Q + A, the lost ones.

Untitled
foto.

 

eg rydda litt i filene mine og fann ein masse spørsmål eg ikkje hadde svart på! så her kjem svara på dei:

 

Q: Hei! Jeg har et par spørsmål, til dere begge: Har dere noen ganger vært i Finnmak? Hvis ja, hvor var dere og hva synes dere? Hvis ikke, kunne dere tenkt dere å dra, og i så fall hvor?
I tillegg lurer jeg på hva som er det aller beste tipset dere har til en som ønsker å begynne å jobbe frilans? Bloggingen din har vært fanastisk den siste tiden, du er en stor inspirasjonskilde!
A: eg har vore i finnmark! var ei veke i alta då eg var typ 15, hos ei venninne eg hadde møtt på internett! det var vinterferie, og første gongen eg hadde teke eit fly nokonsinne. eg grein på flyet når eg vinka til pappa som stod ved bilen og flyvertinna kom og sat seg ved sidan av meg. eg hadde berre med meg converse og det var kaldt men ei fin veke. eg var med ho på skulen, me såg filmar og chatta med jostein over internett. jostein har ikkje vore der, men me begge skulle gjerne villa reise tilbake for å faktisk få utforska litt, sjå det vakre og det billedskjønne. kom gjerne med tips!

mitt beste tips til nokon som skal starta frilans er: det kjem til å bli dødsslitsomt, men om du kan, prøv å starta frilansjobben medan du framleis har fast jobb eller spar opp ein masse pengar før du startar. eg trur at desperasjon så fort kan ta gleden ut av det og faktisk gjera ein mindre produktiv, så det er nok deilig å ha nokre månader oppsparte før ein kastar seg ut i det. ein må ha råd til å vera litt uredd.


Q: Medan eg har moglegheita: kva vaskar Jostein håret med? (Eg har dreads også. Er litt lat og brukar etter tips berre eddik og bakepulver – slik at eg slepp å bruke maange pengar på dyre residue free shampoar, og kjøper inn heller det på matbutikken.)

A: han vaskar det med min sjampo! frå kevin murphy.

Q: Siden slikkepott er det beste kjøkkenredskapet, og du har så mange av dem: kan du ta et bilde av dem? :)
A: her er dei! tre store og to små. den svarte er den einaste me får bruka til tomatsaus eller kvitlauksgreier, sidan silikon tek litt smak og da er det ukult med kvitlaukssmak i sjokoladekaka, liksom.
Untitled

Q: Hej Mariell! Jag är väldigt nyfiken på hur dina jobb ser ut? Hur ofta jobbar du, och skriver du tillsammans med något speciellt förlag? Samma undrar jag kring fotograferingen :)
A: eg jobbar fulltid som frilans, minst åtte timar kvar dag, og da jobbar eg med ein masse forskjellig. i desse dagar skriv eg spalter, designar bloggar og heimesider, spelar inn podcast og skapar oppskrifter for økologisk og jobbar forsiktig på forskjellige bokprosjekt. i tillegg jobbar eg med eit magasin som skal ut i år som eg snart skal fortella om! fotograferingen bookar eg inn når eg er i oslo eller ein by også sjølvsagt bryllupsfotograferingane mine som eg har mange helger i året. alt er kun for meg sjølv utanom bokskrivinga der me høyrer til på samlaget.

Q: Hvilken bok skulle du ønske du hadde skrevet?
A: the goldfinch av donna tartt, akkurat no iallfall. eg kan til og med vera redd for at ho skal vera i ei bilulykke eller få ein sjukdom sånn at ho ikkje skal skriva fleire bøker. men egentlig typ 50 shades of grey, så eg var superrik og kunne chilla i eit par år. trur ikkje det er sunt for forfattarar å ønska seg andre sine bøker, egentlig.

Q: Korleis var det å gi ut boka dykkar, eigentleg? Og korleis var det å byrje på bok nummer to etterpå? :)
A: det var innmari gøy og innmari skummelt! og litt trist å ta farvel med personane me hadde skapt. like spennande er det jo å få skapa nye personar, og at ein faktisk er heilt fri til å skapa kor mange personar ein har lyst til.

Q: I alle årene jeg har lest denne bloggen har jeg alltid tenkt at du har så styr på hva du driver med og hvem du er. Spesielt da du bodde i Paris alene. Jeg syns det er utrolig vakkert og fantastisk at du gir ut bøker, gifter deg snart, og det virker virkelig som om du har det fint for tiden. Og det er nettopp derfor jeg lurer på – får du noen ganger angst av tanken på at livet ditt kunne vært bedre/annerledes? At du sitter fast/burde valgt annerledes?
A: eg får angst av innmari mykje, men ikkje dette. eg er så himla sikker på meg sjølv og veit akkurat kva eg vil ha frå livet. og eg trur verkeleg ikkje livet kunne vore betre enn det er no!

Q: Har du god selvtillit og et godt selvbilde?
A: ja, det vil eg sei at eg har! føler meg trygg på meg sjølv og kven eg er, liksom. alle har jo dårlige dagar og alle kan føla at dei har sagt noko dumt eller ikkje vore bra nok sånn eller sånn. men eg likar meg sjølv, er fornøgd i meg sjølv.

Q: Er det noe med det norske samfunnet som gjør at du ikke vil flytte tilbake hit?
A: nei, absolutt ikkje! syns eg det er slitsomt at nordmenn ikkje ser kvarandre i augene eller snakkar til kvarandre med mindre ein må? absolutt. syns eg det er irriterande at nordmenn ikkje har den samme innfødte evna til å oppføra seg i kollektiv trafikk som britane? oh yes. blir eg gal av at nordmenn må stå heilt oppi bagasjebåndet på flyplassar? for det meste. men sånn er det jo uansett kvar ein er ifrå, trur eg. eg elskar norge og føler meg heldig typ kvar dag for å vera norsk.

Q: har du noen tips til å få et bedre selvbilde når man ikke helt oppnår idealene i samfunnet vårt (som sikkert de færreste gjør)?
A: ja! det har eg! for det første så trur eg det er superviktig å minna seg sjølv på kor bra ein er og kven ein egentlig er. da meinar eg å gjera ting som å skriva lister over kva som er bra med seg sjølv. kanskje kvar dag til og med! i dårlige periodar smiler eg til meg sjølv i spegelen kvar dag, det er som om det lurer hjerna til å tru at ein er awesome og det funkar faktisk. og noko av det aller viktigaste, iallfall for meg, er å gjera ting som gjer meg glad og å ha folk rundt meg som får meg til å føla meg bra og som respekterer og verkeleg bryr seg om meg. gi deg sjølv lov til å ikkje omgås med den der personen som gjer at du ikkje likar deg sjølv og jobb heller på å bygga deg sjølv sterkare.

bonus: dette gjer underverk for meg óg: ta tak i ting. om eg har ei knust ramme eller hol i eit plagg kan det gjera SÅ godt å fiksa det. for av og til lurer eg meg sjølv til at eg er ein sånn person som ikkje gidd å gjera noko, og da kan ein jo svara ved å berre gjera det.

Q: husker du skrev en gang for lenge siden noe om at du aldri kunne tenke deg å flytte tilbake til norge. uansett om dette fortsatt stemmer eller ikke, hva er noen av grunnene dine til at du heller vil bo i utlandet? jeg har ingen planer om å noensinne flytte tilbake til norge selv om elsker å dra dit i ferier osv. for meg er det mer en følelse enn konkrete grunner som jeg klarer å sette ord på. det er uansett vanskelig å snakke om det siden de fleste synes det er utakknemlig når du kommer fra “verdens beste land” osv.
A: ah, DEFINTIVT så vanskeleg å snakka om sidan ein alltid får det der dårlige samvitet for at ein har dumpa verdens beste land, haha. vel, det er igrunn ganske enkelt: eg føler at eg er skapt for byar, og oslo var aldri heilt nok for meg.

Q: Tusen takk for fin blogg! Har fulgt deg i flere år og bloggen er et veldig fint lyspunkt i hverdagen :) Jeg lurte på om du har noen tips til hvordan takle kollektiv med slitsomme og intense folk som tapper en for energi? Skal flytte til sommeren, men vet ikke hvordan jeg skal holde ut til da.
A: hei! det er så himla lenge sidan eg har budd med nokon andre enn jostein, og for fredrik som eg budde med sist var eg nok til tider ein ulidelig sambuar. eg var passiv-agressiv og sur, og skulle så innmari ønska at eg hadde turt å heller snakka med han enn å gå og irritera meg. så det får bli mitt tips: snakk med dei du bur med om det som plagar deg, eller heilt enkelt trekk deg tilbake utan å unnskylda deg. kom deg ut av huset så mykje du kan og skriv lister over sånt som skal bli bedre når du flyttar ut!

Q: Både du og bloggen din er fantastisk – ein favoritt! Lurer på om du har noko motto som du seier til deg sjølv i speilet dei dagane alt er litt ekstra vanskeleg?
A: merci! ikkje noko motto akkurat, men spelar sangen som har blitt mitt mantra: winners don’t come easy med highasakite. den fyller meg alltid med det ekstra eg treng for å komma gjennom dagen.

Q: åh, mitt spørsmål:
når jeg leser bloggen din kjenner jeg at jeg synes fortellerstemmen er mer 1.person en de fleste andre blogger; vi ser sjelden deg, men vi ser mye “utsiktsbilder” fra livet ditt om jeg kan kalle det det – uoppredd seng, lunsjen, pulten, jostein når dere går tur, blomster og kjekssmuler på porselensasjetter osv.
Er det bevisst grep at det har blitt mer og mer sånn?
(hvis du skjønte hva jeg mente da. Synes det er så innmari fint at bloggen din handler mest om tanker og opplevelser)
A: for eit fint spørsmål! hm, det er definitivt ikkje bevisst, men eg tenkte på dette ei stund og kom fram til: eg trur eg så veldig gjerne vil at folk skal sjå mitt fine liv som eg ser det. liksom, dette ser eg, sånn er livet. av og til skulle eg ønska eg kunne ha eit kamera i auget så eg faktisk kunne ta bilder nøyaktig frå mitt perspektiv.

Q: Hei Mariell! :)
Jeg flyttet til London for noen måneder siden (bor faktiskt også i New Cross!) hvor jeg har en engelsk kjæreste. Vi snakker ofte om fremtiden og noe jeg har funnet ut er hvor utrolig vanlig det er å være hjemmeværende som mor her i England. Systemet her er lagt opp slik at det er mer lønnsomt at en forelder slutter å jobbe fremfor å sende ungene i barnehage eller å ha barnevakt. Jeg har enda ikke møtt en engelskmann som har hatt en mor i fulltidsarbeid, noe jeg synes er veldig trist. Flere kvinner jeg har snakket med har også sagt at de ikke vil ha barn i fremtiden, ikke fordi de ikke vil ha familie men fordi de som kvinne i England er nødt til å velge mellom barn og jobb (dette gjelder ikke super rike mennesker selvfølgelig).
Grunnen til at jeg tar dette opp nå er fordi du sier du hadde ikke hatt noe imot å etablere familie i England, noe du selvfølgelig skal få lov til, men hvis normen her i England blir gjeldene for deg og Josteins fremtidige familie er spørsmålet mitt dette; er du (eller Jostein) villig til å være hjemmeværende hvis du blir nødt til det?
Hilsen jente som ikke mener at hjemmeværende mødre er tapere, men mener at mange av dem er hjemmeværende fordi de ikke har noe valg :(
A: hei! ja, det er heilt SJUKT kor dyrt det er med barnehage (berre så de andre har noko å samanligna med kostar det altså rundt 12.000 kroner for eitt barn i barnehage i london) og den slags her i byen, og det er heilt sjukt kva det gjer med likestillingen i dette landet. om me skulle fått ungar her så hadde me nok strekt det lenge før me måtte deala med barnehageplass. sidan eg og jostein begge jobbar heimefrå ville me kunna dela på det 50/50 og heller jobba fleire timar dei dagane me jobba, men dei færraste kan jo det.

Q: Er det et bevisst valg at du ikke har noen innlegg (i hvertfall ikke som jeg har sett) som er sponset eller reklame på bloggen? Det er fantastisk som leser at bloggen din er helt fri og helt deg, som en av få, men og forståelig at man ønsker å tjene penger på innlegg.
A: hei! det er eit bevisst valg å ikkje ha reklame som eg ikkje styrer sjølv. og sidan eg jobbar fulltid med andre ting så har eg ikkje tid til å styra med annonser, det tek så innmari mykje tid! og sidan eg jobbar fulltid så må eg ikkje tjena pengar på bloggen heller, sjølv om det hadde vore bra såklart. sjølvsagt hadde det vore kjempefint å annonsera for bokhandlarar og fine magasin og ost og juice og museum, liksom. det er ikkje berre dårlige greier ein kan annonsera for lenger, takk og lov. :) men eg har ikkje tiltak eller ork til å ordna med det i desse dagar. det eg håpar mest på no er at podcasten skal bli superpopulær og at me skal få til samarbeid og sponsingar av kule bedrifter!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *