Q&A, three.

.2195

her kjem enda meir svar på spørsmåla dykkar! de har spurt om så mykje lurt og vanskelig denne gongen, det har vore veldig gøy! eit par sånne innlegg til blir det nok! om de lurer på noko kan de spørja under her, så svarar eg neste gong.

 

Q: Hvordan er en perfekt venn?
A: finst ikkje! og er ikkje det deilig å tenka på?

 

Q: Hva syns du er den viktigste egenskapen hos en venn?
humor, sjølvinnsikt, ærligheit, openheit og vin.

 

Q: Skal selv gifte meg i slutten av juni og ønsker meg veldig flere innlegg med tips/inspirasjon. Når og hvor gifter dere dere? Holder dere det tradisjonelt? Hvordan ser dere for dere at festen skal bli?
A: me skal gifta oss i juli! det kjem meir bryllupsstoff her, allereie denne veka! me skal gifta oss på åmot operagard, ein av mine favorittplassar i verda. liksom, eg kan vandra i det vakraste palasset på den vakraste vårdagen og likevel lengta mot åmot. SÅ fint at me skal gifta oss der. me har valgt ein ganske utradisjonell bryllupsform, sidan me ikkje heilt følte oss komfortable i den tradisjonelle bryllupsmalen. så, me gjer det sånn: utevigsel og treretters middag med våre aller næraste, altså foreldre, besteforeldre, søsken og venner. også har me invitert storslekt med onklar, tanter, søskenbarn og venner av familien på fest på kvelden. det er det jo ikkje sikkert at alle syns er like kult, men me fant berre ut at me var nødt til å finna fram til bryllupet som skulle passa for oss. på denne måten får me jo litt av alt; å holda vigsla intim og middagen personlig samtidig som me får ein superstor fest! no veit me jo ikkje kor mange som vil komma på festen enda, men me håpar jo at folk syns det er gøy sjølv om dei ikkje får komma på vigsla og middagen = typ vår største frykt, så sjølv om me har valgt rett for oss så veit ein jo aldri korleis andre reagerer. det gjenstår å sjå! festen håpar eg blir eit mylder av vin og latter og dans og kaker og hemlisar og soloppgang og ein veit ikkje kvar ein har lagt skoa sine. :) for meg er det viktigaste at me blir gift og at me har det skikkelig gøy!

 

Q: Jeg så litt gjennom den gamle bloggen din og så at det er mange venner fra Oslo vi ikke ser på bloggen din lengre og bestevenninnen din fra hjemstedet ditt for eksempel. Har du fortsatt kontakt med disse eller har dere bare glidd fra hverandre/mistet kontakten siden dere bor i London, eller er det bare at vi ikke ser de på bloggen din lengre? :)
A: hei! fleire av vennene mine fra oslo har eg framleis kjær, men eg ser dei ikkje så ofte. nokre, som var nokon av dei næraste i tida eg budde der, ser eg ikkje lenger i det heile tatt.

når det kjem til eldre vennskap så syns eg det er fantastisk om ein kan holda fast ved dei og støtta kvarandre og peppa kvarandre og omfavna liva til kvarandre. men ofte veks ein ifrå kvarandre istadenfor ihop, og det har vore viktig for meg å setta meg sjølv først og bevisst flytta meg sjølv unna sånt som har holdt meg tilbake. eg ville heller ta eit valg om å gå vidare og leva fritt no, enn å bruka så himla mykje energi på noko som var dødfødt i utgangspunktet.

las nettopp ein sak om the law of averages og at ein er resultatet av dei fem personane ein tilbringer mest tid med. og på ein eller annan måte forklarte det meg kvifor det ikkje har funka for meg i dei vennskapa som ikkje lenger finst. det made sense for meg, på eit vis. at om ein vil vera kreativ og ærlig og ambisiøs så må ein omgi seg med dei personane óg. no seier eg ikkje at alle ein kjenner må vera akkurat som ein sjølv, men eg trur at spesielt i såre tider i livet så er det lurast å vera rundt folk som løftar ein opp sjølv om dei er nede. i mine viktigaste vennskap no kan me snakka om dei vanskeligaste ting og gå gjennom dritt og ha det kjipt men likevel bli oppløfta av å vera med kvarandre fordi i kjerna er me like nok.

dette var nok eit veldig langt svar på spørsmålet ditt, men.

 

Q: Hello Mariell! Are you still doing your project about making friends etc? :)
A: i guess i am, i haven’t thought about it for a while! maybe time for a new round soon?

 

Q: Hva er den beste egenskapen ved deg sjøl?
A: eg er ganske bulletproof. det meste prellar av meg, definitivt eit resultat av å ha blitt mobba på barneskulen miksa med kommentartroll og andre trøkkar i livet. men det gjer meg ganske uredd for å hoppa inn i nye prosjekt og gjera mange ting samtidig, for eg føler meg sikker på at det går bra uansett.

 

Q: Hei! Skal til London i vinterferien, og lurte da på om du har tips til noen bra utesteder med god drikke, som gjerne er billige og ikke “harry”, osv. Koselige steder. :)
A: hm, dei fleste pubar i soho og covent garden er koselige og ikkje too much. om ein går rundt i soho så finn ein utan tvil ein bra plass. også må du kjøpa guiden min óg!

 

Q: Om du aldri lenger kunne jobbe med en av dine nåværende jobber, hvilken jobb skulle du ønske du hadde nå?
A: hm, da skulle eg ville jobba i ein eller annan organisasjon. likar jo godt å arbeida med folk og mot konkrete mål, anten det er events eller utstillingar og sånt. vanskelig å sei!

 

Q: Hva er din verste uvane?
A: biter negler og er skikkelig rotete.

*translations:
more answers! one in english. :)

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Hvor godt snakker du fransk?
    Mener å huske du sa at du er en Europa-person. Hvor har du vært? Hvor vil du dra, både nye steder og steder du har vært før.

  • Syns det var så bra innlegg med feministmål du hadde på kvinnedagen, og siden jeg skal gifte meg snart selv er jeg ekstra interessert i det du nevnte om å ‘ver feminist sjølv når du giftar deg (<- mitt vanskeligaste mål så langt'. Hade vært interessant å få vite mer om hva du tenker rundt dette!

  • Altså, jeg blir rett og slett sur på deg som får til å legge en så utrolig perfekt eye liner!! Jeg vet at man liksom skal øve og øve og øve, men jeg ender likevel opp med ei smørje som må fikses med q-tips etterpå. Kunne ikke du laget en how to- video med hvordan du gjør? Pretty pleeease? :)