confetti and wild roses.

sogn.sogn.sogn.sogn. ein dag, medan det framleis var sol og varmt, hadde me fest i hagen for pappa som fylte 48 år. mamma hadde laga kaker, me drog ihop alt av små bord frå gamlahuset og åt frå mormor sitt servise. me åt så himla mykje kaker og sat der til det vart for kaldt å sitta ute, då henta me skjerf og sat der litt til.

sogn.sogn.sogn.sogn.sogn.sogn.sogn.
me gjekk ned og inspiserte elva som var så stor, balder kom seg gjennom gjerdet to gongar og me måtte følga han i halsbandet heim. synne og S flaug i det fri frå kanten på elvebrygga og slåtten var framleis i full gang. heilt til slutt fekk T ta over kameraet mitt sidan ho hadde sagt at ho kanskje vil bli fotograf når ho blir vaksen (og eg prøvde forgjeves å holda lykken tilbake). minnekortet var fullt av ti år gamle føtter, blomar og hekkar. me åt middag ute av alt me hadde lyst på: søtpotet, kjøttbollar og stor stor salat.

sogn.sogn.sogn.sogn.sogn.
synne reiste altfor tidlig mandag morgon, og i dagane etter har jostein og eg vore dei mest effektive personane. redigert hundrevis av bryllupsbilder, skrive bryllupslister og maila bryllupsmailar. 18 dagar er så altfor kort tid og samtidig kan eg nesten ikkje venta til me er der. eg har spelt inn podcast, brukt heile dagen på å laga suppe og teke meg tid til å ta pausar for å lata som om det er ferie. når det er så lyst er det vanskeleg å vita kva klokka er, plutseleg er det natt og plutseleg er det morgon att, også vidare også vidare. villrosene som bestemora til jostein planta blomstra plutseleg i går, dei har den mest fantastiske lukta og eg kunne ikkje motstå å ta med meg litt av sommaren inn.

*translation:
one day last week, when the sun was here and it was warm, i threw a party for my dad in the garden. it was his 48th birthday, my mum had baked cakes, we gathered all the small tables and chairs from around the farm and set the table with my grandmother’s china. we at and ate and ate and sat there until it was too cold to be outside, then we got some blankets and sat there some more.

we walked down to the river to inspect it since it was so big, the dog got through the fence twice and we had to take him home by his collar. synne and little S flew from the edge of the trail and the emptying of the field was still taking place. at the end i let little T take over my camera, since she had said just before that she might want to be a photographer when she grows up (i tried to contain my glee). my memory card was full of ten year old feet, flowers and hedges. we had dinner outside with everything we fancied: sweet potato, meatballs and a big big salad.

synne left way too early on monday morning, and in the days after jostein and i have been the most efficiant people. edited hundreds of wedding photos, written lists for our wedding and done some important emailing. 18 days is far too short and still i cannot wait to get there. i’ve recorded a podcast, spent my whole day making soup and taken little moments off to pretend like i’m on vacation. when it’s so light out it’s difficult to know what time it is, suddenly it’s nighttime and morning again, ad infinitum. the wild roses that j’s grandmother planted blossomed suddenly yesterday, they have the most intoxicating smell and i couldn’t resist taking a little summer with me inside.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *