måndagslista.

fri.

kva er ditt beste produkt akkurat no?
min nye ansiktskrem, ein frå aesop som luktar mandarin og får meg til å føla meg ansvarlig som har ein ansiktskrem.

kva skal ein gjera på ein grå søndag?
rydda i skapet, eta ein is, baka scones og skriva lister over kva ein skal gjera når det ikkje er grått lenger.

kva bok las du sist?
the first bad man av miranda july.

kven er din favorittfotograf?
francesca woodman og lina scheynius.

kor mange par sko har du?
3, inkludert eitt par støvlar.

kva luktar best i verda?
jostein. syriner. nye sengeklede. jordbær.

kva tenkjer du på før du skal somna?
tenkjer på dagen og den neste dagen.

syns du at du er fin?
ja, igrunn.

din absolutte favorittblogg?
akkurat no: tant johanna.

kva vil du gjera som du ikkje har gjort?
vera i varmluftsballong. vaska vindauga.

kvar vil du reisa på ferie?
til amalfi for å lukta på sitronane (hei bryllupsreise!). new orleans. stockholm og københavn. til berlin berre for å eta ostekake.

kva heiter søskena dine?
renate.

kva et du til frukost?
rista brød med blautkokt egg, majones og havsalt. ein kopp kaffe og ein masse vatn. kanskje ei blodappelsin om me har. eller knekkebrød med sennep, vellagra cheddar og agurk.

kva type menneske likar du?
sånne som er både gale og rasjonelle og morsomme og alvorlige og ambisiøse og late og høglydte og redde. sånne som ikkje egentlig har ein type.

kva bestiller du på kafé?
cappucino eller macchiato og ein mandelcroissant om det er helg.

kva er det beste godteriet?
sjokolade og lakris.

kva er den perfekte piknikkorga?
ei flaske cremant, ein baguette som stikk ut, deilige ostar og fennikkelsalami, eit godt syltetøy, jordbær og sjokolade.

kva er det beste på jobben akkurat no? 
å booka så mykje fotografering, det er jo det gøyaste. skal ta bilder av bebisar og gravide og personar eg aldri før har møtt og så mange herlege bryllup! også er det kjempegøy å spela inn podcast med sara, det er noko av det gøyaste ever.

kva gjer du, kvar er du, kven er du om ti år?
eg jobbar som fotograf og forfattar, har fri alle fredagar og har eit par-tre ungar. eg bur i eit superfint hus i islington i london og eg har dei finaste sengekleda og eg går aldri tom for dopapir.

 

*translation:
a list.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *