oslo 1:1

oslo.
me hadde ein og ein halv dag i oslo! sara og eg åt is og spelte inn podcast, det er alltid så fint når me kan spela inn i samme rom. me blir litt flaue og energien blir annleis, syns det er så herleg. obs: ein skulle tru me fekk pengar for å reklamera, men eg kan ikkje få sagt nok kor god denne softisen er, på gutta på haugen.

oslo.
sara har eit gamalt avokadotre på kjøkenet som er så fint i røttene.

oslo.
ho hadde óg ein knut på kjøkenet! eller, knut bur der óg da. uklart om han elskar rugsprø eller berre trong noko å holda hånda på. her sit han og skriv teater.

oslo.
jostein og eg fulgte våre to eldste tantebarn til første skuledag, skulen deira er så fin men det var så rart å vera der i den energien igjen. sara og eg snakkar om det i podcasten i morgon!

oslo.
eg saknar stortorget, skulle ønska det fantest eit stortorg i min nærleik her i london.

oslo.
grünerløkka var ekstra vakker! jostein og eg budde her då me budde i oslo, to år i siloen, og hadde tim wendelboe som nabo.

oslo.
foccaceria har det finaste golvet!

oslo.
og den beste focacciaen. åh, så godt.

oslo.
i går var eg på shoppingrunde med frøy såvidt (ps veit de at frøy er operasanger? veit de at alle vennene mine er så sjukt talentfulle?), me browsa uff etter min haustgarderobe, men berre frøy fant noko.

oslo.
så istaden gjekk me på kaffebrenneriet, drakk iskaffe og kvar vår søtsak før ho måtte ta trikken til eit møte.

oslo.
eg vandra gatelangs i oslo åleine, kjøpte ein ansiktsskrubb og ei bursdagsgåve. så kom jostein, han hadde vore på eit møte med ein regissør og eg var den stoltaste kona (!!). så eg tok han hardt i hånda, gjekk på steen&strøm og kjøpte dei to skjortene som han såg kjekkast ut i. når jostein føler seg fin i ei skjorte så dansar han i prøverommet.

oslo.
etter det reiste me heim til ullern, pakka saman sakene våre, laga ein fiskemiddag og klemte tantebarna hardt og lenge. me flaug inn over eit mørkt og varmt london, og eg kunne ikkje sovna i drosjen heim for eg ville sjå heile byen som me flaut forbi. no er me endeleg heime, leiligheten er heilt rasert av all bagasjen vår (fire koffertar, yay!), i kjøleskapet finst det kun gin og champagne og eg er tom for sjampo og balsam. så, dei neste dagane blir travle både med jobb og med å komma tilbake i kvardagen og eg gler meg så innmari mykje. for eit bablete innlegg! oh well, det er kanskje greit óg.

*translation:
i had some lovely days in oslo, met up with a bunch of people i like! we had the best soft serve in the world (at gutta på haugen), awesome focaccia at focacceria and went shopping at uff with frøy. my husband had a great meeting with a director and i treated him to two shirts because i was too proud not to.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *