how to plan a wedding: invitations.

wedding invites.

her er invitasjonane våre!

hurra! endeleg er me ferdige med denne biten av bryllupet: gjestelista og invitasjonane. det har vore så innmari utfordrande og til tider frustrerande, men eg er så fornøgd med korleis dei vart sjåande ut. min fine venn esra røise laga monogrammet vårt som er så perfekt perfekt og ser så bra ut på trykk. eg designa dei sjølv, i indesign, også har me brukt printed til å trykka dei og kjøpt klistermerker hos moo. papiret er tjukt og trykket er matt.

wedding invites.

det vanskeligaste var igrunn å komma fram til ein tone me var komfortable med! me er ikkje så veldig formelle, men eg lot meg riva med i googlingen av invitasjonar og det tok tid å komma tilbake til seg sjølv og finna ut korleis me kunne høyrast ut som oss sjølve i eit slikt format.

me bestemte oss for å ikkje ha svarkort men heller la folk senda oss mailar eller berre sei JA! når me gav dei invitasjonane. dei er ganske små (a7), så det er ikkje plass til så mykje info. eg har laga ei heimeside med info om overnatting og kvar bryllupet er og den slags, og me kjem óg til å bruka den til ønskelister. i desse moderne tider må ein jo ikkje ha papirinvitasjonar, men me er postfolk! det var så fint å skriva namn på og klistra klistermerker og gå på postkontoret.

wedding invites.

 

eg kjem ikkje på så mykje meir å skriva om dei, men svarer gjerne på spørsmål i kommentarfeltet! x

 

 

*translation:
here they are, our wedding invitations! it was really challenging, but it’s finally behind us. i had fun making these, they are simple and pretty and timeless. my friend esra røise made our monogram that is one of the prettiest things i can think of, and i made the invitations in indesign. we printed them through printed and had stickers made at moo. the most difficult thing was figuring out how to sound like ourselves in this supposed-to-be formal format.  they’re really small, so it only holds the most important info. other info, like accomodation and things like that are on a wedding website that i’ve made. 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *