my paris journal, two.

paris.

resten av parisveka bada me i sol og smil. me kniste av køen for å komma inn i notre dame, veit dei ikkje at dei må komma i lågsesongen?, gjekk på oss pollenallergi og vassblemmer og kjøpte inn nødvendige saker til sommaren: frukostskåler og lektyre som passar i graset.

paris.paris.paris.paris.paris.paris.paris.paris.

me heldt fram med å kun gå på favorittplassane våre, ein is hos berthillon der mine to sjelar drog i meg. den eine vil alltid ha hasselnøtt og valfri anna nøtt, den andre vil ha noko nytt og superspennande. denne gongen vann begge, og eg óg, for eg fekk to kuler is. me åt dei rett utanfor og høyrte på dei andre diskutera sine smakvalg óg. me vandra over øyene og då eg tok dette bildet av han hugsa eg at eg sa slutt å sjå så jævlig glad ut! men det gjorde han såklart ikkje. folk sat ved seinen og spelte kort, så vindstille var det sjølv ved vatnet, og eg lengta som vanlig mot eit liv i paris, med kortspeling og å gå overalt. det livet som eg no veit at ikkje egentlig finst men som eg lar meg sjølv drøyma om likevel.

paris.paris.paris.paris.

me åt frukostegg på merci, opphavet til min besatthet med blautkokte eggeplommer, og den einaste plassen eg har smør på skiva mi, det beste salte smøret i verda i små sølvfarga pakker som ein egentlig berre vil putta i lomma og spara til ein dårlig dag. me prata såvidt med ho som jobbar der som er min favoritt, med store svarte briller og schwung i det fine grå håret. vindauga stod på gløtt og me gjekk derifrå mange (mange) kroner fattigare.

paris.paris.paris.paris.

jostein peika på fine fasadar eg skulle fotografera, og eg hadde jo ingenting å rekka og dessutan så hadde han rett. eg fekk klappa ein fin (fin!) kvalp, og gjekk egentlig berre inn i butikken på grunn av han, men det viste seg å vera ein superfin dansk designbutikk og eg fekk klappa så mykje eg ville til jostein drog meg i armen ut derifrå. rundt hjørnet var ein barnehage der alle dei franske barna trykte ansikta opp mot vindauga og vinka og smilte i sine kapper og fine sko, og me klaup kvarandre litt ekstra hardt i hånda og ønska at alle born i verda såg så chic’e ut som dei.

paris.paris.paris.paris.paris.

eg kjøpte ein ny kjole for sju euro, eg såg stoffet frå andre sida av butikken og gjekk bestemt mot, prøvde den over kjolen eg allereie hadde på meg og gjekk rett til kassa. heime såg eg på haleigh sine ting og samanligna med mine, så innmari fint å vera omringa av alle tinga til ein sånn favorittperson, å føla ho overalt der og sakna ho så innmari. me er så like og så forskjellige. i ho er alt dust og romantisk medan eg er den som bannar høgast og som elskar polyester.

paris.paris.paris.paris.paris.paris.

den siste dagen i paris var den aller travlaste. me kom over heile to loppemarknadar, tok på så mange fine ting og forbanna i grunn at me skulle heim på fly og ikkje tog. eg laga og fotograferte to oppskrifter og tok meg sjølv i å samla inspirasjon av haleigh sitt kjøken og korleis ho bruker og kjøper ting. anten så er det dyrt og gamalt og solid, eller så kostar det under ein euro og går bra å knusa. så pakka me ihop alle sakene våre, duppa i baksetet på ein uber-bil heile vegen til orly og vips, så var me i oslo. vent på meg, paris, ok? eg lovar at det ikkje blir like lenge til neste gong.

*translation:
more of my trip to paris.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *