friday link love.

friday link love

hei, fredag! det er no farlig nære bryllupet, og nervene har heilt klart meldt seg (fekk gåsehud når eg skreiv dette!). enda står det igjen ganske mykje å gjera, men på ein sjuk måte så føler eg óg at alt er under kontroll.

høgdepunkt denne veka: 1. at me laga biff og heimelaga bearnaise i går og det vart sjukt godt. 2. å få prøva skjørtet til brudekjolen min og kor rart det var. 3. dei to blogglesarane som maila om adresse fordi dei vil senda gave (seriøst, kor heldig får ein bli?). 4. køyra bil på jordet og føla meg litt flinkare kvar gong eg startar bilen. 5. dei fem strålane med sol.

i morgon skal eg fotografera eit bryllup på åmot operagard, som blir ganske morsomt (til dei som ikkje veit det, eg skal gifta meg på åmot neste veke!). i dag skal me sykla til butikken for å kjøpa d2, klyppa graset (jostein klypper med traktor og eg med kantklyppar), eta is og kryssa eit par ting av lista. her er nokre linkar eg har samla til dykk!

  1. amelia widell sin instagram sprer sånn sommarkjensle hos meg, det er overgrodde hagar og kalde vinglas. åh!
  2. salt karamell-brioche donuts. eg har enda ikkje turt å laga denne typen bakverk, men fekk akutt lyst!
  3. james har samla alle sine beste coffee table-bøker i eitt innlegg, veldig inspirerande.
  4. is med kakedeig og funfetti (altså med kakestrøssel). ser jo så fint ut.
  5. joana intervjua emily henderson om korleis ein kan henga opp kunst på best måte.
  6. siklar sånn over dette hårbandet frå oscar de la renta.

 

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *