julemagasinet i mine draumar.

Untitled

her kjem det ein stor nyhet: i år går eg tilbake til røttene mine og gir ut eit julemagasin! tanken er at det kjem ut i midten av november og er den perfekte adventsgåva, proppfull av fine oppskrifter, julepynt på alle slags vis, aktivitetar, kanskje eit kryssord, lister, artiklar og trivia. det blir det ultimate feelgood-magasinet å plukka fram på sengekanten i adventstida. eg vil at det skal vera for alle, som juleblad på 50- og 60-talet med ein moderne tvist. at bestemor kan lesa det på sengekanten, at pappa kan finna interessante oppskrifter og at tiåringar kan finna diy-pynt å laga eller fine aktivitetar når ein kjedar seg i romjula.

eg kjem til å gjera alt sjølv, som eg har gjort før, og opplaget blir bestemt av forhåndssalg (meir om det seinare!). det eg treng frå dykk no er 1) å høyra om dette høyrest kult ut. 2) å finna ut om nokon har lyst til å vera med å laga det? eg vil at mailinnboksen skal fyllast opp av folk som vil fotografera, skriva, komma med idear eller kva som helst. 3) få dykk til å senda meg ALLE juleoppskrifter de kan komma på, koselege, enkle, avanserte og nyskapande. kanskje har bestemor ei fantastisk kjeksoppskrift?

det er jo litt rart å snakka om jul på våren, men sånn er det i magasinverda, rett og slett! kommenter her eller mail meg på mariell (at) hjartesmil.com, så blir eg den lykkeligaste redaktøren som har levd.

 

*translation:
i’m making a christmas magazine this year. i haven’t really decided if it’s going to be in both english and norwegian yet, let me know if that’s something you would want to buy.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *