anxious phone photography.

Untitled
all denne bursdagsangsten eg har hatt med meg rundtomkring i byen har gjort ryggen min til eit ganske problematisk område. derfor har eg tatt millionar av bilder med telefonen min i det siste. la oss sjå på dei! her er fine kirsebærtreblad.

Untitled
her er det typiske prøveromsbildet eg sender til jostein og han svarar “fin!!!”. dette er min nye favorittkjole.

Untitled
britta og ramsay har vore på besøk frå new york og dei har blitt så forelska i london. ein kveld åt me middag heime hos dei.

Untitled
dei budde hos ein arkitekt som likte skandinavisk design, alt var string og hay og ferm living.

Untitled
dei budde i n1, ein av dei finaste postkodane i london. alle bur i korte hus og har bilane sine parkert utanfor. på vegen heim kviskra eg til jostein at dette nok var eit fint område å trilla barnevogn i. skal berre tjena tusen millionar først.

Untitled
i parken, på burdagen min.

Untitled
laurdag møtte me britta og rams på bakeri.

Untitled
me åt kaker. her er mitt og jostein sitt fat.

Untitled
så gjekk me på marknad og såg på bøker.

Untitled
sat i parken og drakk øl.

Untitled
og gjekk enda meir på marknad. alle var så glade og marknaden stengte berre aldri for det var varmt og så mange folk.

Untitled
meg i den nye kjolen min som minnar meg om påske.

Untitled
bursdagsgåver frå britta og ramsay, dei er ganske galne. me fekk limonade, te, sjokolade som me sporenstreks åt også gåvekort på afternoon tea som er typ den finaste gåva ever.

Untitled
det siste er frå søndag då eg og jostein åt fancy yoghurtar til lunsj. min sitron, hans blåbær. så låg eg i badekaret i ein time for at musklane i ryggen skulle smelta og det hjalp om berre bittelitt.

*translation:
lately my anxiety level has made my back a monster and i can’t carry my camera around so i’ve been taking lots of pictures with my phone. these are of the last few days. 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *