j’s 25th birthday bonanza!

fri.
på fredag hadde jostein bursdag! me hadde ein veldig forelska men low key-dag. etter bursdagane våre i fjor som var som ekstrembursdagar bestemte me oss for å ta det litt ned på jorda igjen. her er dagen:

fri.
eg stod opp først, sneik meg ut av senga og laga fin-frukost. bakte egg med tomatsaus som hadde kokt i timesvis dagen før og rundstykke som ser ut som dei er fra fransk bakeri men er heimebakt! jostein fekk endeleg stå opp (han hadde tvinga seg til å sova meir) også åt me.

fri.
og etter alle små smular av tomatsaus var fjerna fekk han opna den einaste gåva si som var denne sjukt fine skjorta frå mamma og pappa. han er så kjekk i den at eg stuper.

fri.fri.
me gjekk ut og forbi blømande tre. dagen var ein vårdraum!

fri.
eg hadde pynta meg på håret! eg bad jostein om å ta bilder av meg bakfra og dette var ikkje det første motivet han tok bilder av…..

fri.
me gjekk til peckham og fantastiske general store, der jostein fekk lov til å kjøpa alt han ville! det var gåva frå meg til han. me tok óg ein liten stopp med mandelcroissant og flat white.

fri.
då me kom heim såg me på alt me hadde kjøpt! så mykje digg!

fri.
me drakk ein gin&tonic og mildjobba litt, støvsugde, gjorde koseleg for kvelden!

fri.
eg laga panna cotta og karamell til topping! byrjar få teken på det.

fri.
så gjekk me til greenwich på kino! me såg force majeure som var så sjukt bra. me snakka om den langt etter me var komne heim att!

fri.
jostein skjenka prosecco!

fri.
og eg laga middag. me åt ein fancy brennande kjærleik med chorizo og karamellisert lauk og såg ein episode med morse. perfekt josteinbursdag!

*translation:
on jostein’s birthday, i made him a lovely breakfast and handed him a gift from my parents; a shirt that makes him look crazy handsome. we walked to peckham and stopped to smell the blooming trees, and jostein got to buy everything he wanted (his gift from me). we worked a little and went to a cinema (saw force majeure) then we went home, opened a bottle of prosecco and i cooked him dinner which we ate in front of a morse episode. the perfect relaxed birthday. 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *