mine favorittar i sogn & fjordane!

ooo

eg er jo som de veit frå sogn og fjordane, og syns såklart det er det vakraste fylket som finst, med alt det grøne, fjordar, fjell og ferjer. det som óg finst er små skattar! dei er kanskje langt ifrå kvarandre, men her har eg iallfall samla ei liste over sånt som eg elskar i sogn og fjordane og som eg skal streba etter å sjekka innom medan eg er heime i sommar! om de har andre favorittar, legg dei veldig gjerne att i kommentarfeltet så me alle kan utforska meir!

åmot operagard, bygstad
det burde ikkje komma som noko sjokk at eg elskar åmot operagard. åmot er verkeleg noko av det beste fylket har å by på, gründersjel, historie, unike initiativ og fantastisk mat. følg med på kalenderen deira her for å sjå kva som skjer i sommar. blogginnlegg frå åmot her og her.

bokbyen, fjærland
kvar sommar er me innom bokbyen i fjærland, og kvar sommar er det ein fin opplevelse. les meir om bokbyen her, og når du er der: et lunsj på mundal hotell eller det noko nyare fjærland fjordstue hotell, der dei óg har supergod mat. blogginnlegg frå bokbyen her og her.

ciderhuset, balestrand
i ciderhuset kan ein eta og drikka godt hos nokon av dei finaste folka i fylket. balholm, som er noko av det beste ein kan drikka på denne jord, er óg født av gjengen bak ciderhuset.

brukt & antikk, lærdal
jon og hallvard har alltid noko eg har lyst på, og ein kan gjera skikkelige kupp. dei kan sakene sine! bruktbutikken ligg på gamleøyri i lærdal, der alle husa er 200-300 år gamle, supersøte og veldig små. nokre dører bort finn du óg ellen antikk, der det er ein god del dyrare men framleis veldig mogleg å gjera gode kjøp. blogginnlegg frå bruktbutikkane her og her.

nms, sogndal + førde
norsk misjonssamband: åh, elskar det. sååå fine bruktbutikkar og så koseleg å snakka med dei fine gamle damene som jobbar i butikkane. alt frå klede til møblar.

tya bryggeri + tya bakeri, årdal
tya har teknisk sett ikkje opna enda, men eg må tipsa likevel! endeleg surdeigsbakeri i sogn! tya er bakeri og bryggeri vegg-i-vegg som opnar no i sommar. eg smakte det første ølet til bryggeriet for eit par dagar sidan og det er fantastisk!

aurlandssko, aurland
heimen til aurlandsskoen, ein kan kjøpa til redusert pris og i alle fargar ein kan tenka seg. i tillegg til dei ikoniske penny loafer-skoa har dei óg fantastiske vesker der. om du spør fint kan du få omvisning i fabrikken óg!

landbruksskulen, aurland
den einaste økologiske jord- og landbruksskulen i landet. me stikk alltid innom om me er i aurland, for dei har den beste lille butikken med økologiske varer eg ikkje har sett andre stader. som oppvaskmiddelet eg til vanlig brukar i london, sjokolade frå green & blacks og vakre tørrvarer frå saltå kvarn. innkjøpsbilde frå landbruksskulen her.

*translation:
this is a small guide to my county in norway, sogn og fjordane.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Er så heldig som er oppvaksen på mat frå SJH – dei er verkeleg eit unikt tilbod på ein liten stad som Aurland! Har også nokre timar i antikkbutikkane i Lærdal gjennom åra, dette vart eit skikkeleg mimreinnlegg for ein aurlending! Herleg.

  • Superfint innlegg! Ikke kommer jeg fra Sogn&Fjordane eller har noen spesielle planer om å dra dit i nærmeste fremtid, men det er så fint å bli minnet på alle de fine tingene som skjer på alle de mindre stedene utenfor det fancy livet i London eller hvor man enn befinner seg. Det er så lett å tenke at jo større, jo bedre, spesielt når det er fra det stedet man ikke kunne vente med å komme seg unna for å se livet der ute som tenåring, men det finnes jo faktisk masse fint overalt. Nå skal jeg jammen prøve å sjekke ut mitt eget hjemfylke for små perler jeg vil finne i sommer :-)

  • Bokbyen! Må jo besøke Jølster òg. Køyr eller sykl langs sørsida av Jølstravatnet og besøk verdas vakraste tun, Astruptunet, for påfyll av kunst, is, kaffi og sveler. Og ei omvisning av ein av dei flike tunvertane. På nordsida av vatnet ligg Eikaas-galleriet idyllisk til ved vatnet, rett ved sidan av ein koseleg kafé og ein lokal gullsmed. Vakrast om våren og sommaren.

  • Enig med Janne over, jeg skulle akkurat til å nevne Astruptunet. Flotte sommerminner derifra fra ungdomstiden (familien min er fra fra Sunnfjord).

  • Må pirke litt og påpeke at NMS er Norsk Misjonsselskap. Misjonssambandet forkortes NLM (klarer ikke å dy meg, siden jeg har bodd på Madagaskar fordi foreldrene mine jobbet for NMS).
    Ellers har jeg vært heldig nok til å bo i Balestrand, og kan si meg hjertens enig i at både Sogn og Fjordane og Balhom er fantastisk :D

  • Så mykje fint. Tur til bokbyen i Fjærland er på “to do”-lista mi i sommar.

    Eg vil tipse om Rikken i Førde. Fantastisk å luske rundt i kjellaren og sjå på kunst og snike på verkstaden.

  • Fottur i Aurlandsdalen er mitt beste Sogn og Fjordane-tips. Det er gangbar for de fleste, byr på så utrolig flotte naturopplevelser og kollektivtrafikken er satt opp slik at det lar seg gjøre å gå her også for tilreisende. Ellers vil jeg tipse om Undredal og geitost og å kjøre gamlevegen over fjellet fra Lærdal til Aurland for å nyte kulturlandskapet.

  • Trivselsfylket <3 Og som kommentert over her, så kommer jo all den fantastiske naturen i tillegg! Men er Mundal Hotell åpnet igjen? Det var stengt forrige sommer da vi var der.