måndagsmorgonlista.

Coffee and notes
foto.

hei, måndag! me startar denne veka med ei liste, tenkte eg! det er passe mildt og mjukt og trøystande, som mjølka som blir att i skåla etter ein har ete alle jordbæra.

om du kun fekk ta på eitt sminkeprodukt om morgonen, kva skulle du velga?
eg skulle velga anten mascara, augebrynspenn eller raud leppestift. det er dei tre tinga som gjer størst skilnad i mitt bleike fjes.

kva er din favorittdrink?
akkurat no er det sitruslikør blanda med tonic, det må vera enkelt og deilig. har ein ny drink klar til å prøva, typisk vårgreie for meg.

kva vil du forbetre i livet ditt?
å vera frilanser er ei standig jakt på disiplin og tidsbruk. også har eg lyst til å snakka mindre om stress og heller finna andre plassar å putta den negative energien som kan oppstå.

om du berre fekk ha på deg éin farge i klede, resten av livet, kva skulle det vera?
kunne jo sei superkjedelig svart. men eg seier mørkeblått, det føler eg meg finast i.

har du knekt bein i kroppen?
eh, ja. var ein himla defensiv handballspelar og knakk og forstua hit og dit. tærne mine ser heilt misforstra ut framleis av alt misbruk.

trur du på gud?
nei, det har eg aldri gjort.

kva gjorde du for eit år sidan?
sykla ein masse, sat i parken og åt mykje jordbær.

når vart du full første gongen?
første gongen eg var ordentlig full gikk eg inn for det, det var i førsteklasse på vgs (så eg var 16 eller 17). christine og eg samla ihop dusinvis av ulike øl og rusbrus også drakk me dei medan me såg på desperate housewives. og det var starten på den karrieren og eit av mine finaste vennskap.

kaffe eller te?
kaffe på morgonen, te på ettermiddagen. kaffien bør vera frå monmouth og teen bør vera frå mariage freres.

kva gler du deg mest til akkurat no?
til bryllupet, til ei fin norgesveke neste veke og til lunsj!

kva er frihet for deg?
å bestemma livet, og velga dette livet kvar einaste dag men vita at eg kan pakka ihop og gjera noko heilt nytt om eg vil det.

*translation:
a monday list.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *