when fredrik & knut came to town.

august.
forrige veke hadde me besøk av fredrik og knut. det var ei sånn magisk veke der ein ser potensiale i alt og alle idear blir høyrt på. jostein og fredrik jobbar med ei forestilling dei skal setta opp i haust, knut har brukt synne sitt rom (som det no heiter for meg sidan ho har vore så mykje her i sommar) til å jobba med eigne prosjekt som låveteateret og andre greier. eg har redigert bryllupsbilder, vore kokke og tvunge dei til å ta pausar med sånt som å eta softis og andre alvorlige påfunn.

august.august.august.august.august.august.august.august.august.august.august.august.
me drakk whiskey med isbitar, tok med vin ned til elva sjølv om det var for kaldt og plukka villbringebær som voks langsmed elvebrygga. ein dag køyrte me til årdal og besøkte bestemor og ein annan dag laga eg verdens beste risotto.

august.august.august.august.
knut leika med balder, men berre ute, sidan han er allergisk og eg hadde lakrisstrø på min softis.

august.august.
eine dagen spente me opp eit laken i hagen for å ta bilder av alle saman. det er igrunn ganske vakre folk eg har rundt meg, om det er lov å sei.

*translation:
last week, knut and fredrik came to visit. we all worked on separate projects and it was such a dreamlife week! we drank whiskey with ice cubes, went to get soft serve ice cream and brought blankets to drink wine by the river. one of the days we put up a white sheet in the field to photograph everyone (my friends are so pretty!). 

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *