken?
lært meg å elska parmesan.

kva burde du gjera men orkar berre ikkje?
støvsuga og fakturera. sååååå kjedelige ting.

kva har du i kjøleskapet?
7 typar sennep, to typar mjølk, harissa, millionaire shortbread, jarlsberg, den beste eplejuicen og vatn. for vatnet blir ikkje heilt kaldt her i england og det gjer meg gal!

kva er den beste kombinasjonen av to ting du veit om?
cappucino og biscotti. youtube og bilderedigering. paris og raudvin. mango og koriander. synne og jostein.

kan du by på ein teaser for kommande blogginnlegg?
såklart! i morgon startar eg med å dela litt bilder frå bryllupet, det blir igrunn litt bryllupstema denne veka sidan eg skal dela eit bryllup eg har fotografert óg. pluss andre ting, og på fredag er det det vanlige linkeinnlegget! det jobbar eg litt med kvar dag.

 

liste frå sandra.

 

*translation:
a monday list.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Ja, roast skal me også ha meir av denne hausten!

    Resten av kommentaren min har ikkje noko med innlegget å gjera, beklager det, men eg meiner at eg las noko ein gong om at du scannar din eigen film (når du knipsar analogt). No har eg kjøpt eit filmkamera frå 1980-åra, og etter å ha framkalla ein film (noko som kosta meg 170 kroner) og funne berre fem bilete som var vellukka, byrja eg å tenkje at det hadde vore betre om eg berre kunne få bileta mine scanna inn digitalt, slik at eg kunne sjå kva for nokre som vart bra og så eventuelt få dei framkalla. Er det noko som er mogleg å gjere? Kan ein gjere det på eiga hand, dersom ein kjøper ein filmscannar?

    • å skanne bileter sjølv er superlett, og absolutt noko ein sparar pengar på i lengda! i alle fall om ein fotograferar mykje analogt. både canon og epson har nokon veldig greie og ikkje så dyre skannarar med mulighet for skanning av negativar. ellers går det óg an å spørje hos fotografen om dei kan skanne for deg, det er som oftast mykje billigare enn å få bildene fremkalt! då får du dei berre lagt inn på ein cd – veldig greit det óg.