#kvinnerinn

kvinnerinn_befolkningen kvinnerinn_forskjell kvinnerinn_ordfører kvinnerinn_ressurs kvinnerinn_stemme kvinnerinn_sterkest

i dag lanserer kvinneguiden i samarbeid med sanitetskvinnene kampanjen kryss kvinner inn, som oppfordrar alle om å kryssa inn kvinner ved valget 14.september. me treng meir balanse i lokalpolitikken, balanse hjå dei som tek avgjerder i nærleiken vår. eg vil ha likestilling overalt! i brannvesenet, på frisørsalongen, på helsestasjonen, i parkvesenet, i heimen. men ingen av dei stadene kan eg vera med å bestemma. det eg derimot kan vera med å påvirka, er kven som får bestemma i kommunen min. i år vil eg ha kvinner inn!

kvifor eg vil ha kvinner inn, spør du kanskje (men forhåpentligvis ikkje)? fleire kvinnelige ledarar gir meir likestilt politikk, og med ein meir likestilt politikk jamnar ein ut samfunnet. på den måten blir alle stemmer høyrt og me kan bevega oss mot eit samfunn som passar for alle, uavhengig av kva kjønn du har, kven du elskar eller kvar du er ifrå. berre 22% av ordførarar i norge er kvinner. det er det dummaste eg har høyrt, og det seier noko av kvar makta ligg. det gjer meg litt trist å tenka på at sjølv i eit land som norge med kvinneleg statsminister er det vanskeleg å penetrera den mannsdominerte lokalpolitikken, og korleis den ubalansen påverkar kva tilbod og muligheiter som finst på små plassar.

me treng ikkje å stemma likt, eg og du. du kan stemma heilt i andre enden av spekteret, eg skal ikkje sei eit einaste ord om det. men når du står der og skal stemma, gi kvinnene eit lite dytt ved å kryssa dei av. for ein kan ikkje vera det ein ikkje kan sjå, og det er viktig for oss alle at me er representerte der avgjerder takast.

kryss kvinner inn! les meir om kvifor og ikkje minst korleis ein gjer det, her. i tillegg til å kryssa kvinner inn, kan du følga kampanjen på facebook, skriv eit blogginnlegg, del på instagram og pass på å prata om det med venner og familie! når me er mange klarar me mykje.

illustrasjonar av den fantastiske jenny jordahl

*translation:
today, kvinneguiden (magazine) is launching a campaign to get more women in local politics. 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *