mariell og sara #14 – det nye nyåret

14

hei og hå storetå!
her kjem ein ny episode av podcasten vår, og eg vågar å sei at det er den beste episoden hittil. me snakkar om dei heilt innerste tinga som det å vera born på første skuledag til dei heilt ytre tinga som kva me har lyst til å ha på oss i haust. me svarar på ein god del spørsmål som de stilte oss, og kjem nok til å holda fram med det dei neste episodane. det er ingenting som er så gøy som å få bli bittelitt kjent med dei som høyrer på! så om de har fleire spørsmål, still dei gjerne under her så skal me med glede svara.

om de høyrer på medan de gjer noko gøy eller har ei vakker utsikt eller kanskje medan de sminkar dykk, legg ut eit bilde på insta da vel og bruk #mariellogsara så me kan snika oss inn i liva dykkar! me elskar å snika meir enn me elskar pizza. høyr på oss under her eller alle stader der podcastar finst!

*translation:
a new podcast episode! if you don’t speak norwegian (or maybe swedish/danish) you won’t understand a thing! we sound very nice though, so you might feel like you’re in a wonderfull girl gang if you press play.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *