å komma heim / i serien over sånt som er ekte.

saturday.

å fly inn over kveldslondon i går kveld fylte meg med så mykje glede, som om me hadde vore vekkreiste i fleire månader og hadde gløymt korleis det var her. litt etter litt kom det tilbake med sorry, exuse me, thank you, og når heathrow express rulla inn på paddington så hadde eg stand to the right, walk to the left i kroppen. utanfor døra vår stod ein haug av to veker med financial times stabla, ein grøn paprika hadde teke kvelden og fikusen likeså. me såg tre episodar friends medan me pakka ut og åt sjølv om det eigentleg var altfor seint for alt anna enn å sova. berre så himla deilig å sitta i sin eigen sofa, bruka sine eigne knivar også sova i si eiga seng.

i dag har me gjort unna ærende, kvardagen. posta brev, hugsa å kjøpa tannkrem og fylt fruktskåla med utelukkande økologisk frukt. kjøpt blomar og espresso på borough market. sortert valuta i kroner og pund, lufta ut og jobba jernet. så nær eit perfekt menneske ein kan vera berre når ein har fått starta litt på nytt.

det er altså så vanvittig godt å vera heime.

*translation:
i’m so crazy happy to be back in london. everything is spring. 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *