how to plan a wedding: part two.

bryllup

me skal gifta oss i juli, og visse ettermiddagar tek bryllupstankar opp rundt 95% av hjernekapasiteten min. me er på det punktet der dei største tinga (endeleg!) er på plass, me er klare til å senda ut invitasjonar og no står det igjen sånt som tidsplan og alt det estetiske på sjølve dagen. i dette innlegget tenkte eg å snakka litt om korleis me har tenkt om nokre aspekt av det å gifta seg, sidan mange har vore nysjerrig på det, også lagar eg meir estetiske kreativitetsbomber seinare! så! kom gjerne med kommentarar om det er noko spesifikt de vil lesa om eller har lurt på!

 

plassen
i utgangspunktet ville me gifta oss i london, men jo meir research me gjorde jo kjipare føltes det. det føltes som om me minst måtte ha 150.000 klare på konto for å klara å få eit nokonlunde fint bryllup, men sjølv da føltest det som eit pengesluk som me ikkje kom til å nyta spesielt mykje. til slutt såg me ingen fordelar ved det, og som de jo veit så utsatte me bryllupet på ubestemt tid då. i mellomtiden fotograferte eg bryllupet til tina og christine på åmot operagard og forelska meg i både folka og plassen, så jostein og eg bestemte oss for å hoppa i det og gifta oss der, me óg (sjølv om jostein på det punktet aldri eingong hadde vore der!). er så utrulig glad for det, føler meg veldig trygg på å ha lagt dei store delane av dagen i hendene på profesjonelle folk som eg veit at vil komma til å ta så utrulig godt vare på oss og på gjestene våre.

 

sjølve dagen/gjestelista
me bestemte oss for å tenka litt annleis med bryllupet vårt, sidan det fantest så mange aspekt som gjorde oss usikre og nervøse og stressa. så me satte oss ned og prøvde å finna ut kvar problemet låg eller korleis me kunne løysa det, og kom fram til at for oss var det best å dela opp dagen i to, og ta ein halv pose og ein halv sekk. på vielsen og middagen kjem me til å vera berre dei nærmaste (foreldre, besteforeldre, søsken og venner) også blir det bryllupsfest på kvelden med mange fleire gjester. da inviterer me tanter og onklar, søskenbarn og venner av familien. me har berre opplevd positivitet fra alle hold, folk er jo som oftast veldig forståelsesfulle og fine sjølv om dette var noko me var ganske nervøse for. så det blir både tradisjonelt og utradisjonelt, både intimt og stort. og mykje musserande såklart.

 

klede
eg er den heldigaste personen i verda som har ein venn som synne som er designer. ho har teke tusen mål av kroppen min og skal sy kjolen min for meg. det føltes som å sveva gjennom ei blomstereng då ho tilbaud seg å gjera det, og det kjem til å gjera dagen vår så mykje meir spesiell. jostein skal ha smoking og sløyfe, det skal me starta å leita etter allereie denne veka!

 

å gjera ting sjølv
jostein og eg er jo personar som likar å gjera ting sjølv og å sikta høgt! så me har bestemt å gjera nokre ting sjølve til bryllupet. blant anna skal eg laga min eigen bukett og me skal laga kaka sjølv. ting me gjer sjølve er sånt som er sjarmerande om blir litt skeivt og om det går heilt gale blir det fine historiar av det til seinare. og i mellomtiden har me spart masse pengar!

 

utdrikningslag
for ein person som meg, med eit enormt kontrollbehov har utdrikningslag vore eit stressmoment. heldigvis har eg den finaste forloveren (og dei finaste vennene) så eg føler meg nokonlunde trygg på at dei ikkje kjem til å prøva å drita meg ut eller få meg til å gjera noko eg ikkje er komfortabel med. helst vil eg sjå på det som ein gøy dag med masse vin med sine næraste venner. for meg som sjeldan har bursdagsselskap høyrest det SÅ topp ut.

 

tankar eg har hatt om bryllupet i det siste:
– kvar får ein tak i helium?
– skal eg og sara spela inn podcast dagen etter? bryllupspodcast?
– får ein lov til å kjøpa ting berre fordi ein vil ha dei på bilder?
– tenk at eg skal gifta meg.
– bukett. bukett! bukett?
– kor mykje pengar får ein bruka på papir?
– tør me egentlig å laga den kaka sjølv? ja!
– budsjett!

 

*translation:
we are getting married in july, and a lot of afternoons are spent thinking about the wedding. we’re at the point where the big things are finally decided and we’re getting ready to mail the invitations. so here, i thought i’d talk a little about how we’ve thought about some aspects of getting married!

the location
starting out, we wanted to get married in london, but the research made us a little depressed. it felt like we had to spend at least 15000 pounds to have the kind of wedding we wanted, and it was at this point that we decided to rethink and put the whole wedding thing on hold for a bit. in the meantime, i shot tina and christine’s wedding at åmot operagard and i fell in love with the people and the place and we decided to go for it! i’m so happy that we did, because i feel very safe having put a lot of the big things in the hands of professionals who i know will take care of us and our guests.

the wedding day/the guest list
we decided to think different about our wedding, since there were a lot of aspects that made us nervous and stressed. so, we sat down and tried to figure it out. we decided to split the day in two: the ceremony and dinner will be spent with the very closest (parents, grandparents, siblings and friends) and in the evening we’ve invited a whole bunch of people to join us (aunts, uncles, cousins and friends of the family). in our experience, most people are understanding and positive! so, it’s going to be both traditional and untraditional, both small and big. and a lot of sparkling wine of course!

clothing
i’m the luckiest person alive to have a friend like synne who is a designer. she has taken my measurements and is making my dress for me. it felt like running slowly through a field of flowers when she offered. it’s going to make the whole day so much more special. jostein will wear a smoking and a bow tie, and we’re beginning to look for his outfit this week!

doing it ourselves
j and i are people who like to aim high and do things ourselves. so we’ve decided to do some things ourselves. i’ll be making my own bouquet and we’re baking the cake too. things we’ve chosen to do ourselves are things that are charming if they end up a little crooked. meanwhile we’ve saved a lot of money!

bachelorette party
for someone like me with such a need to control things, it’s been a little stressful thinking about my bachelorette party. luckily, i have the best maid of honor and friends so i’m feeling very safe about it these days and i know they won’t do anything embarassing. i like to see it as a fun day with a lot of wine with my closest friends. sounds GREAT to me.

thoughts i’ve had about the wedding lately:
– where can i get helium?
– should sara and i record a podcast the day after?
– can i buy something just because it will be pretty in the pictures?
– i’m getting married.
– bouquet. bouquet! bouquet?
– how much money can i spend on paper?
– can we actually make this cake ourselves? yes!
– budget time!

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Re: Helium

    Tekniske dykkesentre/dykkeklubbar har helium. Kanskje ikkje det mest logiske mtp. kor de skal ha festen, men dei kan kanskje hjelpe dykk med kunnskap om lokale leverandørar kor de kan få tak i gassen. http://www.dykkeprat.no er eit allright forum der du kanskje kan komme i kontakt med nokon som kan hjelpe i så måte. Lukke til!

  • Høres ut som et kjempekoslig bryllup dere planlegger. Håper vi får se bilder fra bryllupet :) Og, ja klart man kan kjøpe ting kun for å ha på bilder! Nille har faktisk helium for en rimelig penge, men den varer kun 1 dag, så man kan ikke belage seg på å fylle opp ballongene dagen før! Har kjøpt heliumstank derifra flere ganger, og synes ingenting gir feststemning som heliumsballonger :) Silje

  • det høres fantastisk ut! jeg blir begeistret på deres vegne over bryllupskaka også, såklart dere kan bake den selv. jeg ser for meg mye øving og kake utover våren/tidlig sommer. kos dere med alt, og lykke til!

  • Jeg håper dere vil tenke over helium en gang til.
    Det er slik at heliumprisen er uforholdsmessig lav og at heliumlagra i verden ikke er rike på helium lengre.

    Derfor hadde noen av partiene under valgkampen i 2013 ballonger fylt med menneskepust og ikke helium.

  • Å, Mariell! Det er så godt å høyra at det ikkje berre er mi hjerna som er stappa med bryllupstankar på ettermiddagen:-) Eg tenker at eg må tenka på noko annart, men det går berre ikkje. Supert at du skriv nokre sånne innlegg. Treng litt inspo:-) Gledar meg iallefall til du skal ta bilder <3

  • Det høres ut som et veldig fint bryllup dere planlegger! Gleder meg til å følge med. Og nå begynte jeg allerede å glede meg til å se kjolen :)

  • Takk for at du gir andre troen på kjærlighet, gode ting i livet og at du gjør gode dager enda bedre med himla fine blogginnlegg.
    Lykke til med videre planlegging og gjennomføring. Bryllupet deres blir nok nydelig.

  • Dette blir så fint. Vi valgte også “delt løysing” og angra ikkje!

    Helium fekk eg til Eidamessa frå ein bensinstasjon i Stryn, så det må dei ha i Sogn eller Sunnfjord òg. Sjekk med AMFI Sogningen kvar dei får tak i til ballongar.

    Og kake går kjempefint. Gler meg til å sjå bilete. Eg laga kaka då broren min gifta seg. Den måtte fraktast i båt, så eg var litt (!!!) nervøs.

  • Det høres lurt ut å “handle lokalt” når det gjelder helium. Det tar mye lenger tid enn man tror og fylle gass i veldig mange ballonger (jeg regner med kvantitet er viktig her! Mange ballonger er så uendelig mye kjekkere enn noen få) så skaff en egen BallongDugnadsGjeng. Dette må skje kvelden før, siden gassen siver ut etter et døgns tid… Lykke til med en fabelaktig dag!

  • Høres ut som dere planlegger et fantastisk bryllup :) Håper dere vil dele noen bilder fra dagen deres etter hvert! Teknikmagasinet.no og Nille selger helium. Vi giftet oss på vinteren, men hadde vi gått for sommerbryllup ville buketten bestått av store rosa peoner, lysegrønn hodenellik og hvit waxblomst.

  • “ting me gjer sjølve er sånt som er sjarmerande om blir litt skeivt og om det går heilt gale blir det fine historiar av det til seinare. og i mellomtiden har me spart masse pengar!” – Sånn gjorde vi det, og det ble helt fantastisk. Vi hadde et uperfekt, mysigt, billig og himla fint bryllup som passet oss utmerket. Ingen ble sure for billige servietter og enkle løsninger (jeg var livredd for misfornøyde gjester etter å ha lest bryllupsforumet på kvinneguiden. Skumle mennesker der inne. Styr unna!). Ønsker dere et fantastisk bryllup med alt dere ønsker, omringet av fine folk. Å feire bryllup er helt supert, gled deg, og nyt, nyt, nyt dagen og dagene som kommer etterpå. Ps: kakerestene dagen etter = himmelen.

  • Åååh, dette kjem til å bli eit fantastisk bryllaup! Eg tippar ekstremt bildeskjønt! Kan melde om at syskenborna gler seg masse til fest og sprudl! <3